Kristoffersen var berre nummer ni etter første omgang, men ikkje lenger bak enn at han hadde håp om å køyre seg opp til ein pallplass med ein maksimal finaleomgang.
Det gjekk ikkje. Han leia såvidt ved første passering, men deretter tapte han mykje tid. Han var til slutt 2,43 bak vinnaren, og 1,56 unna pallen.
– Han mista for mykje på flatene. Han var ikkje aggressiv nok, og då fekk han ikkje fart nok, sa Kjetil Andre Aamodt i NRK rett etter Kristoffersens omgang.
Marcel Hirscher leia etter første omgang, 0,18 sekund framfor overraskinga Roberto Nani.
Kristoffersen: – Eg er overraska
Henrik Kristoffersen var nummer ni, åtte tideler bak Hirscher.
.– Eg er litt overraska. Eg trudde eg køyrde godt, gav gass på dei rette stadene. Derfor er eg skuffa, sa Kristoffersen til NRK.
– Mange er betre enn meg i dag. Men eg er overraska over at det ikkje gjekk fortare. Eg kan ikkje vere skuffa heller, ettersom eg meiner eg køyrde bra, seier han.
Søndag skal han køyre slalåm.
– Ny konkurranse og nye muligheter. Den bakken passer meg nok betre, seier Kristoffersen.
Leif Kristian Haugen var uheldig og køyrde ut i første omgang. Rasmus Windingstad enda på 31.-plass.
Video: – Forstår ikkje kvifor det ikkje gjekk fortare.
Gull til storfavoritten
Storfavoritten Ted Ligety tok gullet, som er USAs første i årets VM. Han var berre nummer fem etter første omgang, men ingen kunne svare på amerikanarens finaleomgang. Marcel Hircher, leiaren etter første omgang, klarte ikkje å halde unna. Han vart slått med 45 hundredeler. Det heldt til sølv, med franske Alexis Pinturault på bronseplass.
Det er tredje VM-gullet på rad for Ligety, som også vann storslalåmen i OL i fjor.
Video: Sjå Ligetys gull-omgang
Video: Her faller avgjørelsen – Hirscher lykkes ikke