Hopp til innhold

Eckhoff etter VM-nedturen: – Har gjort feil eg ikkje har gjort før

ANTERSELVA/OSLO (NRK): Tiril Eckhoff kom til VM som storfavoritt, men klarte aldri å kjempe om ein individuell medalje. 29-åringen meiner ho har gjort heilt elementære feil.

Tiril Eckhoff

Tiril Eckhoff fekk aldri det meisterskapet mange trudde ho skulle få. I staden blei det Marte Olsbu Røiseland som blei VM-dronning, medan Eckhoff fekk med seg to stafettgull.

Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters

– Eg er ganske misfornøgd eigentleg. Eg er god nok til å vere i toppen der, men får det ikkje ut. Da blir eg litt skuffa.

Søndagens fellesstart blei ein ny nedtur for Tiril Eckhoff i Anterselva. Ho som verka nærmast uslåeleg i verdscupen før VM.

– Må berre kaste bort våpenet nokre dagar

29-åringen tok seks verdscupsigrar og det verka som om Fossum-jenta endeleg hadde knekt koden for å prestere stabilt.

Men VM enda med 59, 20, 15 og 7.-plass i dei individuelle konkurransane.

– Skyteforma har vore elendig. Nå får eg berre kaste bort våpenet nokre dagar og glede meg over Marte, seier Eckhoff som likevel tek med seg to VM-gull frå stafett og blanda stafett.

Stafettgull

På dei to stafettane kunne Tiril Eckhoff juble for gull saman med lagvenninnene.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde meiner ein har sett det heilt frå innskyting før den fyrste øvinga.

– Eg har sett ei jente som ikkje har vore heilt i balanse frå innskyting, og det har ho tatt med seg inn i konkurranse. Ho kom skeivt ut og har ikkje klart å hente seg inn igjen. Det verkar som ho er litt for defensiv på det ho gjer, meiner Lunde.

Ola lunde

Ola Lunde hadde store forventingar til Tiril Eckhoff før VM.

Foto: Malin Jørnholt / NRK

Vanskeleg å rette opp dårleg start

VM-starten var spesiell tung med seks bom på sprinten og 59.-plass. Den dårlege skytinga drog ho med seg vidare i meisterskapet.

– Det er klart det er krevjande å rette opp ein dårleg start, seier Lunde.

Eckhoff sjølv trur det er ein god miks som har øydelagt sjansane for VM-medalje individuelt.

– Det er berre sånn det er med skyting, det er ein teknisk idrett. Eg har gjort nokre feil som på ein måte eg ikkje har gjort før. Det tyder jo ikkje heilt bra, seier Eckhoff som meiner den dårlege starten øydela mykje.

– Når du fyrst startar ræva, er det veldig vanskeleg å snu ein negativ spiral.

Kva slags feil er det?

– Det er elementære feil som ikkje skal gjerast i meisterskap, seier ho ærleg.

Tiril Eckhoff

På skytebanen har det vore tungt for 29-åringen i VM.

Foto: Matthias Schrader / Matthias Schrader

Bomma med forma

Tidlegare skiskyttar og NRK-ekspert Liv Grete Skjelbreid trur at Eckhoff var litt uheldig med formtoppinga.

– Ho har ein heilt anna kapasitet enn det ho har fått ut i VM. Det gjeld å prikke inn forma, og den kom kanskje litt for tidleg for Tiril i år. Men det er tre rundar igjen i verdscupen og mange gjeve plasseringar å kjempe om, seier Skjelbreid.

Eckhoff og feltet

På søndagens fellesstart kjempa Eckhoff om medalje på siste skyting. Men der blei det to bom og dermed ingen medaljekamp på siste runde.

Foto: TIZIANA FABI / AFP

Verdscupen i skiskyting held fram med renn i Nove Mesto frå torsdag 5. mars.

Siste nytt

  • Rubiales' etterfølger er klar

    Pedro Rocha ble fredag valgt til ny president i Det spanske fotballforbundet (RFEF), og tar med det over etter skandalepresident Luis Rubiales.

    Forbundet bekrefter ansettelsen på sine hjemmesider fredag.

    «Pedro Rocha har i dag blitt utropt til ny president i Det kongelige spanske fotballforbundet, etter å ha mottatt støtte fra flertallet av forsamlingsmedlemmene», heter det i meldingen.

    Rocha har sittet som midlertidig forbundspresident etter at Luis Rubiales trakk seg fra presidentvervet i september.

    Det har stormet rundt RFEF siden Rubiales kysset Jenni Hermoso på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Kysset førte til at Rubiales måtte trekke seg fra vervet.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon.

    Torsdag ble det kjent at forbundet har havnet under lupen til den spanske regjeringen. Forbundet skal derfor «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD) de neste månedene. (NTB)

    Pedro Rocha
    Foto: THOMAS COEX / AFP
  • Brasil-legende Marta varsler landslagsstopp

    Marta avslutter landslagskarrieren i fotball etter årets kamper. Hun er Brasils mestscorende spiller uansett kjønn.

    Brasil-avgangen kommer fram i et intervju Marta har gitt til CNN. I sommer kan hun få sin sjette OL-deltakelse.

    – Hvis jeg er med til OL, skal jeg nyte hvert øyeblikk. For uansett om jeg drar dit eller ikke, er dette mitt siste år på landslaget. Det vil ikke være mer Marta som landslagsspiller i 2025, sier 38-åringen.

    Hun var med på å ta OL-sølv i 2004 og 2008. Brasil tapte begge finalene for USA. I VM har hun også et sølv etter finaletapet mot Tyskland i 2007.

    Marta har scoret 116 mål på 175 landskamper siden debuten i 2002. På herresiden er Neymar mestscorende for Brasil med 79 nettkjenninger.

    I VM topper Marta også lista som tidenes toppscorer uansett kjønn. Fasiten stoppet på 17 mål fra 23 kamper etter fjorårets exit i gruppespillet. (NTB)

    Marta under fotball-VM 2023
    Foto: Aisha Schulz / AP
  • Moldes stjerneduo spilleklare etter skade

    Både Fredrik Gulbrandsen og Magnus Wolf Eikrem er tilgjengelig for å starte når Molde tar imot Haugesund i Eliteserien søndag.

    Det bekrefter trener Erling Moe overfor TV 2.

    – De er klare til å kunne starte. De er med i betraktningen, og så får vi se hvilket lag vi ender på til slutt, sier Moe.

    Molde-treneren forteller også at Markus Kaasa og Martin Linnes ikke er så langt unna en retur.

    – Det begynner å se bedre ut, og det er selvfølgelig bra for oss, sier han.

    Gulbrandsen måtte av med skade i serieåpningen hjemme mot Strømsgodset, men fikk sitt første innhopp etter skaden da blåtrøyene slo Strindheim i cupens andre runde onsdag.

    Det gjorde også Eikrem, som måtte stå over storoppgjøret borte mot Bodø/Glimt forrige helg. (NTB)

    Gulbrandsen og Eikrem
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal