Hopp til innhold

Erik Thorstvedt med klar beskjed til sonen: – Kan ikkje vere fullstendig idiot

Kristian Thorstvedt (22) har storspelt på landslaget denne hausten, og gjort seg merka på fotballbana med spelestil og veremåte. Pappa åtvarar mot å bli for kjepphøg.

Fotball VM-kvalifisering herrer 2021: Tyrkia - Norge (1-1)

Kristian Thorstvedt fekk stor merksemd då han skåra mot Tyrkia og feira mot det tyrkiske heimepublikummet.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Eg har tru på det eg gjer og på mine eigne ferdigheiter, og det trur eg er viktig i dette gamet her, seier Kristian Thorstvedt til NRK.

22-åringen meiner sjølvtilliten må vere på plass for at han skal gjere det bra, og den er ifølgje han sjølv relativt høg.

– Sjølvtilliten er akkurat passe høg. Ikkje for mykje, og ikkje for lite, smiler han.

NRK møter Thorstvedt på den noverande heimebana hans i den belgiske klubben Genk. Inne på stadion fortel han at han trivst godt i klubben og er fornøgd med at han enda opp i Belgia.

Erik Thorstvedt

Erik Thorstvedt er ein av Noreg sine beste målvakter gjennom tidene, og synest det er stas at sonen spelar på landslaget.

Foto: Gunnar Grønlund / NRK

– Koker i topplokket

Det er likevel jobben han har gjort for det norske landslaget som har fått mest merksemd her heime. I tillegg til å skåre to mål på fire kampar, vart det ein stor snakkis då han fyrte opp det tyrkiske publikummet etter skåringa i Istanbul tidlegare i haust.

– Eg trykkjer alltid til i duellar og gir hundre prosent, så om det er nokon som ikkje likar det så står eg opp for meg sjølv og seier det eg meiner.

– Nokre gonger kan det koke over i topplokket. Det har ikkje skjedd på kamp, men på treningar kan det skje, innrømmer 22-åringen.

Pappa Erik Thorstvedt meiner veremåten er ein del av spelestilen til sonen, men at han må passe på så han ikkje tråkkar over grensa.

– Eg synest det er bra at det er litt fyr i teltet av og til. Viss du byrjar å ta vekk dei tinga der, trur eg ein tek bort det som gjer han så bra. Men det er ei grense, du kan ikkje vere fullstendig idiot, så han må passe på at han held seg på rett side av grensa, seier den tidlegare fotballspelaren.

Kristian Thorstvedt i Genk

Kristian Thorstvedt på heimebana i Genk.

Foto: Haron Hussain

– Ein viktig støttespelar

Erik Thorstvedt er ein av Noregs beste målvakter gjennom tidene. Kristian fortel at faren er eit stort førebilete og ein viktig støttespelar, og sjølv om han no bur i Belgia er han ein viktig del av fotballkvardagen.

– Han er ein stor del av støtteapparatet mitt. Han er alltid tilgjengeleg viss eg har nokre spørsmål eller kjem med tilbakemeldingar, for han ser alle kampane. Han veit kva det går i, for han har jo vore i gamet sjølv, seier Genk-spelaren.

Han har aldri kjent på presset om å nå opp til prestasjonane til faren, og set pris på at han har vore med han på fotballbana gjennom barndommen.

– Folk spurde meg ofte før om eg kjende noko press på å ha han som far når eg var ung og om det sette noko preg på meg då, men eg synest det berre har vore kjekt at han har hjelpt meg og stått i mål på skot, og då eg ville på bana og trene, så var han alltid med meg. Han er ein viktig støttespelar.

Fotball, VM-kvalifisering: Norge - Gibraltar

Kristian Thorstvedt på det norske landslaget. Her feirar han 2–0-skåringa i VM-kvalifiseringa mot Gibraltar saman med lagkameraten Erling Braut Haaland.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Draumen

Erik var Tottenham si målvakt på 90-talet og Kristian synest det er kult å sjå på videoar frå då faren spelte på det engelske laget. Det vart heller ikkje eit vanskeleg val å avgjere kva for ein engelsk fotballklubb han skulle heie på.

22-åringen legg likevel ikkje skjul på at det er ein stor draum å ein dag få spele i den engelske ligaen.

– Draumen er sjølvsagd å spele i Premier League. Eg har alltid følgt med på Premier League og eg meiner det er den største ligaen ein kan spele i. Å kunne gjere det ein dag hadde vore stort.

Erik Thorstvedt forstår om sonen ein dag vil til Tottenham, men meiner det viktigaste er at han har det bra og får spele fotball.

– Eg trur han sjølv har lyst til å prøve andre ting etter kvart, men ein må ha respekt for klubben ein er i og ikkje snakke om at ein vil til andre stader. Førebels får det gjelde med Genk, og eg trur det var eit veldig bra byte å gå frå Viking til Genk. Men eg forstår om han vil spele for Tottenham, seier den tidlegare landslagsmålvakta.

Les òg: Thorstvedt måtte stå skolerett for fansen: – De kalte oss inn til møte

Vinnarkultur på landslaget

Erik Thorstvedt var ein del av ein gyllen landslagsgenerasjon. Kristian og resten av det norske fotballandslaget har vist at dei òg no kan hevde seg blant dei beste i verda.

– Vi har ein gyllen moglegheit og vi har gode spelarar. Vi har fått inn ein særs bra trenar, så det ser veldig lyst ut akkurat no. Vi har sjølvsagt ei tøff oppgåve med å møte Nederland borte, men i fotball er alt mogleg, seier Thorstvedt junior.

Han fortel at dei på landslaget har jobba mentalt med å finne ein vinnarkultur, noko han meiner har vist seg å gi gode resultat.

Ståle Solbakken

Kristian Thorstvedt fortel at han trivst på landslaget under Ståle Solbakken si leiing.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Du ser det på dei siste kampane vi har spelt, at alle gir hundre prosent og alle vil verkeleg vinne for kvarandre, og for landet sitt. Å skape ein stoltheit trur eg har vore viktig.

Bortekampen i VM-kvalifiseringa mot Nederland blir spelt 16. november i Rotterdam. 22-åringen seier han ikkje tenkjer så mykje på kampen, men gler seg til å spele.

– Vi har ein gyllen moglegheit til å gjere noko stort, komme til VM for første gong på veldig, veldig lenge.

– Ein veit aldri kva som vil skje, avsluttar han.

Siste nytt

  • Luton misset seiershattrick mot Everton

    Luton prøvde å slå Everton for tredje gang denne sesongen, men måtte nøye seg med 1-1 og er fortsatt på nedrykksplass i Premier League.

    I en kamp med mange store sjanser til begge lag tok Everton ledelsen på et VAR-straffespark midt i første omgang, men Elijah Adebayo utlignet da han knuste Ashley Young i en duell ved lengste stolpe, tok ned ballen og knallet den i mål.

    Luton måtte vinne for å klatre forbi Nottingham Forest og ta seg over nedrykksstreken, men er i stedet bak på målforskjell med en kamp mer spilt.

    Everton kom fra seier i tre strake hjemmekamper og har tross sine poengstraffer berget plassen. Likevel ville laget gjerne fortsette seiersstimen.

    UZxSU_N9CXo
    Foto: AP
  • Schjelderup-perle hjalp Nordsjælland til seier

    En frisparkperle fra Andreas Schjelderup ble vinnermålet da Nordsjælland slo AGF 3-1 borte. Laget henger med i gullkampen i dansk fotball.

    Farum-laget inntok 2.-plassen tre poeng bak Brøndby, men ett foran FC København og Midtjylland før de tre andre topplagene skal i aksjon søndag.

    Halvparten av målene i kampen ble scoret av banens to nordmenn, for på overtid reduserte Magnus Knudsen for AGF, som torsdag spiller cupfinale mot Silkeborg.

    Søndag er det storkamp mellom Midtjylland og Brøndby, mens FC København gjester nettopp Silkeborg. (NTB)

    Z9MpMJjlMEg
    Foto: NTB
  • Stian Solberg ga ishockeylandslaget 1-0-seier over Latvia i forlengning

    Stian Solberg vant pucken, gikk fra egen halvdel og ga Norges ishockeylandslag 1-0-seier over Latvia etter 37 sekunder i forlengningen fredag.

    Det skjedde etter tre målløse perioder i Riga.

    Det norske laget gikk rett i strupen på bronsevinneren fra fjorårets VM og dominerte den første perioden. Norge vant skuddstatistikken i de første 20 minuttene 13-2, og supertalentet Michael Brandsegg-Nygård hadde to stolpetreff.

    Solberg er svært ettertraktet og kan i juni bli den første norske spiller som velges i første runde i NHL-draften.

    Lagene møtes igjen lørdag i generalprøven før elite-VM. Mandag offentliggjør landslagssjef Tobias Johansson troppen til mesterskapet i Tsjekkia. Norge spiller sin første kamp mot Sveits fredag 10. mai. (NTB)

    x0J7YQ1S8hE
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal