– Det har betyr mykje for laget når dei må gjera så mange endringar, det er det ingen tvil om, seier NRKs fotballekspert, Karl Petter Løken.
For sidan Belgia køyrde over Ungarn og vann heile 4–0 i åttedelsfinalen, har to av dei mest erfarne forsvarsspelarane blitt tvungne ut av startoppstillinga. Midtstoppar Thomas Vermaelen fekk sitt andre gule kort mot Ungarn, medan Jan Vertonghen pådrog seg ein ankelskade på trening. Vertonghen ville vore den naturlege makkeren til Toby Alderweireld i midtforsvaret (som i Tottenham), men skaden gjer at trenaren må tenke nytt.
– Eg vil ikkje kalle det ei tragedie, for det skjer mykje større tragediar enn dette i verda, men det er ei sportsleg tragedie for han. Han var ein viktig spelar for oss, som var 100 prosent klar, både mentalt og fysisk, sa Belgias trenar, Marc Wilmots, om situasjonen i forsvaret, på pressekonferansen før kampen.
- Les også:
Uerfarne alternativ
Før EM vart det klart at kaptein og førsteval i midtforsvaret, Vincent Kompany, måtte stå over med skade. Dei to siste spelarane på skade-/suspensjonslista byr på utfordringar for Wilmots.
– Det er tøft, men vi har alternativ, seier han.
Men alternativa har langt mindre erfaring enn dei tre som er ute. Samla har Kompany, Vertonghen og Vermaelen over 200 landskampar – dei fire som kjempar om plass på laget har 23. Alderweireld er sjølvskriven i midtforsvaret, medan Thomas Meunier har spelt fast på høgrebacken til no i EM.
Det betyr at ein av desse fire må inn på midtstopparplass og venstrebacken:
- Laurent Ciman
- Jordan Lukaku
- Christian Kabasele
- Jason Denayer
– Thibaut Courtois kjem nok til å få meir å gjere på enn tidlegare i EM og det opnar for Bale, som er eit heilt angrep aleine, seier Løken.
Framleis fordel Belgia
Belgia spelte sin beste kamp i meisterskapen mot Ungarn, og Løken heldt dei framleis som favorittar mot Wales i kveld.
– Spesielt første omgangen mot Ungarn, det er det beste eg har sett prestert til no i EM. Så om dei heldt ballen framme i bana og Hazard er like god som sist, trur eg likevel at Wales skal få det tøft, seier Løken.
Men også kampens store spelar i åttedelsfinalen, Eden Hazard, har slite med ein skade dei siste dagane, men har meldt klar for spel i kveld.