Derfor blei Sky slått med mindre enn eitt sekund av BMC. To kilometer før mål leia Sky med fem sekund. Men inn mot mål sleit laget med å halde følgje med Fromes kolossale tempo, og lagets femtemann kryssa linja nokre tildeler for seint.
Det var Nicolas Roche som ikkje heldt heilt inn.
– Han vil nok ikkje ha det særleg godt ved middagsbordet i kveld, sa Dag Erik Pedersen i NRKs studio.
– Vi visste vi var gode, og på ein perfekt dag hadde vi teke den gule trøya, sa BMCs Tejay van Garderen. Han er 12 sekund bak Chris Froome, og håpa å bli den første amerikanaren på ni år som skulle sykle i gult.
– Men det er ein stor siger likevel, la han til.
Quintana køyrde sitt eige lag i senk
Men Movistar viste tenner og kjempa godt i teten. Dei tok tredjeplassen, fire sekund bak BMC.
For Nairo Quintana køyrde så sterkt opp stigninga etter passering 20,5 km at ingen andre heldt følgje. Colombianaren måtte vente på toppen.
– Dei hadde nok vunne om ikkje Quintana hadde kørt villmann, seier Pedersen.
Det betyr at Froome leier med 12 sekund på Tejay van Garderen frå BMC. Greg Van Avermaet, også han frå BMC er nummer tre 27 sekund bak. Peter Sagan fall frå andre- til fjerdeplass og er 38 sekund bak Froome.
«Norske» lag langt bak
Dei norske laga hamna eit stykke nede på lista. Katjusja med Alexander Kristoff enda 1.53 bak og Edvald Boasson Hagens MTN-Qhubeka var 1.56 bak. dei vart nummer 19 og 20 av 22 lag.
Men begge dei to nordmennene gjorde manns jobbar for sine lag.
– Det var hardt, sa Boasson til NRK. Han drog reste av laget dei siste meterane og var heilt utsliten etter målgang.