Landsskyttarstemnet har rista av seg
i helga og er klar for innspurten i kampen om dei kongelege titlane.For no skal dei beste skyttarane – dei som skyt i klasse 5 – gjennomføre det innleiande programmet. Berre 15 skyttarar kjem gjennom det utruleg trange nålauget for å få plass på det aller siste og avgjerande finalelaget.
Det er 25 skot som er heilt avgjerande i dag. Ein hårfin niar for mykje, og du rasar nedover lista.
Først skal skyttarane gjennom "15-skoten", det vil seie fem skot liggande på 1,5 minutt, så fem ståande på tre minutt, og til slutt fem kneståande på to minutt.
Så – etter nye prøveskot – skal dei skyte ein samanhengande 10-skotserie på tre minutt. Denne er samansett av tre ståande, tre kneståande og fire liggande skot. "Grunnlaget" er populærnamnet på den serien.
Regjerande konge i siste lag
skal forøvrig skyte sine 25 skot i det aller siste skytelaget, dei som skal innta standplassen klokka 17.30.
Fleire hundre skyttarar kjem til finalen torsdag, men det er dei 15 beste som er creme de la creme. Har du mindre enn 246 poeng etter skytinga onsdag, kjem du neppe til kongelaget, kanskje må du ha 247 også.
Lag også for prinsesser og ungdom
I tillegg til desse 15, blir også dei beste kvinnene skilt ut i sitt eige prinsesselag. Men om ei eller fleire av jentene er kvalifisert for kongelaget, skal dei skyte der. I så fall blir ikkje prinsessa kåra før etter kongelaget. Og det er som regel det som skjer.
Det same med dei yngste skyttarane i klassene 3-5, dei under 20 år. Dei kjempar om troféet Aftenpostens fat, og har også eit eige finalelag. Minus dei som er i kongelaget.
For ordens skuld: Dei som skyt i klasse 5, må konkurrere med skyttarane i klasse 3 og 4, som har fyrt av sine 25 teljande skot tidlegare på stemnet. Ein gong imellom kjem også ein av desse til kongelaget, men det er vanskeleg.
Før skytinge tek til onsdag, er det 4.-klassingen Jørgen Husom frå Folldal som er i teten. Men 245 poeng er etter alt å dømme ikkje godt nok.
Alt dette har vi fått svar på nå siste skyttar har avslutta 10-skoten sin litt etter klokka 18 i ettermiddag.
Vann med 347 poeng i fjor
Finaleomgangen torsdag består av 10 skot liggande. Skytetida er 75 sekund, og då skal våpenet vere sikra når det blir kommandert eld.
Etterkvart har dei beste, dei på dei fremste skivene, blitt så gode at dei svært ofte skyt fullt hus 100 poeng. Hans Kristian Wear enda på totalt 347 poeng då han vart konge på Voss i fjor.
Rekorden har likevel Knut Jørgen Brodahl frå Elverum i 2010 då han skaut utrulege 349 poeng. Eitt skot var ein niar, dei 34 andre var blinkar.
Om ei kvinne går heilt til topps, blir ho dronning. Då blir det ikkje kåra noko konge. Dette har hendt berre ein gong - i Målselv i 2006 gjekk Mette Elisabeth Finnestad heilt til topps.