Det seier Rosenborg-trenar Nils Arne Eggen. Det har ikkje gått heilt på skinner for Rosenborg i dei siste kampane, med
i mesterliga-kvalifisering onsdag og heime på Lerkendal søndag.Men Eggen ser ikkje svart på det.
- Per (Skjelbred) heldt lenger enn eg trudde. Og når vi får på plass han Rade (Prica), blir formasjonen ein annan, seier Eggen til NRK.
Han ser svake punkt ved troppen.
- Vi har for få gjennomløparar. Vi har både Morten (Moldskred) og Trond (Olsen). Men Morten kom ikkje innpå i dag, fordi det var to stykke som måtte ut Anthony (Annan) rekna eg også med skulle bytast ut, men han måtte stå kampen ut. Eg håper det ikkje sit for mykje i muskulaturen, seier Eggen.
Mikael Dorsin er samd med sjefen.
- Vi er kanskje slitne, men slike periodar med kampar der ikkje alt stemmer, har vi uansett. Vi kan ikkje skulde på slitasje, seier Dorsin.
- Kor gjerne ser du at Price spelar onsdag?
- Kor gjerne? Det er eg som bestemmer, og han blir sikkert bra, seier Eggen.