– Det med å ikkje få sjå familie eller vener, og man veit jo ikkje når man får sjå dei igjen, det er kanskje det som er det tyngste. Det kjenner eg på, seier Chelsea-proff Maren Mjelde.
I morgon skulle Norge tatt i mot Kviterussland på Ullevål stadion. Med siger ville laget vore klart for EM i 2022. Men kampen vart avlyst på grunn av den usikre smittesituasjonen i troppen til Kviterussland.
Det får ikkje berre sportslege konsekvensar.
For mange av profilane som spelar i utlandet var kampen også ein mogelegheit til å sjå igjen vener og familie på tribunen etter fleire månadar i utlandet.
– Eg har ikkje sett familien sidan juli. Eg hadde jo fått møtt mamma og pappa på kampen, så det er jo sjølvsagt kjedeleg. Men sånn som situasjonen er no, så lenge dei og alle held seg friske, så er det viktigast, seier Everton-proff Ingrid Moe Wold.
Kjærasten rakk akkurat å besøke ho før England igjen vart eit raudt land. Sidan den gong har det berre vore kontakt på telefon og via video.
– Det er det lengste eg har gått utan å sjå mamma og pappa, seier forsvarsspelaren.
Også Maren Mjelde hadde gleda seg til å ha familien på tribunen under kampen i morgon.
– Nå skjedde ikkje det, så får berre håpe vi får kome oss heim til jul.
Får hjelp av psykolog
Mjelde seier at ho og lagvenninna Maria Thorisdottir begge har nytta seg av Olympiatoppen sin psykolog i London for å takle den spesielle situasjonen med korona i samfunnet.
– Vi har eit bra team rundt oss. Både her og i klubben. Sjølvsagt hjelp det å snakke om det. Det er ikkje så lett. Det er vanskeleg for mange, samtidig har vi det veldig bra. Vi er friske og får gjere det vi ønskjer å gjere, seier 30-åringen til NRK.
Forstår at det er slitsamt
Dette er også noko som landslagssjef Martin Sjögren har snakka med spelarane om på landslagssamlinga denne veka.
– Spelarane er meir i dette enn vi. Skjønnar jo at dei som har det i kvardagen, og sånn situasjonen har vore spesielt i England, at det krevjande. Mange av spelarane hadde sett fram til å ha familien med på kamp
Han understrekar samtidig at dei har full forståing for det som skjer i samfunnet og at dei tek sin del av ansvaret.
– Men eg skjønnar at det byrjar å bli slitsamt, spesielt for spelarane.
Neste veke ventar Wales på Cardiff City Stadium for den norske kvinnelandslaget. Trass i at landet no stenger ned, er det sagt at den kampen vil gå som planlagt.
– Vi forventar at det blir kamp. Skulle det kome ein annan beskjed, så får vi akseptere det.