Wear skaut på skive 1 i kongelaget. Etter sju blinkar drog han ut ein niar på det åttande skotet - berre millimeter frå tiaren. Men dei to siste sat der dei skulle.
- Eg har jobba lenge for dette. Dette var stort, sa ein rørt Wear då han vart intervjua av NRK etterpå. Han hadde vanskar med å få orda ut.
- Eg sleit litt på fjerde skotet, men det vart stang inn. Stort sett klarte eg å halde nervane i sjakk, vere roleg og halde tempoet oppe. Dette er stort, det er moro. Takk til alle rundt meg, sa Hans Kristian Wear. - Dette er eigentleg litt flaut, sa han då augo vart blanke og tårene kom undr NRKs intervju med den nye skyttarkongen.
Wear har vunne det som er å vinne på Landsskyttarstemne, bortsett frå sjølve kongetittelen. Fem gonger før har han vore i kongelaget, på det sjette forsøket lukkast han.
Ti innertiarar
99 poeng var nok for børsemakaren frå Vestfold. Ole Kristian Bryhn og Roger Sørheim Nilsen på skive 2 og 3 låg eit poeng bak etter den innleiande skytinga, og også dei enda på 99 poeng. Dermed måtte det omskyting til om prinsetittelen.
- Eg trudde eg skaut til hundre. Når eg får anvist 99, blir eg litt skuffa, sa Bryhn etter omgangen, før omskytinga.
Der var OL-finalist Bryhn i særklasse. han skaut likegodt 100 poeng - ni av blinkane var innertiarar. Roger Sørheim Nilsen måtte nøye seg med 97 poeng.
Imponerande omskyting av jentene
Jamnt var det også om prinsessetittelen. Eileen Torp og Linda Skjeflo skaut begge fullt hus i omgangen og leia med 344 poeng før kongelaget der to andre jenter var med.
Men både Marianne Stigen og Åse Marit Myrvang skaut 98 og enda på 343 poeng. - Eg skrudde to små knepp opp og to til venstre. Derfor vart samlinga skeiv, sa Myrvang til NRK. Dei to niarane var begge 9,9, det vil seie berre ein liten millimeter utanfor tiaren.
Dermed måtte det omskyting til også mellom Torp og Skjeflo om prinsessetittelen.
Her viste jentene at dei veit kvar blinken står. Torp sette alle skota i blinken, medan Skjeflo plasserte det nest siste skotet hårfint utanfor. Dermed enda ho på 99, og Eileen Torp frå Rakkestad kan smykke seg med prinsessetittelen.
Uheldig prinsessekandidat
Mest uheldige prinsessekandidat var Siri Martinsen. Ho låg på skive 1 i prinsesselaget med 245 poeng, det same som dei to jentene i kongelaget. Men etter to skot kilte ho geværet og fekk ikkje ut fleire skot.
Tom Knudsen frå Sandar og Sandefjord vann Norma-pokalen til beste skyttar over 55 år. Han skaut 341 poeng. Håkon Tveitan frå Siljan vart med sine 345 beste skyttar under 20 år og vann dermed Aftenpostens fat.
Artikkelen blir oppdatert!