– 30 timar på ei veke heilt aleine trur eg kan bli ein skikkeleg prøvelse.
Astrid Uhrenholdt Jacobsen smiler forsiktig når ho fortel om sine nye ekstreme treningsplaner.
På landslagssamlinga i Svarstad i slutten av juni brukte ho tida på eksamenslesing mellom øktene, men nå blir det lenge til medisinstudenten opnar pensumbøkene igjen.
Da ho sat seg ned for å evaluere etter sesongen var ho heilt klar på at ho måtte endre treninga.
Skal ha«mosjonistveker»
– Eg har halde på så mange år at kroppen ikkje har godt av å få den same belastninga. Eg føler eg ikkje får utvikling om eg ikkje gjer endringar, seier Jacobsen.
29-åringen skal nå trene som ein litt ivrig mosjonist den eine veka, for så å vere ein av dei mest treningsvillige skiløparane den neste.
– Nå vil eg prøve å fordele timane eg skal trene ved å ha ekstreme mengder nokre veker og bli pressa til å trene maks 12 timar, som er veldig lite for ein toppidrettstutøvar andre veker, fortel Jacobsen.
Ei slik endring vil på fagspråket seie å periodiere treninga i større grad. Det får også konsekvensar for andre viktige delar av skiløparens liv.
– Endringane gjer vekene mine veldig forskjellige. Dei hardaste treningsvekene mine er ikkje foreinleg med å klare og fylgje opp eit studie som medisin som krever mykje oppmøte. Derfor har eg vald å setje studia på vent dette året, sjølv om eg helst ville ha studert.
Lenge var ho usikker på om ho skulle halde fram i skisporet og om ho kunne setje studia på vent nok ein gong.
Er aldri ute mellom økter
I sommar er også Jacobsen nøydd til å ta andre omsyn.
Utanfor hytta landslagskvinnene bur på i Svarstad sit ho med bandasje på den venstre foten, men eit lite overtråkk er langt frå det verste Jacobsen slit med i sin «verste» årstid.
Allergiplager gjer at ho akkurat nå føler seg i elendig form.
– Eg føler at eg gjer ein veldig bra jobb, men i år som alle andre år er eg i dårleg form om sommaren. Det er som å trene med håndbrekket på heile sommaren.
Derfor er nok Astrid Uhrenholdt Jacobsen den siste du kan vente å sjå på stranda i sommar.
– Det er eg aldri. Eg tåler så og så mange timar ute kvar dag og dei brukar eg på å trene. Resten så er eg inne og det kan jo verke kjedeleg på fine sommardagar, men slik er livet mitt.
Heldigvis skal Jacobsen prestere i Lahti i mars og ikkje i Rio i august.