Si din mening til Jan Åge Fjørtoft
Noterte meg denne veka at fleire klubb-leiarar utrykte at: -hadde vi berre hatt pengar...
Rosenborg kjem til å vinne seriegull også neste år, tror Jan Åge Fjørtoft.
Men eg er viss på at det ikkje hadde vore nok for å fråriste trønderane gullet.
For fyrst og fremst er RBK milliardærar når det gjeld human–kapital.
Som miljøet i Brakka har bygt opp, stein for stein, gjennom mange år. Jada, no kan dei kjøpe kven dei vil. Men det var ingen rike onklar som kom med brask og bram kom inn i Brakka.
Ikkje ein gong ei rik tante har vore ein del av suksess – oppskrifta i Trondheim.
Åge Hareide seier at målet neste år er å vinne alle kampane. Tør du vedde imot?
No er alt avgjerande
Ein annan trønder, Nils Arne Eggen, sa ein gong at det nytter ikkje berre å telle målsjansane, det er også avgjerande kven som har sjansane.
David Hansen frå Vålerenga til dømes. Heilt åleine med keeper–Knudsen. Ikkje heilt van med å være i denne posisjonen, keeper kaster seg til venstre...David skyter - til venstre.
Og det er desse små situasjonane som vil avgjere kven som vil rykke ned.
Også taktiske val
I det nittiande minutt på Kråmyra står Ålesund–keeper Deinoff med ballen.
Han har lært han skal sette snøgt i gong, kastar ut – Lillestrøm fangar ballen og kjem til nok eit angrep.
I denne situasjonen skal han halde ballen så lenge ein kan og naturlig nok skyte den over bana og ut i Breisundet utanfor Ålesund.
Fire kampar att – marginane blir viktigare og viktigare. Og dommarane kjem enno meir i fokus.
Kvart eit blås kan sende lag ned i 1. divisjon. Sjølv eit innkast kan avgjere kampar og kven som rykker ned.
PS! Eggen tok feil med Tommy Stenersen frå Stabæk.