Hopp til innhold

Åtvarar etter norsk publikumssvikt: – Må reagere viss ikkje noko skjer

Det var glissent på tribunen då Stefan Kraft avgjorde hoppkonkurransen. Det internasjonale skiforbundet (FIS) åtvarar no om at noko bør skje på Lillehammer.

Lillehammer

FÅ TILSKODARAR: DJ Ucho og Mikee sørgde for feststemning i Lysgårdsbakken i helga. Men både den polske DJ-duoen og verdseliten i hopp vart møtt av glisne tribunar.

Foto: GEIR OLSEN / NTB /Tadeusz Mieczynski / EXPA

– Vi må jobbe saman med arrangørane og ikkje kjempe mot dei for å auke appellen. Men dersom ikkje noko skjer må vi handle og reagere, seier Sandro Pertile, renndirektøren i Det internasjonale skiforbundet (FIS).

Det var lagt opp til hoppfest i Lysgårdsbakken i helga. Polske Mikee og DJ Ucho var blant artistane som var henta inn for å sørgje for at det vart hæla i taket på Lillehammer.

For polakkane i DJ-duoen Crowd Supporters er nettopp kjende for å dunke til med trykk og setje prikken over i-en på hopprenn Europa rundt. I helga var dei eit av fleire underhaldningsinnslag under verdscuphelga i hopp.

Problemet var berre at det vart få å levere show til på Lillehammer, både for dei og for verdseliten i hopp.

– Det er langt unna kva det burde vere, seier administrerande direktør Per Olav Andersen i Lillehammer Olympiapark om publikumsoppmøtet.

Raw Air 2023 - skihopp verdenscup

SJEF: Per Olav Andersen, administrerande direktør, i Lillehammer Olympiapark.

Foto: Geir Olsen / NTB

Det er ikkje første gong det er glissent oppmøte blant publikum på Lillehammer. Derfor har arrangøren teke grep for å løfte innhaldet under verdscuphelga.

Mellom anna gjaldt det underhaldning, lydanlegg og eit polsk selskap som stod for arenaproduksjon.

Men i den enorme arenaen, som vart fylt av fleire titals tusen menneske under OL på Lillehammer, var det få tilskodarar att då Stefan Kraft jubla etter sigershoppet. Det var også svært kaldt denne helga.

– Det er trist. Vi ynskjer at det skal vere eit kjempeliv med fulle tribunar og god stemning når det er skirenn. Eg synest Lillehammer leverte bra med tanke på forholda, men ein veit at det er ei desember-helg før jul. Då har vi sett tidlegare at det ikkje er like enkelt å få folk i bakken, seier NRKs hoppekspert Anders Bardal.

Stefan Kraft vant hopprennet på Lillehammer søndag.

Stefan Kraft vann storbakkerennet på Lillehammer søndag. Her i det siste svevet til konkurransen. Det var færre tilskodarar mot slutten av konkurransen, som var prega av svært kaldt vêr.

Foto: Skjermbilde fra NRKs sending

Under lupa

Arrangøren har ikkje dei endelege tala klare. På førehand hadde dei selt rett under tusen billettar. Andersen reknar med at det vart totalt 1400–1500 tilskodarar som løyste billett under verdscuphelga.

– Hovudinntrykket vårt er at det er ei god helg. Men vi hadde ønskt fleire skulle få oppleve feststemninga og gode artistar, seier Andersen.

Han påpeikar at TV-bileta «lyg» litt når publikum blir spreidd over eit svært stort område og det i tillegg er publikumstelt på eine sida av bakken.

– Men vi er ærlege på at vi ønskjer oss veldig mykje meir publikum, seier Andersen.

TV-bildene viste at publikumsoppmøtet så noe bedre ut under lørdagens renn i normalbakken.

TV-bileta viste at publikumsoppmøtet såg noko betre ut under rennet i normalbakken laurdag.

Glisne tribunar er noko Det internasjonale skiforbundet (FIS) følgjer med på. For renndirektøren i FIS, Sandro Pertile, fortel at det er sterk konkurranse om å få arrangere verdscuprenn.

Absolutt. Vi er i ein situasjon der nokre arrangørar ikkje kan vere med i rennkalenderen. Så dette er eit tema, seier Pertile til NRK.

Pertile lika TV-bileta på Lillehammer. Men han fortel at også publikumsoppmøte påverkar kven som får behalde renna sine i framtida.

Sandro Pertile

Sandro Pertile, renndirektør i Det internasjonale skiforbundet (FIS)

Foto: Geir Olsen / NTB

Han meiner det er for tidleg å evaluere renna på Lillehammer og at det er noko dei må gjere etter sesongen. Men han la merke til labert oppmøte og at det også har skjedd før.

– Det var ikkje mange tilskodarar. Vi må evaluere kva som skjedde når ein får ein slik situasjon. Det var som sagt veldig kalde temperaturar, seier Pertile, som påpeikar at det er viktig for dei å jobbe saman med arrangøren for å løfte arrangementa.

Men han understrekar at noko bør skje. Det same meiner Bardal.

– For det første må hopp-Noreg komme dit at ein utøvar kan vinne, og i tillegg bør det vere nokre polakkar som kjempar i toppen, for polakkar er med på å skape liv, seier han.

Les også Tok truse-grep etter feilmålingar i hopp: – Nokon hadde veldig store truser

FIS-kontrollør Christian Kathol viser frem den nye trusa.

Trur på betring

På Lillehammer håpar dei arrangementet dei har gjennomført er bra nok til at FIS vil halde fram med å ha den tidlegare OL-byen som fast stoppestad også framover.

– Vi kjenner oss ikkje trua. Så lenge det er dialog med FIS-leiinga om dei tiltaka vi gjer. Det var ein grunn til at vi satsa mykje, men kostnaden per tilskodar vart høg. No har vi gjort oss nokre erfaringar, seier Andersen.

Kven som får verdscuprenn blir avgjort på vårmøtet til Det internasjonale skiforbundet.

Stefan Kraft

Stefan Kraft vann rennet på Lillehammer søndag.

Foto: Geir Olsen / NTB

Andersen meiner det er eit naturleg mål å dra opp mot 10.000 tilskodarar ein av dagane under eit verdscuparrangement innan tre år.

– Vi håpar at folk om eit, to eller tre år forstår at dette er ei mykje større oppleving enn berre hopprenn, seier Andersen og påpeikar at hopprennet i seg sjølv blir svært godt formidla gjennom TV-ruta.

Les også Hevder frivillige tok skoene mens han var på do – ble nektet å hoppe: – Så dumt at det ikke går an

Pawel Wasek

Siste nytt

  • Sør-Korea krever forklaring – ble kalt Nord-Korea

    Sør-Korea ble introdusert som Nord-Korea under OL-åpningen i Paris fredag. Landet ber om garantier fra arrangøren om at feilen ikke vil skje igjen.

    Da båtene med utøverne seilte ned elven Seinen under åpningsseremonien, ble Sør-Korea introdusert som «Democratic People's Republic of Korea» som er det offisielle navnet på Nord-Korea – og det både på fransk og engelsk.

    Samme introduksjon ble gitt da de nordkoreanske utøverne passerte.

    Sør-Korea reagerer på tabben. Landets viseminister for sport og kultur, Jang Mi-ran, har bedt om et møte med IOC-president Thomas Bach, ifølge en uttalelse fra departementet.

    Medlemmer av den sørkoreanske delegasjonen under åpningsseremonien.
    Foto: Reuters
  • Liverpool vant i Slots første kamp

    Arne Slot fikk en god start som ny Liverpool-manager. I fredagens treningskamp mot Real Betis i USA vant engelskmennene 1-0.

    Scoringen kom ti minutter før pause på Acrisure Stadium i Pittsburgh i USA. Dominik Szoboszlai satte ballen i mål etter å ha blitt spilt fra av Mohamed Salah.

    Det ble også den eneste scoringen i kampen, som var den første for nederlandske Arne Slot etter at han i sommer tok over som Liverpool-manager etter Jürgen Klopp. Han fikk blant annet se at laget styrte det meste av spillet i første omgang, og at de var nærmere 2-0 enn spanjolene var utligning.

    Liverpool startet med kjente navn som Endo, Fabio Carvalho, Curtis Jones, Konstantinos Tsimikas og nevnte Salah og Szoboszlai var i startoppstillingen. Med halvtimen igjen av ordinær tid byttet Liverpool hele åtte spillere. Inn kom Liverpools unggutter, men det stoppet ikke laget fra å dominere banespillet. Real Betis skapte få sjanser, men burde kanskje ha utlignet da Rodri kom alene med keeper fra skrå vinkel mot slutten av kampen. Kampen endte 1-0 til Liverpool.

    Store Liverpool-navn som Virgil van Dijk, Cody Gakpo, Diego Jota, Trent Alexander Arnold, Darwin Núñez og Louis Diaz var ikke i troppen til kampen.

    Liverpool skal møte både Arsenal og Manchester United under sin sesongoppkjøring i USA.

    (NTB)

    Arne Slot roper til Liverpool-spillerne i sin første kamp
    Foto: AFP
  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal