Hopp til innhold

Spår tidenes norske gullfest i Seefeld-VM

Dei siste 20 åra har Noreg vore beste nasjon i alle VM på ski. Meisterskapet i Seefeld kan bli tidenes norske ski-VM, om NRK sine ekspertar har rett.

World Cup i Langrenn på Beitostølen 2018

COMEBACK: Therese Johaug har gjort comeback og er eit av Noreg sine sikraste kort under VM i Seefeld.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

I VM i Seefeld skal det delast ut 22 medaljar av gull. Noreg kan minst ta 12 av dei, spår NRK sin ekspertar. For ordens skyld: I Lahti 2017 blei det sju gull på Noreg, mens det i Falun 2015 enda med 11 gullmedaljar.

– Det som er heilt sikkert er at vi er medaljekandidat på alle distansar i langrenn, seier NRK sin langrennsekspert Fredrik Aukland.

Vi har bedt NRK-ekspertane Fredrik Aukland (langrenn), Fred Børre Lundberg (kombinert) og Johan Remen Evensen (hopp) gi sin vurdering av gullsjansane i VM.

Langrenn, sprint, menn: Norsk gull

Tour de ski 2018/19

SPRINT: Johannes Høsflot Klæbo er den yngste vinnaren av Tour de Ski nokon sinne og leiar verdscupen både i sprint og langrenn.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Favoritt: Johannes Høsflot Klæbo.
  • Aukland: – Johannes er klar favoritt og eg vil spå dette som ein av dei sikraste gullkorta i dette VM.
  • Utfordrarar: Federico Pellegrino (Italia).
  • Aukland: – Han kan bli den store overraskinga og har synt veldig god form i det siste.

Langrenn, sprint, kvinner: Svensk gull

Stina Nilson

SVERIGE: Stina Nilsson kan bli vanskeleg å utfordre i sprintfinalen som er første øving ut i VM.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Favoritt: Stina Nilsson (Sverige).
  • Aukland: – Dei svenske jentene har dominert sprintlangrennet denne vinteren. Og det er ein situasjon vi ikkje er vant med.
  • Utfordrarar: Maiken Caspersen Falla og Kristine Stavås Skistad (Noreg).
  • Aukland: – Falle må heve seg om ho skal slå Nilsson, og så har vi eit spanande kort med ungjenta Skistad.

Langrenn, 30 km med skibyte, menn: Russisk gull

Emil Iversen

FAVORITT: Emil Iversen vann og reiste heim frå Tour de Ski. Kan han sikre seg gull i VM?

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Favoritt: Sergej Ustjugov (Russland).
  • Aukland: – Dette er nok ein av dei øvingane som er vanskelegast å spå. Det er veldig mange som kan gjere det bra her. Men eg fryktar russaren kjem til å gå veldig raskt.
  • Utfordrar: Johannes Høsflot Klæbo.
  • Aukland: – Av dei norske er også Sjur Røthe, Emil Iversen og Martin Johnsrud Sundby medaljekandidatar.

Langrenn, 15 km med skibyte, kvinner: Norsk gull

Therese Johaug

SUVEREN: Therese Johaug gjorde i vinter comeback etter doping-dommen og har sidan vunne nesten alt ho har stilt opp i.

Foto: Markku Ulander / AFP
  • Favoritt: Therese Johaug.
  • Aukland: – Therese må tole og vere favoritt også i denne øvinga. Ingvild Flugstad Østberg kjem også til å kjempe om pallen.
  • Utfordrarar: Ebba Andersson (Sverige) og Krista Pärmäkoski (Finland)
  • Aukland: – Fleire sterke namn som kan kjempe om medalje her.

Langrenn, lagsprint, menn: Norsk gull

Klæbo

LAGSPRINT: Med Johannes Høsflot Klæbo på laget er Noreg gullfavoritt.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Favoritt: Noreg.
  • Aukland: – Med Johannes og Iversen på laget er vi medaljefavoritt.
  • Utfordrarar: Russland.
  • Aukland: – Det er eit kort oppløp på denne distansen og det gjere at russarane kan bli ein stor trussel.

Langrenn, lagsprint, menn: Svensk gull

Sverige

DOMINERER: Stina Nilsson, Ida Ingemarsdotter og dei andre svenske jentene har dominert i sprint.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Favoritt: Sverige.
  • Utfordrar: Noreg.
  • Aukland: – Eg trur det kjem til å stå mellom Noreg, Sverige og Russland, men dei svenske damene har vist seg å vere sterkare enn vi har trudd i år, så eg held på dei som favoritt.

Langrenn, 15 km klassisk, menn: Russisk eller finsk gull

Duell mellom Norge og Russland

DUELL: Mykje vil handle om kampen mellom Noreg og Russland under VM i Seefeld.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Favoritt: Aleksandr Bolsjunov (Russland) og Iivo Niskanen (Finland)
  • Aukland: – Eg trur russaren og finnen blir sterke her.
  • Utfordrarar: Johannes Høsflot Klæbo, Emil Iversen, Martin Johnsrud Sundby og Didrik Tønseth
  • Aukland: – Eg trur vi får ein nordmann på pallen, men usikker på kven det blir.

Langrenn, 10 km klassisk, kvinner: Norsk gull

Therese Johaug

SUVEREN: Therese Johaug gjorde i vinter comeback etter doping-dommen og har sidan vunne nesten alt ho har stilt opp i.

Foto: Markku Ulander / AFP
  • Favoritt: Therese Johaug.
  • Aukland: – Her er Therese soleklar favoritt. Dette vil eg sei er den sikraste VM-medaljen vi har.
  • Utfordrarar: Ingvild Flugstad Østberg, Ebba Andersson (Sverige) og Krista Pärmäkoski (Finland).
  • Aukland: – Dette blir ein kamp om sølv og bronse, og det kan bli dobbelt norsk.

Langrenn, stafett, menn: Norsk gull

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Langrenn stafett herrer.

STAFETT: Noreg har vunne alle stafettar i VM for herrar sidan 2001 og er regjerande OL-meistrar i stafett.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Favoritt: Noreg.
  • Utfordrarar: Russland.
  • Aukland: – Det står mellom Noreg og Russland og det er veldig vanskeleg å peike ut ein soleklar favoritt. Sverige, Finland og Frankrike er også utfordrarar.

Langrenn, stafett, kvinner: Norsk gull

World Cup i Langrenn på Beitostølen 2018

GULLFAVORITTAR: Dei norske kvinnene vann stafetten på Beitostølen før jul og har vunne stafetten i alle fem siste VM.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Favoritt: Noreg.
  • Utfordrar: Sverige og Russland.
  • Aukland: – Her må vi nok tole og vere gullfavoritt. Dei svenske damene er nok vår største utfordrar, tett følgt av det russiske laget. Finland kan og bli sterke.

Langrenn, 30 km, kvinner: Norsk gull

Dobbelt norsk?

DOBBELT NORSK: NRK-ekspert Fredrik Aukland gir Therese Johaug favorittstempelet på 3-mila. Men kan Ingvild Flugstad Østberg sikre dobbelt norsk?

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Favoritt: Therese Johaug.
  • Aukland: – Eg er sikker på at Therese kjem til å vinne.
  • Utfordrar: Charlotte Kalla (Sverige), Ragnhild Haga
  • Aukland: – Veldig spent på kva Haga kan få til her.

Langrenn, 50 km, menn: Norsk gull

Verdenscup langrenn

GULL TIL VOSS: Klarar vossingen Sjur Røthe og halde russarane unna i femmila i Seefeld?

Foto: Tore Meek / NTB scanpix
  • Favoritt: Sjur Røthe
  • Aukland: – Sjur har vist god form og kan bli ein joker på denne distansen for Noreg. Simen Hegstad Krüger kan og gå raskt.
  • Utfordrarar: Maurice Manificat (Frankrike)
  • Aukland: – Franskmannen kan overraske. Her har vi og fleire russarane som kan utfordre nordmennene, men vi veit ikkje kven som skal gå enda.

Kombinert, stor bakke og langrenn 10 km: Norsk gull

Jarl Magnus Riiber

KOMBINERT: Jarl Magnus Riiber er i ferd med å gjere reint bord i verdscupen i kombinert og må tole favorittstempelet til å ta gull under VM.

Foto: Kerstin Joensson / AP
  • Favoritt: Jarl Magnus Riiber.
  • Lundberg: – Riiber har levert stabilt i heile sesongen både i hopp og i langrenn, og har vore best i stor bakke.
  • – Vi har vel aldri hatt ein klarare favoritt til å vinne VM-gull i kombinert.
  • Utfordrarar: Johannes Rydzek og Eric Frenzel (Tyskland).
  • Lundberg: – Det er fleire tyskarane som kan bli skumle her.

Kombinert, lagsprint: Norsk gull

FIS Nordic Skiing World Cup

FARLEG DUETT: Kan det endeleg lykkast for Noreg i lagsprint? Med Jarl Magnus Riiber og Jørgen Graabak har vi aldri hatt større sjanse.

Foto: Lehtikuva / Reuters
  • Favoritt: Noreg.
  • Lundberg: Dette er ei øving vi aldri har lykkast i før, men med Jarl Magnus Riiber og Jørgen Graabak på laget er vi i år ein gullfavoritt.
  • Utfordrar: Tyskland
  • Lundberg: – Det blir spanande og sjå kven som blir tatt ut på det tyske laget. Dei har fire gode kandidatar å velje mellom. Her det viktig med gode hopp, for det er vanskeleg å hente så mykje meir enn 30 sekund i løypa.

Kombinert, normal bakke og langrenn: Norsk gull

World Cup Nordiske grener Lillehammer

JUBILEUM: Noreg og Jarl Magnus Riiber har ikkje vore større favoritt i VM i kombinert, sidan Bjarte Engen Vik vann verdscupen for 20 år sidan.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix
  • Favoritt: Jarl Magnus Riiber.
  • Lundberg: – Dette er ein bakke Riiber taklar bra og som passar han godt. Trur det er viktig å sikre seg eit forsprang i bakken for Riiber her.
  • Utfordrar: Fabian Riessle (Tyskland).
  • Lundberg: – Riessle har ofte hoppa betre i liten bakke enn stor, og eg trur han kan bli tøff her. Men fleire tyskarar kan true dei norske gullsjansane.

Kombinert, stafett: Tysk gull

Ski-VM 2017 Lahti.

FORSVARE GULLET: Det tyske kombinertlaget med Johannes Rydzek blir spådd å ta stafettgullet i Seefeld, som dei gjorde under VM i Lathi for to år sidan.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix
  • Favoritt: Tyskland.
  • Utfordrar: Noreg.
  • Lundberg: – Tyskarane har fire utøvarar som har vore meir stabile enn det norske laget. Riiber og Graabak har levert, men dei andre på det norske stafettlaget har slite litt meir. Austerrike kan også bli skumle.

Hopp, storbakke, menn: Japansk gull

NM hopp 2019.

STOR BAKKE: Kan mannen med barten, Robert Johansson, ta medalje i stor bakke?

Foto: Ned Alley / NTB scanpix
  • Favoritt. Ryoyu Kobayashi (Japan).
  • Remen Evensen: – Japanaren er min favoritt, men dei polske Kamil Stoch Dawid Kubacki og Piotr Zyla kan alle kjempe om gull. Skal heller ikkje avslå Stefan Kraft på heimebane.
  • Utfordrar: Robert Johansson og Johann André Forfang
  • Remen Evensen: – Finn dei norske forma, så kan dei vere med på å kjempe om pallen. .

Laghopp, menn: Polsk gull

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Medaljeseremoni.

SLIT: I fjor tok det norske hopplandslaget OL-gull i laghopp og vann verdscupen samanlagt. I år har ikkje det norske laget vore på pallen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Favoritt: Polen
  • Remen Evensen: – Denne er vrien, men alle dei polske har vore i kjempeform siste tida, så eg held ein knapp på dei som gullfavoritt.
  • Utfordrarar: Tyskland
  • Remen Evensen: – Det her kjem til å bli veldig spanande. I tillegg til Tyskland kan også Austerrike melde seg på her i kampen. Finn Andreas Stjernen forma, så kan og Noreg bli med å kjempe om pallplass.

Laghopp, kvinner: Tysk gull

Laghopp

FØRSTE GONG: Laghopp for kvinner er med på VM-programmet for første gong i år.

Foto: Jure Makovec / AFP
  • Favoritt: Tyskland
  • Remen Evensen: – Tyskarane er nok det einaste laget som har fire stabilt gode hopparar.
  • Utfordrarar: Austerrike, Slovenia, Noreg og Japan
  • Remen Evensen: – Her er det ganske ope om kven som vil kjempe om dei andre pallplassane.

Hopp, normalbakke, kvinner: Norsk gull

Verdenscup hopp kvinner.

GULLKANDIDAT: NRK-ekspert Johan Remen Evensen seier ingen kan tukte Maren Lundby i gullform.

Foto: Nsf Hopp / NTB scanpix
  • Favoritt: Maren Lundby.
  • Remen Evensen: – Eg vil sei ho er den sterkaste favoritten i heile VM.
  • Utfordrarar: Katharina Althaus og Juliane Seyfarth (Tyskland).
  • Remen Evensen: – To veldig sterke tyske dame som eg trur kan bli skumle.

Hopp, normalbakke, menn: Polsk gull

Four-hills Ski Jumping Tournament - Innsbruck

POLSK GULL: Det kan vere vanskeleg å kome utanom polske Dawid Kubacki i normalbakken.

Foto: Lisi Niesner / Reuters
  • Favoritt: Dawid Kubacki (Polen).
  • Remen Evensen: Han er ein krafthoppar, noko som favoriserer seg litt i mindre bakkar.
  • Utfordrarar: Ryoyu Kobayashi (Japan) og Kamil Stoch (Polen).
  • Remen Evensen: – Eg trur dessverre dei norske kjem til å slite, men eg tar gjerne feil.

Hopp, blanda laghopp, normalbakke: Tysk gull

Althaus

STERKE: Dei tyske jentene Juliane Seyfarth og Katharina Althaus kan vere med å sikre tysk gull i blanda laghopp.

Foto: Geir Olsen / AP
  • Favoritt: Tyskland.
  • Remen Evensen: – Tyskland har to gode jenter som eg trur vil levere best.
  • Utfordrarar: Japan, Austerrike og Noreg.
  • Remen Evensen: – Japan har eit bra lag, det same har Austerrike. Polen slit dessverre med å ikkje ha dame med. Men om Maren er i toppform kan ho knuse alle.

Svaret på kor mange norske gull det faktisk blir får vi 3. mars. Då blir VM på ski i Seefeld ein del av historiebøkene.

Sportsnyheter

Molde vant sjumålsdrama: Berisha hånet med «slanger» og falske sedler

Veton Berisha fikk ikke noe hyggelig gjensyn med Stavanger og Viking, men helt på tampen sikret Molde tre dramatiske poeng.

Siste nytt

  • Russisk politi anholdt over 100 Navalnyj-tilhengere

    Russisk politi anholdt søndag over 100 tilhengere av Aleksej Navalnyj, da de markerte den fengslede opposisjonspolitikerens 47-årsdag.

    Den uavhengige russiske menneskerettighetsgruppa OVD-Info skriver søndag kveld at 109 personer i 23 russiske byer er anholdt av politiet i forbindelse med at de foretok offentlige markeringer av Aleksej Navalnyjs 47-årsdag.

    Myndighetene har slått kraftig ned på alle tegn til opposisjon siden den russiske invasjonen av Ukraina. I de fleste byene var det en håndfull kritikere som ble anholdt av politiet.

    Aleksej Navalnyj soner en dom på elleve og et halvt års fengsel for korrupsjon og forakt for retten, anklager som han selv hevder er fabrikkert for å bringe ham til taushet i den russiske offentligheten.

    (NTB)

  • Ibrahimovic legger opp

    Det svenske fotballikonet Zlatan Ibrahimovic bekrefter at han setter punktum for sin unike fotballkarriere. Tidligere søndag rapporterte Aftonbladet at han takket av i Italia. – Familien min visste ikke at jeg skulle legge opp da vi våknet i dag. Jeg ville at alle skulle vite det samtidig, sier svensken på en pressekonferanse sent søndag kveld.

    – Det er trist, for dette har vært hele livet mitt, fortsetter han.

    Zlatan
    Foto: AP
  • Zlatan Ibrahimovic (41) ser ut til å legge opp

    Det svenske fotballikonet Zlatan Ibrahimovic synes å gi seg som profesjonell fotballspiller, melder blant andre Aftonbladet.

    Svenskens kontrakt med AC Milan går ut etter sesongen, og etter sesongavslutningen mot Hellas Verona søndag, antydet han tydelig at han vil legge skoene på hylla.

    – Det er på tide å ta farvel med fotballen, men ikke med dere, sa han til klubbens fans, ifølge Aftonbladet. Avisa skriver videre at Zlatan og klubben skal holde pressekonferanse senere søndag kveld. Oppholdet i klubben er svenskens andre.

    – Så mange følelser og minner på denne arenaen. Første gangen jeg kom til Milan, ga dere meg lykke, den andre gangen ga dere meg kjærlighet. Dere har tatt meg imot med åpne armer og fått meg til å føle meg som hjemme. Jeg kommer til å være Milan-supporter livet ut, sa Zlatan videre.

    – Fra og med i morgen er jeg en fri mann, sier han.

    Beslutningen om legge opp hadde han holdt hemmelig, til og med for sine nærmeste, skriver Aftonbladet.

    41-åringen har spilt for flere av Europas aller største klubber og vunnet en lang rekke titler.

    (NTB/NRK)

    AC Milans svenske spiss Zlatan Ibrahimovic takker publikum under en avskjedsseremoni etter den italienske Serie A-fotballkampen mellom AC Milan og Hellas Verona 4. juni 2023
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste