Hopp til innhold

Tok truse-grep etter feilmålingar i hopp: – Nokon hadde veldig store truser

Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet (Fis) innrømmer svakheiter i det nye verktøyet som målte hopparane før sesongen. No må tre av ti hopparar gjera endringar midt i sesongen.

FIS-kontrollør Christian Kathol viser frem den nye trusa.

ELASTISK: Den nye trusa er elastisk slik at ho skal sitja stramt på kroppen til hopparane.

Foto: Trygve Heide / NRK

– Det var mellom anna undertøyet. Me fann ut at nokon hadde på seg veldig store truser, forklarer Fis-kontrollør Christian Kathol til NRK.

Han snakkar om målingane Fis gjorde av hopparane før sesongen. Dei vart så upresise at forbundet no har målt alle på nytt.

Christian Kathol

KONTROLLØR: Fis-kontrollør Christian Kathol.

Foto: Trygve Heide / NRK

– Inntrykket mitt var at det ville vera større forskjellar, men for rundt 70 prosent var måla omtrent dei same, seier Kathol.

Med andre ord: Tre av ti hopparar må no gjera endringar på utstyret før neste verdscuphelg i Klingentahl.

Og til den nye målinga måtte Fis gjera intime endringar.

Les også Hevder frivillige tok skoene mens han var på do – ble nektet å hoppe: – Så dumt at det ikke går an

Pawel Wasek

Tok truse-grep

I sommar vart alle hopparane målte i ein 3D-skannar. Denne skanninga skulle gi hoppkontrollørane detaljerte mål for alle utøvarar. Under skanninga står utøvarane i ei truse, og då målingane vart gjorde i sommar stilte utøvarane i eigne truser.

Høgd og kroppssamansetning definerer kor stor hoppdress og kor lange ski hopparane kan bruka. Store hoppdressar og lange ski er ein fordel. Men då Fis gjorde undersøkingane sine var det eitt stort problem:

Dei lange trusene gjorde at skanninga ikkje vart nøyaktig nok. Derfor måtte Fis skaffa nye, like truser og testa alle utøvarar på nytt.

Så er spørsmålet kva slags utslag det vil gi på resultatlistene.

Eg tippar ingen. Viss nokon er i bra form vil ikkje ein centimeter eller to ha noko å seia, meiner Kathol.

Den oppfatninga deler ikkje Noregs hoppsjef, Clas Brede Bråthen. Han håpar den nye målinga kan vera positivt for dei norske hopparane.

Clas Brede Bråthen i Ruka

FORDEL: Clas Brede Bråthen håpar at norske hopparar no får ein fordel når fleire konkurrentar må tilpassa utstyret sitt.

Foto: Terje Haugnes / NRK

– Me veit ikkje korleis konkurrentane våre har fått måla sine. Me veit berre at utøvarane våre har akkurat same mål neste helg som dei hadde denne helga. Eg håpar utslaga blir veldig store, seier Bråthen til NRK.

Alle dei norske utøvarane fekk same mål då testen vart utført på nytt, stadfestar Bråthen og dei norske hopparane. Samtidig er Halvor Egner Granerud kritisk til at Fis ikkje gjorde det likt for alle då dei første målingane vart gjorde i sommar.

– Eg tenkjer det er fint at måla blir justerte. Målinga me hadde i Ruka var heilt identisk for alle nasjonar. Det burde vore gjort slik frå start, meiner Granerud.

– Timinga var ikkje den beste

Det tyske laget har fått ein kanonstart på sesongen. Førebels har Tyskland fire hopparar blant dei sju beste i verdscupsamandraget. Karl Geiger, som hamna rett utanfor pallen i Lillehammer, vil ikkje seia noko om dei nye målingane hans.

Karl Geiger holder opp skiene etter et hopp på Lillehammer.

KRITISK: Karl Geiger er fornøgd med sesongstarten, men kritisk til at utøvarar no må gjera endringar på hoppdressen.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Timinga var ikkje den beste. Når ein byrjar sesongen og har trena med dette utstyret opp mot sesongstart, då er det ikkje det beste tidspunktet, seier Geiger.

– Har du nye mål?

– Kvifor spør du?

– Eg spurde dei norske utøvarane òg.

– Eg har ikkje ein kommentar til det.

På spørsmål om det er bra eller dårleg for Noreg med nye mål, svarer Clas Brede Bråthen:

– Eg trur det beste ein kunne oppnå i Ruka ved den nye kroppsmålinga var å få dei same måla som ein hadde før. Eg trur det er så å seie umogleg å få betre mål. Sånn sett har me fått det best tenkjelege utfallet der. Det blir berre spekulasjonar då, for me veit ingenting om dei andre.

– Kathol (Fis-kontrolløren) meinte det varierte mellom ein til to centimeter, men at det ikkje ville ha så mykje å seia. Kva tenkjer du om det?

– Eg tenkjer at då skjønner eg ikkje kvifor me hadde mobilisert heile hoppverda på å gjera ommåling i Kuusamo viss det ikkje har noko å seia, seier Bråthen.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal