Hopp til innhold

Kjempar skulder ved skulder med "den store satan"

Dei er dei bitraste motstandarane på den storpolitiske arenaen, men i idretten slår dei saman kreftene sine, USA og Iran.

Rich Bender og Hojatollah Khatib

Her gjer erkefiendar felles sak: USAs Rich Bender (t.v.) og Irans Hojatollah Khatib kjempar side om side for å behalde bryting på OL-programmet

Foto: ATTA KENARE / Afp

Det er forslaget til den olympiske komiteen (IOC) om å fjerne bryting frå OL-programmet som har fått dei to fiendane til å stille seg skulder ved skulder for å berge den tradisjonsrike idretten.

Det er eit oppsiktsvekkjande samarbeid mellom to av dei største fiendane i den internasjonale politikken. USA fryktar at Irans atomforsking er kamuflasje for utvikling av atomvåpen, og Iran lar sjeldan ein sjanse gå frå seg for å omtale USA som "den store satan".

Dette har også ført til vestlege sanksjonar mot Iran. Mange andre storpolitiske spørsmål har også vore – og er – med på å byggje ein mur mellom dei to landa.

– Viktigare enn politikk

Dei to landa har ikkje hatt diplomatisk samband med kvarandre sidan 1980. Då storma iranske studentar USAs ambassade i Teheran og tok 52 tilsette som gislar. Først etter 444 dagar fekk gislane sleppe fri.

Men no gjer dei felles sak. For dette er "viktigare enn politikk". Iallfall ifølgje leiaren i USAs bryteforbund, Rich Bender.

Eit utval i IOC har foreslått å stryke bryting frå OL-programmet i 2020. Det betyr at brytesporten må konkurrere med mange andre idrettar om å få plass. Avgjerda fell i september.

Samarbeider med "de store satan"

Iran er ei stormakt i brytesporten. Det er også USA, og Iran tek derfor meir enn villig imot hjelpa frå landet dei i andre samanhengar omtalar som "den store satan". I desse dagar er Rick Bender i Teheran i samband med eit verdscupstemne i fribryting. Han er der også for å diskutere framstøytar for at brytinga skal ha sin verdfulle plass på OL-programmet.

– Vi treng støtte frå Iran og Russland for å behalde bryting på OL-programmet, og det er ein kamp som hevar seg over politikken, seier Bender ifølgje Irans telegrambyrå ISNA.

Irans brytepresident Hojatollah Khatib håpar at denne "uventa alliansen" mellom bryte-tungvektarane kan endre IOCs syn.

– Vi snakkar med eit felles språk

Iran-USA i bryting

Kamp på matta: USAs Tervel Ivalyov Dlagnev (t.v.) mot Irans Komeil Ghasemi i kamp om bronsen i 120-kilos-klassen i London-OL i fjor. Dette vil begge nasjonane sjå meir av i framtidige OL

Foto: MARWAN NAAMANI / Afp

Hedgeus Csaba, presidenten i det internasjonale bryteforbundet, er glad for det amerikansk-iranske initiativet.

– Eg er glad for at Khatib og Bender har eit så vennskapeleg og godt møte om dette. Det betyr at vi snakkar eit felles språk i denne kampen, nemleg bryting, seier Csaba.

Bryting er ein av dei aller mest tradisjonsrike idrettane. Den var med i dei antikke olympiske leikane frå år 708 før Kristus, og også i dei moderne leikane har dei hatt fast plass. Berre i 1900 gjekk eit OL av stabelen utan bryting på programmet.

I Iran har brytesporten tradisjonar som strekkjer seg heilt tilbake til det gamle Persia. Persiske kongar kjempa seg imellom og mot motstandarane i episke kampar.

Tungvektskamp i september?

Og i dag kan dei største brytekampane samle titusenvis av tilskodarar, og millionvis følgjer kampane på tv.

Men OLs eksekutivkomité går no inn for å kutte ut denne tradisjonelle idretten. Irans og USAs strategi går derfor i første omgang inn på å påverke IOC-styret til å avvise dette på deira møte i mai. Går ikkje det, vil dei jobbe vidare fram mot den endelege avgjerda i september.

Det kan gå mot ein skikkeleg tungvektskamp på IOC-kongressen i september.

PS: I Iran har framleis ikkje kvinner lov å delta i bryting.

Siste nytt

  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal