Hopp til innhold

EU-parlamentet oppfordrar land til å presse Fifa: – Ein maktkamp ingen er tent med

Europaparlamentet fordømmer Qatar og Fifa i nytt vedtak, og oppfordrar sterke fotballnasjonar om å leggje press på Fifa. Det gjer ekspertar nervøse.

Infantino og OneLove

KRASS KRITIKK: Fifa tok imot hard kritikk i resolusjonen til EU-parlamentet som blei publisert torsdag.

Foto: JOHN SIBLEY / KAI PFAFFENBACH / REUTERS

Europaparlamentet kom torsdag med eit skriftleg vedtak rundt menneskerettssituasjonen i Qatar. I vedtaket blei det retta tunge skyts mot Det internasjonale fotballforbundet (Fifa), og sjølve tildelinga av VM til Qatar.

Vedtaket er detaljert, og det får Hans Erik Næss, førsteamanuensis i idrettsleiing på Høgskulen Kristiania og forskar på FIFA og IOC, til å løfte augebryna.

– Europaparlamentet har sagt det før, men dei har aldri peika ut Fifa så sterkt. Og dei er veldig detaljerte, seier Næss til NRK og held fram:

– Dei to tinga i kombinasjon er eit veldig sterkt signal. Det er ein ganske kraftig kost frå Europaparlamentet, og dei kjem til å følgje med på Fifa med argusauge framover.

Hans Erik Næss

OVERRASKA: Førsteamenuesis og forskar Hans Erik Næss.

Foto: Haakon Dueland / Høyskolen Kristiania

Parlamentarikarane vil at familiar til migrantarbeidarar som har mista livet eller er blitt skadd i førebuinga til meisterskapet, må bli kompensert økonomisk.

Dei meiner også at Fifa har skada «ryktet og integriteten til internasjonal fotball», og ber om at EU-land, som har innflytelse i gode, nasjonale ligaer som Frankrike, Tyskland, Italia og Spania, må utøve press mot Fifa og Det europeiske fotballforbundet for å få reformert Fifa.

Det åtvarar ekspertane mot.

Fryktar maktkamp

Parlamentet meiner at tildelinga av VM til Qatar blei gjort på bakgrunn av truverdige utsegn om korrupsjon og bestikking, og blei skildra som utstrekt, systematisk og djupt forankra.

Parlamentet meiner at landa bør leggje press på Fifa, for å beskytte idrettsutøvarar og fans, og for å få slutt på sportsvasking.

– Internasjonale sportsarrangement bør ikkje tildelast land der grunnleggande menneskerettar krenkast, og der systematisk kjønnsbasert vald er utbreitt, står det i vedtaket.

Næss ser ikkje for seg at land vil gå saman med Uefa for å stå opp mot Fifa.

– Eg trur ikkje det. Det vil setje i gang ein maktkamp i internasjonal fotball som ingen er tent med, seier Næss.

Han håpar at fraksjonar i Fifa og Uefa går saman før den tid, og blir einige utan at det blir ein open strid om kven som skal styre internasjonal fotball framover.

– Men det kjem an på korleis resolusjonen og andre tiltak, som sikkert vil kome utover VM, vil bli tolka av Fifa og deira medlemsland, seier han.

Professor i statsvitskap ved NTNU, Jo Jakobsen, meiner vedtaket i verste fall kan skape full splid.

– Det er jo klart ein vestleg aksjon, som er igangsett av vestlege land. Fifa er ein global organisasjon beståande av 211 land. Europa har berre ein fjerdedel av makta, så det er avgrensa kva Europa kan gjere. I verste fall vil det berre skape full splid mellom Fifa, Uefa og EU, seier Jakobsen til NRK.

Jo Jakobsen

SKEPTISK: Professor Jo Jakobsen.

Foto: NTNU

Usikker på endring

EU-medlem Niels Fuglesang deltok på debatten i Parlamentet den 21. november, før vedtaket blei lagt fram.

Han gjekk opp på talarstolen og bad Fifa-president Gianni Infantino om å gå av.

– Eg kjenner meg flau, trist og skamfull på grunn av at den mørkaste dagen i sport finn stad akkurat no. VM i Qatar. Eg er sikker på at om vi vil at ting skal endre seg, så må vi ha ein fundamental reform av Fifa. Infantino, gjer oss alle ein teneste og gå av, sa Fuglesang då.

Football, FIFA World Cup Qualifier, Norway - San Marino

I SØKJELYSET: Fifa-president Gianni Infantino.

Foto: FREDRIK VARFJELL / BILDBYRÅN NORWAY

Det er Næss usikker på om vil skje.

– Min oppfatning er at Fifa er delt internt. Nokre krefter støttar Infantino, medan andre krefter vil ha ein skikkeleg endring. Spørsmålet er kven som får med seg Fifa på vegen vidare, seier Næss.

Han påpeiker at Fifa har 211 medlemsland, og mange av dei er utanfor Europa.

– Eg trur ikkje det vil endre så veldig mykje at Europaparlamentet seier det dei seier. Det som gjeld er kva andre land i verda meiner, seier Næss.

Les også Klaveness avslører: NFF forsøkte å finne motkandidat til Infantino

5 Norges fotballpresident Lise Klaveness i studio.

Oppmodar fleire til å ta grep

Vedtaket kjem etter at Fifa forbaud bruken av «OneLove»-armbind under meisterskapen, få dagar før meisterskapen sparka i gang. I utgangspunktet hadde laga vorte gitt lov til å bruke armbindet for å vise si støtte for menneskerettar og retten til å elske kven ein vil.

Det forbodet fall ikkje i god jord hos Tyskland.

Onsdag markerte Tyskland mot forbodet, ved at alle i startellevaren heldt seg for munnen før kampstart, i tillegg til at Det tyske fotballforbundet varsla rettslege steg mot Fifa.

– Det var ein beskjed frå laget, frå oss alle, om at Fifa gir oss munnkorg, sa Tysklands landslagssjef Hansi Flick om markeringa.

Tyskland

MARKERING: Tysklands spelarar haldt seg for munnen før avspark mot Japan.

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP

Etter Tysklands markering, oppmoda Frankrikes sportsminister det franske fotballandslaget om å gå saman om ei symbolsk markering til støtte for menneskerettar under Qatar-VM.

– Er det framleis ein måte det franske laget vårt kan halde fram med å uttrykkje forpliktinga si til menneskerettane? Svaret er ja, sa Amélie Oudéa-Castéra, ifølgje NTB.

Danmarks assistenttrenar, Morten Wieghorst, meiner det hadde vore sterkt om fleire lag følgde opp markeringa til Tyskland.

– Personleg tykkjer eg at det var ein god markering. Det ville vore enda sterkare om nokon hadde følgd opp, sa han på torsdagens pressetreff, ifølgje Ritzau.

Les også Klaveness avslører: NFF forsøkte å finne motkandidat til Infantino

5 Norges fotballpresident Lise Klaveness i studio.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal