– Det er blitt to kontrollar no, men det reknar eg med er tilfeldig, sa han til NRK etter
. Då hadde han nettopp gjennomgått ein ny kontroll.– Kanskje dei er litt mistenksame mot oss sidan
. Men kontrollørane gjer berre jobben sin, og det er heilt greit å bli sjekka, seier Kristoff.I går var det tre frå Katusja som var tekne ut til kontroll. I dag var det to.
Han har ikkje tal på kor mange dopingkontrollar han har vore gjennom dette året, men trur det er mellom 20 og 30.
– Det var nok litt tilfeldig at det skulle bli så mange berre på Katusja, men slik har det blitt, seier Kristoff.
– Har norsk antidoping vore etter deg også?
– Eg vil ikkje seie at dei har vore etter meg. Dei utfører standardkontrollar. Eg har hatt nokre besøk, men det trur eg alle har. Det er hyggeleg det, eg har blitt god ven med han som kjem på besøk, seier Kristoff, som ikkje har vore testa utanom konkurranse under Touren.
– Men dei har nok vore innom hotellet vårt, ja.
Håpar å ta det med ro i fjella
No held rittet fram i fjella. Kristoff er derfor med for å hjelpe Joaquim Rodriguez til best mogeleg samanlagtplassering.
– Det er lenge til min neste sjanse, så eg skal køyre for laget. Eg håpar eg kan ta det litt med ro i fjella.
– Er du redd det kan tappe deg for krefter?
– Eigentleg ikkje. Det er så lenge til eg skal køyre for mine eigne sjansar at det ikkje har så mykje å seie, seier Alexander Kristoff.
Måndag er det kviledag. Men neppe for dopingjegrane.