Hopp til innhold

- Sensasjonelt om dei slår ut Alkmaar

NRK-ekspert Hallvar Thoresen er ikkje optimist med tanke på Aalesund-avansement mot AZ Alkmaar. Toppfotballsjef Nils Johan Semb trur det kan gå vegen til gruppespel for Rekdals menn.

Thoresen

Hallvar Thoresen trur AZ Alkmaar blir eit solid hakk for store for Aalesund.

Nils Johan Semb

- Aalesund vil bryte ei barriere om dei tek seg vidare til gruppespelet, seier toppfotballsjef Nils Johan Semb.

Foto: Andersen, Aleksander / Scanpix
Ruud Boymans

Ruud Boymans og Alkmaar tok seg greit vidare med 3-1 samanlagt mot FK Jablonec i førre runde.

Foto: Björn Myrman / SCANPIX
Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal er nøgd om laget hans ikkje slepp inn mål når AZ Alkmaar gjestar Aalesund torsdag kveld.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

– No står det siste nålauget igjen. Aalesund er på ingen måte favoritt, men om dei får ein god start heime er det ikkje umogleg å slå seg inn i europaligaen, seier toppfotballsjef Nils Johan Semb.

Kampfakta: Aalesund - AZ Alkmaar

– Alkmaar blir for sterke

AZ Alkmaar vann den nederlandske eliteserien for to år sidan. Same året kvalifiserte dei seg for Meisterligaen for første gong i historia.

Truleg held enno eit godt europeisk nivå. Difor meiner NRKs ekspert Hallvar Thoresen, som har lang erfaring frå nederlansk fotball, at motstandaren er for sterk for cupvinnaren frå 2009.

– Det vil vere ein veldig stor sensasjon om Aalesund etter to kampar viser seg å ha vore bedre enn AZ Alkmaar.

Rekdal: – Det beste laget nokon sinne

Laget har meir å sjå tilbake på i europa-samanheng enn Aalesund. I 2005 kom dei seg heilt til semifinalen i UEFA-cupen.

Etter to kampar i serien denne sesongen ligg laget på 8. plass, med ein siger og eitt tap i protokollen.

– AZ Alkmaar blir det beste laget som nokon sinne har entra heimebanen vår. Det blir ein tøff kamp. Eg er nøgd med 0-0 eller betre, seier Aalesund-trenar Kjetil Rekdal før kampen torsdag kveld.

Eliteserie-laget vil uansett resultat sjå på kvalifiseringsoppgjera som ei nyttig og stor utfordring.

– Vi må demme opp for eit utruleg pasningssikkert lag. I tillegg må vi angripe så mykje vi kan, men vi må vere frykteleg konsentrerte. Eit baklengsmål kan fort bety kroken på døra for oss, seier Rekdal.

– Avansement vil gje signaleffekt

Førre sesong fekk kvart lag som kvalifiserte seg for gruppespel i europaligaen i underkant av fem millionar norske kroner. I tillegg fekk kvart lag ca. ein halv million i kampbonus.

Aalesund-siger over AZ Alkmaar i dei to siste kvalifiseringskampane vil forhåpentlegvis gje håp for andre norske lag, håpar Semb.

– Det vil vere å bryte ei barriere. Mykje fordi ein har hatt Rosenborg som ein stor norsk gjengangar ute i Europa. Ålesund vil gje ein ekstrem signaleffekt til klubbar på same nivå om ein tenker omsetnad og økonomiske musklar, seier toppfotballsjefen.

For kvar siger i europaligaens gruppespel fekk laga i overkant av ein million kroner kroner førre sesong. Eit uavgjortresultat er verd rundt 550 000.

– Norske lag taklar ikkje tempoet

Rosenborg er det andre norske laget som kjempar om ein plass i gruppespelet. I fjor tente klubben i overkant av 11 millionar på turneringa.

Torsdag kveld møter dei kypriotiske AEK Larnaca.

Avansement er heller ikkje sikkert for laget frå Trøndelag. Ein av hovudårsakene til at norske klubbar har ein lei tendens til å ryke ut er at dei ofte blir felt av motstandarens fart, meiner NRK-ekspert Thoresen.

– Dei taklar ikkje tempoet og gjer småfeil som kan vere avgjerande for vidare eksistens, seier Thoresen.

Fotball