– Det er mange «fake news» og «alternative fakta» om FIFA i omløp. Nedrakking av FIFA har blitt nasjonal idrett i mange nasjonar, sa Infantino i talen sin til FIFA-kongressen i Bahrain i dag.
– Dessverre er ikkje sanning alltid sanning, men det folk trur er sant, sa Infantino.
– Ikkje rettferdig
Han meiner sjølv at organisasjonen har endra seg sterkt sidan han tok over som president i februar i fjor. Det skjedde på ein ekstraordinær kongress i kjølvatnet av korrupsjonsskandalen som felte både mangeårige FIFA-president Sepp Blatter og UEFA-president Michel Platini.
– Kritikken mot FIFA sidan vi overtok, har ikkje vore rettferdig. Vi har blitt opnare, har meir kontroll og betre etiske prosedyrer.
Han slo deretter fast at med dei reformene som no er innført vil det aldri meir kunne bli korrupsjon i FIFA.
Han gav klar beskjed til dei som ikkje vil følgje FIFAs reglar i framtida.
– Forlat FIFA. Og gjer det no!
– Etterforskar hundrevis av saker
Det står i sterk kontrast til reaksjonane etter at FIFA ikkje gjenvalde dei to som stod bak granskinga som mellom anna førte til at Blatter og Platini måtte gå av.
– Vi har hundrevis av store og små saker som vi etterforskar, sa Cornel Borbely i går, etter at han hadde fått vite at styret ville skifte dei ut.
Sveitsiske Bobely saman med tyske Hans-Joachim Eckert har leia arbeidet med FIFAs interne etterforsking. Dei blir bytta ut med grekaren Vassilios Skouris, som har bakgrunn frå EU-domstolen, og colombianske Maria Claudia Rojas, som har vore høgsterettsdommar i heimlandet.
– Storm i eit vassglas
– Dette betyr at år med erfaring i å få vanskelege saker – som mellom anna har gitt utestenging av sentrale personar – inn for CAS (den internasjonale idrettsdomstolen), kjem til å gå tapt, meiner dei to avsette etterforskarane.
– Langt over 90 prosent røysta for dei nye. Dette er ingen tragedie, det er storm i eit vassglas, sa Infantino. på pressekonferansen etter kongressen.