Hopp til innhold

Stormeister sparka som kommentator etter sexistiske utsegner

Sjakkverda rullar vidare med meir drama. Nyleg blei stormeister Ilja Smirin fjerna som kommentator etter upassande kommentarar under ei Grand Prix-turnering.

Skjermbilete @Gulruhbegim 28.09.2022

FRITALANDE: Kommentarane til stormeister Ilja Smirin under kampen mellom Jekaterina Lagno og Zhu Liner skapte store reaksjonar. Han er avbileta i det øvste biletet, til høgre for Fiona Steil-Antoni.

Foto: Skjermbilete @Gulruhbegim 28.09.2022

Det var under kampen mellom Jekaterina Lagno og Zhu Liner tysdag, då Smirin delte fornærmande og upassande utsegn mot kvinnelege sjakkspelarar.

Kommenteringa gjekk viralt i eit videoklipp publisert på Twitter, og no er sjakkmiljøet skaka.

– Kva i helsike? Det er brutalt. Det må vere skikkeleg ukomfortabelt for Fiona å handtere det der. Det er rimeleg grovt, seier Hikaru Nakamura i ein YouTube-video der han tek opp situasjonen.

Hikaru Nakamura etter Norway Chess i Stavanger 2018.

OVERRASKA: Hikaru Nakamura.

Foto: Carina Johansen / NTB

Nedlatande mot spelarar

I videoen publisert av stormeister Gulrukhbegim Tokhirjonova, som representerer USA, starta det heile med at kommentator Fiona Steil-Antoni spør om Zhu Liner har sjanse for å få tittelen stormeister i løpet av turneringa.

I samtalen stiller Smirin mellom anna spørsmål om kvifor kvinner kan spele med menn, medan menn ikkje kan spele i ein kvinneturnering.

Det endar med at Steil-Antoni seier dette:

– Seier du at sjakk ikkje er for kvinner?

– Eg sa ikkje det openlyst. Beklagar, det meinte eg privat.

Dette var berre nokre av utsegna stormeisteren sa i videoen.

NRK har ikkje lukkast i å kome i kontakt med Smirin.

Skjermbilete @Gulruhbegim 28.09.2022
Foto: Skjermbilete @Gulruhbegim 28.09.2022

Avslutta samarbeidet

Kort tid etter at videoklippet byrja å sirkulere på sosiale medium, skreiv direktør i Det internasjonale sjakkforbundet (FIDE), Emil Sutovsky, at han hadde snakka med Smirin, som la seg flat og ville beklage offentleg på lufta.

Det skjer ikkje. Onsdag kom FIDE med ei pressemelding der dei opplyste at Smirin er ferdig som kommentator etter utsegna sine under turneringa.

– Sjølv om vi har mykje respekt for stormeister Ilja Smirin som sjakkspelar, viste han synspunkt på lufta som var fullstendig uakseptable, støytande, og som ikkje representerer verdiane FIDE står for, står det mellom anna.

Vidare skreiv forbundet at dei strevar etter å endre oppfatninga av sjakk som «ein manns verd».

– Miljøet vårt skal vere ein stad der kvinner skal føle seg trygge og respekterte, står det.

Kommentator Fiona Steil-Antoni har sjølv kommentert hendinga på Twitter.

– Eg skulle ønske eg aldri måtte høyre, eller svare på, mange av desse kommentarane, men eg håpar at dette vil vise veg for ei kringkasting-verd fri for sexistiske kommentarar, skriv ho.

Les også Carlsen snakker ut om sjakkbråket: – Tror at Niemann har jukset mer

Magnus Carlsen

– Ingen sensasjon

NRKs sjakk-ekspert Torstein Bae er glad for at det internasjonale sjakkforbundet har tatt grep.

– Eg er veldig glad for at det blei teke så kontant tak i. Det er positivt, og det var ein ryddig og god handtering, seier Bae til NRK.

VM sjakk studio NRK

RYSTA: Torstein Bae

Foto: Erik Johansen / NTB

Likevel tykkjer han det er urovekkande at ein mann med slike type haldningar mot kvinneleg sjakk vart kommentator i utgangspunktet.

– Det er under ein kvar kritikk. Han seier eigentleg at sjakk ikkje er eit spel for kvinner. Korleis dei klarte å velje ein slik type er heilt utruleg, seier han.

Han er ikkje overraska over haldninga.

– Dette er diverre ikkje noko sensasjon at nokon kjem med slike utsegn mot kvinner. Eg saknar eit oppgjer mot dette internasjonalt, men vi får tru at dette er startskotet for det, seier han.

Sjakkmiljøet reagerer

Stormeister Hikaru Nakamura, tok seg fleire gonger til hovudet i sin YouTube-video publisert om temaet.

– Dette er frykteleg og uakseptabelt. Ikkje misforstå, eg har spelt mot Smirin og har mykje respekt for han, men desse kommentarane er uakseptable. Det er grufullt og forferdeleg. Korleis kan nokon lire av seg slike kommentarar og meine at det er greitt? Det kan eg verkeleg ikkje skjønne, seier han.

Han meister at ein heller bør ha to kvinnelege kommentatorar.

– Eg ser ingen grunn for å ikkje ha det, seier han.

Susan Polgar, olympisk meister og verdsmeister i sjakk, takkar Fide for måten dei handterte situasjonen. Ho tykte kommenteringa var langt over grensa.

– Det er sjokkerande uakseptabelt, skriv ho mellom anna på Twitter.

POLGAR

STOR PROFIL: Susan Polgar.

Foto: J. PAT CARTER / AP

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal