– Det er vanskeleg å gjøre det betre enn dette, seier ein begeistra trenar Roar Hjelmeset.
Marit Bjørgen sikra det sjuande norske gullet i Lahti-VM med nok ein maktdemonstrasjon på 30-kilometer med skibytte.
På kvinnesida har Norge tatt seks av seks moglege gull for første gang i historia.
– Det har gått over all forventning. Eg er glad det er ferdig no. Det har vore så nervepirrande heile vegen, seier Bjørgen.
Fall og slag mot svensk trenar
Men det siste gullet kom ikkje utan ein serie med dramatikk.
Astrid Uhrenholdt Jacobsen, som lenge var med i kampen om den gjevaste medaljen, falt på 30-kilometeren, og måtte jobbe hardt for å komme seg opp igjen i feltet.
Marit Bjørgen måtte ha ny stav på veg inn mot stadion før den siste runden. I stor fart fekk ho grep om ein ny stav frå trenar Hjelmeset.
På veg ut av stadion måtte Hjelmeset også slå til ein svensk trenar.
– Eg slo vel ikkje veldig hardt. Svensken sprang i vegen for Astrid Uhrenholdt Jacobsen synst eg. Astrid ropte til svensken at han måtte flytte seg, men han høyrte ingenting. Eg måtte gje han beskjed med staven, så han flytta seg, seier Hjelmeset.
Sabotasje-skuldingar mot Norge
Då det verkeleg drog seg til mista svenske Charlotte Kalla staven. I svenske Expressen blei Norge skulda for å brekke svenskens stav.
Kalla ville ikkje skulde på Norge etter stav-trøbbelet.
– Trinsa datt bare av. Det er vanskeleg å seie korleis det hadde gått dersom det ikkje hadde skjedd, men eg var veldig klar for å kjempe i dag, seier Kalla.
I tillegg til stavdramatikken var det tett konkurranse i feltet.
Då det gjenstod fem kilometer var heile ti kvinner med i kampen om gullet, til kommentatorane si store overrasking.
– Dei har gått over 25 kilometer og alle desse er med! Det har ikkje skjedd tidlegare denne sesongen, sa Jann Post då det nærma seg slutten.
Fire av dei ti i feltet var norske, med Bjørgen i front.
Mot slutten sette VM-dronninga opp farten, og rista av seg alle utanom Heidi Weng og Astrid Uhrenholdt Jacobsen.
På stadion distanserte Bjørgen også Weng og Uhrenholdt Jacobsen, og tok sitt fjerde gull i VM.
Ragnhild Haga tok fjerdeplassen.