Erling Braut Haaland starta for Manchester City i storkampen mot Liverpool lørdag, etter å ha vore ute med ein liten leggskade han pådro seg i kampen mot Færøyene for Norge.
Jærbuaren satte ballen i nettet i det 27. minuttet. Spissen mottok ballen frå Nathan Aké, før han plasserte ballen i det lengste hjørnet bak Liverpool-målvakt Alisson.
– Det var kjempebra og assisten frå Aké var perfekt. Vi veit kvaliteten som Erling har, seier Manchester City sin manager Pep Guardiola til BBC.
– Det der er korleis verdsklasse ser ut. Alisson fekk ei hand på den, men den gikk forbi han, seier Sky Sports-ekspert og Manchester United-legende Gary Neville.
TILSKUERE: Erling Braut Haaland sørger for at Virgil van Dijk blir stående som tilskuer når han tar Premier League-rekorden.
Foto: ReutersSAMARBEID: Etter målet gikk turen rett bort til tilskuerne. I forgrunnen Liverpool-keeper Allison.
Foto: ReutersPUBLIKUMSFAVORITT: Haaland er fortsatt øverst på Premier League-tronen.
Foto: AFPSAMHOLD: Etter hvert kom også lagkameratene til.
Foto: AP– Berre å gi seg ende over
Det var 23-åringen sitt mål nummer 50 i den engelske toppdivisjonen, på sin kamp nummer 48 for i Premier League. Dermed blir han den raskaste til å ha oppnådd det talet i ligaen.
– Det er dei tala vi har blitt vande til. Han scorar jo eitt mål i snitt uansett kvar han er. Det er berre å gi seg ende over, og så trur eg ikkje han er heilt ferdig, seier landslagssjef Ståle Solbakken i studio til Viaplay.
– 48 kampar i verdas tøffaste liga. 50 mål. Mange av verdas aller største spissar har forsøkt. Ingen har klart å score 50 mål så raskt som ein spiss fra Noreg. Uvirkeleg, skriv fotballekspert Lars Tjærnås på X.
Den gamle rekorden tilhøyrde Andy Cole, som scora 50 mål på 65 Premier League-kamper.
Protest mot ligaen
Undervegs den andre omgangen flaug det eit banner over Etihad stadion. På banneret, som åpenbart var frå Everton-supporterar, stod det at «Premier League er korrupt».
Everton blei forrige veke trukne ti poeng for eitt økonomisk regelbrot.
Manchester City er på si side er tiltalt for 115 regelbrot, utan at dei har blitt straffa enda.
PREMIER LEAGUE-PROTEST: Dette banneret flaug over Etihad stadion i andre omgang i storkampen mellom Manchester City og Liverpool.
Foto: DARREN STAPLES / AFPAmpert på sidelinja
Scoringen til Haaland var den einaste i storkampen fram til det var att ti minutter. Då drog Liverpool-back Trent Alexander-Arnold seg inn i City-feltet og banka inn utligninga.
På overtid fekk Haaland ein siste sjanse til å sikre sigeren, men forsøket gjekk utanfor. Dermed endte det 1-1 mellom gigantane, og Manchester City forblir eit poeng framføre Liverpool på toppen av tabellen.
Dette blei årets første poengtap på heimebane i år for dei lyseblå. Manchester City stod med 23 sigrar på 23 kampar på Etihad i alle konkurransar før dagens kamp.
Rett etter kampslutt blei det ampert på sidelinja då Liverpool-spiss Darwin Núñez slang med leppa mot Manchester City sin manager Pep Guardiola. Sistnemnde tente til og Liverpool-manager Jürgen Klopp drog angrepsseplaren sin bort frå situasjonen.
– Det var ikkje noko spesielt, berre kjensler frå kampen. Det gjekk fint. Han eine er frå Spania og han andre frå Sør-Amerika. Det er slik som skjer i kampens hete. Eg er glad i begge to, og derfor var eg nok den rette personen til å gå mellom dei, seier Klopp til Viaplay.
AMPER STEMNING: Jürgen Klopp snakkar til Liverpool-spiss Darwin Núñez etter det oppstod amper stemning på sidelinja like etter kampen.
Foto: CARL RECINE / ReutersBest i Europa
For Haaland sin del, var det ikkje berre rekorden som raskaste til 50 Premier League-mål som blei tatt laurdag. Det er også ny rekord i samtlege av topp fem-ligaene i Europa.
Der hadde Haaland sjølv den forrige rekorden, med 50 mål på sine 50 første Bundesliga-kampar for Borussia Dortmund. Cristiano Ronaldo er den som kjem nærast Haaland, med 50 mål på sine første 51 La Liga-kampar som Real Madrid-spelar.
Men det er ikkje berre desse rekordane nordmannen har utmerka seg med. Her er eit utval rekordar Haaland har tatt sidan overgangen til Manchester City:
- Flest mål på éin sesong i Premier League si historie, med 36 mål.
- Flest mål i alle turneringar på éin sesong i Manchester City si historie med 52 mål.
- Første som har scora hattrick i tre heimekampar på rad i Premier League si historie.