30-åringen var favoritt til ein av plassane på det amerikanske 800-meterlaget i OL i Rio. Og ho låg favorittmessig heilt i teten i finaleheatet under uttaksstemnet i Eugene.
Men ved utgangen av siste sving kolliderte ho med sin konkurrent Brenda Martinez og gjekk over ende. Ho blei liggande lenge, før ho reiste seg og gjekk til mål.
Etter målpassering fall ho på kne og let tårene strøyme. No kunne ho ikkje halde kjenslene tilbake lenger.
For dette var meir enn ein OL-plass som glapp. OL i Rio skulle bli Alysia Montanos store revansje etter OL i London i 2012, Der hamna ho utanfor pallen – slått av to russarar. Den eine av dei var gullvinnar Marija Savinova, som seinare er utestengd på livstid på grunn av doping.
Også i VM i 2011 og 2013 blei ho slått av russiske utøvarar, og meiner ho mista medalje på det.
– Karrieren min har vist seg å vere ein farse
Derfor skulle OL i Rio bli hennar store revansje på utøvarar som konkurrerer for eit land der doping er sett i system i mange år, i ein grad som har før til at ingen derfrå får delta i friidretten i Rio.
– Eg er snytt for tre medaljar. Mine åtte år som profesjonell idrettsutøvar har vist seg å vere ein farse, sa ho då ho hadde tørka tårene etter nedturen i natt.
Og ho tok eit kraftig oppgjer med IAAF – det internasjonale friidrettsforbundet – med det same.
– Korrupt
– Alle snakkar om russarane som ikkje får delta i Rio. Men dei gløymer hovudpoenget; at IAAF er ein korrupt organisasjon som styrer showet for profesjonelle utøvarar, sa Montano.
Ho sikta til at IAAF er skaka av ein rapport som skuldar den tidlegare presidenten i IAAF, Lamine Diack, for å ha blitt betalt for å dekke over positive dopingtestar. Diack gjekk av frå presidentvervet i fjor etter 16 år.
- Les også: Friidrettsskandalen vokser
Telegrambyrået Reuters har prøvd å få ein kommentar frå IAAF til Montanos utbrot, men ikkje lykkast.
I natt avslørte ho at ho har streva med å la vere å la tanken på dette ta overhand.
– Derfor har førebuingane til OL-uttaket i år vore litt av ei kjenslemessig utfordring for meg. Eg har prøvd å stengje ute tanken på det IAAF har gjort mot oss, for framleis å kunne vere i sporten. Dette har vore min kanskje tøffaste kamp, sa Montano.
Også konkurrenten ho kolliderte med, Brenda Martinez, mista OL-sjansen etter kollisjonen. Uttaket var vunne av nokså ukjende Kate Grace på tida 1.59,10.