– Det var mykje tårer og tankar. Det var tøft, forklarte den svenske sprintaren då ho møtte pressa tysdag ettermiddag.
Ho har vore skjerma frå media sidan ho pådrog seg ein skade tidlegare i vinter.
I Mösern, vel ein mil unna Seefeld, var det pakka med journalistar då Nilsson tok til podiet på Panoramahotel Inntalerhof.
– Eg er superglad for å vere her. Det har vore ein stige der eg starta på botnen og så har eg kunne utfordra etter kvart. Det har vore fire fine veker med store utfordringar, sa Nilsson.
– Dei ønsker seg dei beste
Dermed er det duka for ein duell mellom Noreg og Sverige. Det gleder NRK sin langrennsekspert, Fredrik Aukland, seg til.
– Vi er jo veldig glad i desse svensk-norske duellane, så lenge Noreg vinn. Dessverre trur eg nok at Nilsson er den største gullfavoritten, seier NRK sin langrennsekspert Fredrik Aukland.
UTFORDRAR: NRK sin langrennsekspert er spent på debutanten Kristine Stavås Skistad.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixHan trur likevel at dei norske jentene er glad for at Nilsson rekk VM, sjølv om det medfører at det kan redusere Noreg sine vinnarsjansar.
– Eg trur nok at når dei norske stiller i eit VM så ønsker dei seg dei aller beste på startstreken.
– Hadde det vore konkurranse i dag, hadde Stina køyrt
VM stod nemleg lenge i fare for den svenske skistjerna etter at ho pådrog seg ein strekkskade i låret under verdscupen i Otepää i slutten av januar.
Måndag trente ho i VM-løypa og det ser ut til at skaden har lega seg raskare enn ein frykta.
– Hadde det vore konkurranse i dag, hadde Stina køyrt. Akkurat no finst det ikkje noko som tilseier at ho ikkje stiller til start torsdag, sa landslagssjef Rikard Grip til Expressen måndag føremiddag.
Seinare på dagen gjekk den svenske landslagslegen enda lengre. Han stadfestar at Nilsson er klar til å stille på startstreken under sprinten på torsdag.
– Ho har ikkje fått nokon tilbakeslag, seier Magnus Oscarsson til Aftonbladet.
SKADA: Nilsson skada seg under verdscupen i Otepää.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixPressa seg i VM-løypa
Aukland meiner at alt tyder på at Nilsson er tilbake hundre prosent. Ein strekkskade er nemleg veldig lett å slå opp att i sprint, og han trur ikkje ho hadde stilt til start, dersom ho ikkje var trygg på at kroppen toler det.
– Ho hadde ei belastning så hard som det er mogeleg under ei skitrening. Vi har ikkje definert det som ein test, men det er eit steg i progresjonen, fortel den svenske landslagslegen.
Nilsson var i superform før ho pådrog seg skaden i Estland og hadde då fire strake sigrar i verdscupen.
– Det ser verkeleg bra ut akkurat no, men vi skal vere audmjuke. Det er eit skjørt tre vi balanserer på, seier Grip til Expressen.
DRAUMEDUELL: Fredrik Aukland gler seg over at Stina Nilsson er VM-klar.
Foto: Philip Hofgaard / NRKGullfavoritt
Maiken Caspersen Falla er tittelforsvarar på kvinnene sin VM-sprint i fri teknikk. Og det var nettopp Falla som vann rennet i Otepää etter at Nilsson skada seg. For den norske skistjerna kan dermed den svenske friskmeldinga medføre dårlegare gullsjansar.
– Falla har ikkje vore like sterk i denne sesongen og ho har slite med betennelse i luftvegane. Samtidig er ho også i angrepsposisjon som kan vere gunstig, men ho må heve seg om ho skal klare å slå Nilsson, seier Aukland.
Det er dermed uklart kor mange renn Nilsson kjem til å gå under VM. Før skaden oppstod var planen å gå fem distansar.
No kan det i første omgang tyde på at det berre blir sprint og stafett.