Hopp til innhold

Dette er kanskje den største idrettsutøvaren du aldri har høyrt om

Han er størst i verdas nest største idrett, har meir enn 100 millionar følgjarar på sosiale media, og er i ekstremt fokus akkurat no. Men her i Norge er han så godt som ukjend.

Virat Kohli

STORT: VM i cricket er ein av dei aller største idrettskonkurransane i verda, og Indias kaptein Virat Kohli er den aller største. Men i Noreg skaper cricket-VM sjeldan overskrifter

Foto: Paul Childs / Reuters

Virat Kohli er indisk cricketspelar. 30-åringen er kaptein og den største idrettskjendisen i India, landet med 1,36 milliardar innbyggjarar, og der «alle» er cricket-fans.

Virat Kohli

SIGER: Virat Kohli leia laget sitt til siger i opningskampen, men var neppe nøgd med sitt eige spel

Foto: Dibyangshu Sarkar / AFP

Og om vi ser bort frå fotball og dei aller største stjernene der, er både Kohli og idretten hans blant dei aller største i verda.

Cricket når sjeldan førstesidene i norske media. Men på verdsbasis er cricket nesten ufatteleg stort.

– Cricket er stort først og fremst i land som har bakgrunn frå Det britiske samveldet, og aller størst er det i India. Vi har ikkje den bakgrunnen, derfor har ikkje cricket fått skikkeleg fotfeste blant publikum her i landet, seier generalsekretær Gry Bruaas i Noregs Cricketforbund til NRK.

Nest størst i verda

– Men norsk tv sende vel ikkje cricket før relativt nyleg, så vi kan vel spørje oss kvifor sportsmedium i Noreg ikkje bryr seg meir om den nest største idretten i verda.

Ifølgje ICC, det internasjonale cricketforbundet, reknar 1,24 milliardar menneske seg som cricket-fans, berre slått av fotball. Andre kjelder med andre reknemåtar seier 2,5 milliardar, samanlikna med 4 milliardar for fotball.

Idretten med bowlers og batsmen og som blir målt i runs og wickets er altså nest størst i verda. 39 prosent av fansen er kvinner.

På verdsbasis er det 460 millionar aktive cricket-spelarar.

VM finalen mellom Australia og New Zealand i 2015 samla godt over ein milliard tv-sjåarar. Det same gjaldt kampen mellom India og Pakistan. Og til India–Pakistan i årets VM går billettar for 890 kroner til over 15.000 på svartebørs. Den kampen går på Old Trafford i Manchester søndag.

– Eg angrar på at eg ikkje gjekk inn på den kampen litt tidlegare. No er det ikkje billettar å få, seier Tariq Mir, som er organisasjonskonsulent i Noregs Cricketforbund.

Harry Kane bad Kohli om selfie

Men Virat Kohli altså. No er han i England, der han har som mål å leie sitt lag til siger i VM-finalen på tradisjonelle Lord's den 14. juli.

Det fekk den tyske landslagsspelaren i fotball, Thomas Müller, iført indisk landslagstrøye, til å ønskje Kohli lykke til. Kohli har nemleg markert seg også som supporter av Tysklands fotballandslag. Og Kohlis kontoar på sosiale medium gjekk seg om mogeleg endå varmare etter det.

– Eg kryssar fingrane for Kohli, skreiv Müller i twitter-meldinga.

Laster Twitter-innhold

Kohli la også ut ein selfie med Tottenhams landslagsspiss i fotball Harry Kane før opningskampen i VM. Det skal ha vore Kane som bad om den selfien.

Så viktig er Kohli for det indiske laget at dei – etter ei avgjerd i indisk rett – ikkje spela sin opningskamp før alle dei andre hadde spela ein eller to kampar. Grunnen er at kapteinen måtte ha nokre ekstra kviledagar frå serieavslutninga i ligaen.

Kohli har leia India til sigrar over Sør-Afrika og Australia i sine første kampar. Mot regjerande meister Australia scora India fleire poeng enn nokon har gjort mot australiarane nokon gong tidlegare i eit VM, og vann med 36 runs. Kohli sjølv scora svært akseptable 82 poeng.

– Det var ein perfekt kamp av oss, sa kaptein Kohli. – Og vi hadde noko å revansjere, sa han, og tenkte på det vonde semifinaletapet han var med på i førre VM.

I cricket blir spelarane mellom anna målt på tal på «centuries» – kampar med over 100 poeng. Fram til VM har Kohli 41 «centuries» i ODI-kampar, ifølgje statistikk i Wikipedia. Det er det berre legenden Sachi Tendulkar som har fleire (meir om Tendulkar seinare i artikkelen).

God sportsånd

India-kapteinen viste stor sportsånd då han bad sine eigne fans på tribunen slutte med hetsande tilrop mot Australias Steve Smith. Smith var tilbake etter eitt års utestenging fordi han og ein lagkamerat hadde fiksa ein ball på ulovleg måte i ein test-serie i Sør-Afrika i fjor, og fekk høyre det av motstandar-fansen.

– Eg synest synd i han. Det er ikkje akseptabelt å oppføre seg slik mot ein spelar, sa Kohli.

Men torsdag er tabelleiar New Zealand motstandar, og søndag ventar altså erkefiende Pakistan. Det vil bli ein skikkeleg test for superstjerna, både som spelar og kaptein.

Rohit Sharma

HUNDRE: Rohit Sharma blei den store i I Indias første kamp med sitt «Century» – over 100 poeng

Foto: Dibyangshu Sarkar / AFP

– Virat Kohli er nok den største cricket-profilen akkurat no. Og saman med skodespelar-kona fangar dei nok interessa til dei – nokså få – indarane som ikkje er spesielt cricket-interesserte. Han er ein fin fyr som gjer det veldig godt, seier Tariq Mir.

Kohli leier slagmann-rankinga til det internasjonale cricketforbundet både i testkampar og ODI. Men i T20 finst han ikkje blant dei ti beste.

Artikkelen held fram under biletet

«Virushka»

Virat Kohli og Anushka Sharma

VIRUSHKA: Virat Kohli blir gratulert av kona Anushka Sharma. Ho er populær Bollywood-skodespelar, og saman er dei kjende som "Virushka" i indiske kjendismedia

Foto: David Gray / AFP

Kohli runda i mai 100 millionar følgjarar på sosiale media, flest av alle i internasjonal cricket. Det blei slått opp av mange media omkring på kloden.

Det er likevel godt bak fotballstjerner som Cristiano Ronaldo, Lionel Messi og Neymar, og basketstjerna LeBron James.

Men hans rating er så sterk at ein einaste sponsa post på hans instagramkonto kostar over ein million kroner. Og med suksess i VM, der India saman med vertsnasjonen England er favoritt, kjem nok følgjarskaren til å auke monaleg.

Kona Anushka Sharma er Bollywood-skodespelar, og bileta av dei to saman – med tilnamnet «Virushka» i kjendispressa – hjelper nok litt på ratingen.

Laster Twitter-innhold

I 2017 blei Kohli kaptein på ODI-laget.

Større enn ikonet

Men Kohli er litt «uindisk», fordi han skil seg ut frå gentlemanspreget som tradisjonelt pregar cricket. Han fekk badboy-stempel allereie då han leia India til siger i U19-VM i 2008, og har alltid vist eit enormt temperament.

Han er også kjend for å slenge med leppa og snakke rett frå levra. I november i fjor vekte han sterke reaksjonar med sine utsegner då han på sin eigenproduserte app sa at cricketfans som likar utanlandske lag og spelarar berre kan kome seg ut av India.

Han fekk sterk kritikk av kommentatorar, og gjekk delvis tilbake på det han skreiv.

Men popularitetsmessig gav det knapt nok ei ripe i lakken.

På sosiale media er han til og med større enn nasjonalikonet Sachin Tendulkar, det nærmaste ein kjem ein gud i indisk cricket. Tendulkar står med «berre» 74 millionar følgjarar.

Tendulkar er kanskje den største og mest profilerte cricketspelaren gjennom tidene. Frå 1989 til 2013 knuste han så godt som alle rekordane i cricket. Han slutta på 664 landskampar, inkludert 200 testkampar, som er dei største og mest prestisjefylte.

150 år eldre enn fotball

Sachin Tendulkar
Foto: John Macdougall / AFP

Tendulkar var kaptein for India i 2011, då også Virat Kohli spela alle kampane. I finalen mot Sri Lanka scora Kohli og «rekkekamerat» Gautam Gambhir 83 runs (poeng) i tredje inning (omgang). Det blei seinare rekna som vendepunktet i kampen der det cricket-galne landet tok sin første VM-tittel på 28 år.

Organisert cricket daterer seg tilbake til omkring år 1700, rundt 150 år før fotballen dukka opp som organisert idrett.

Men VM blei det ikkje før i 1975, og årets er det 12. i rekkja. Australia er tittelforsvarar.

Og India grugledar seg til møtet med Pakistan. Dei to landa spelar aldri mot kvarandre anna enn når dei må i VM.

– Men då skal eg love deg at det blir stemning, seier Tariq Mir.

Og kor mange er det Virat Kohli sjølv følgjer? 145 – 93 på instagram og 52 på twitter.

Siste nytt

  • Bytyqi terminerte kontrakten i Tyrkia - trener mot Viking

    Zymer Bytyqi bekrefter overfor Stavanger Aftenblad at han har terminert kontrakten sin med den tyrkiske toppklubben Antalyaspor.

    – Det har vært litt av en prosess og mye stress de siste dagene. Jeg har ikke tenkt så mye på framtiden nå. Akkurat nå ser jeg fram til ro, sier 27-åringen til Aftenbladet.

    Bytyqi gjorde i 2021 overgang fra Viking til Konyaspor, før reisen gikk videre til Olympiakos to år senere. I fjor sommer reiste han tilbake til Tyrkia og signerte for Antalyaspor, hvor han endte med to mål og fire målgivende på 33 kamper.

    Kantspilleren ønsker imidlertid ikke å oppgi noen årsak for hvorfor kontrakten er terminert. Hans opprinnelige kontrakt varte til sommeren 2026.

    Etter bruddet med Antalyaspor, snakket Bytyqi med Viking-trenerne og fikk lov å trene med gamleklubben.

    – Det er veldig hyggelig at jeg får være med. Jeg har ikke hastverk med å finne en ny klubb, sier Bytyqi.

    Han legger til at han har gode kort på hånden, og at han skal trene med Viking så lenge han er velkommen. (NTB)

    Eliteserien 2020: Viking - Vålerenga (2-2)
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Lilleberg og Pettersen ønsker å være med i VM: – Selvfølgelig har jeg lyst

    De to USA-proffene Emil Lilleberg og Mathias Emilio Pettersen har forsikret landslagssjef Tobias Johansson om at de ønsker å bidra for landslaget under VM.

    Spillerne er riktignok avhengig av hvordan det går i sluttspillet for sine respektive lag. Lillebergs Tampa Bay Lightning ligger under 0-3 i kamper mot Florida Panthers, mens Emilio Pettersens Texas Stars slo ut Manitoba Moose og møter Milwaukee Admirals i en best av fem-serie.

    – Jeg spiste middag med Emil for en måned siden, og han var veldig positiv til VM-spill når han er ferdig der borte. Men det er usikkert om Tampa vil sende ham til Syracuse, eller hva som skjer når de eventuelt ryker ut, sier Johansson til nitten.no.

    Første kamp for Emilio Pettersen & co. spilles først 2. mai. Serien avsluttes så sent som 12. mai, dersom de spiller alle de fem kampene.

    – Jeg prøver å ha fokus på sluttspillet her nå, men selvfølgelig har jeg lyst til å spille VM om det åpner seg opp en mulighet for det, sier Pettersen.

    – Kan du reise dersom dere ryker i neste runde med Texas Stars?

    – Jeg er usikker på hva som skjer med Dallas i sluttspillet, så jeg må ta det som det kommer da. Jeg kan ikke si noe 100 prosent nå, svarer han.

    Fra før har veteranene Mats Zuccarello og Patrick Thoresen stilt seg tilgjengelig til verdensmesterskapet i Praha, som spilles fra 10. til 26. mai.

    (©NTB)

    eFmZjB-LXIs
    Foto: NTB
  • Klopp om mulig arvtager: – Høres veldig bra ut

    Jürgen Klopp uttaler seg veldig positvt om Arne Slot, som er i detaljer om å bli Liverpools nye manager.

    Tidligere denne uken tok klubbens jakt på Klopps erstatter en klar vending. Slot ble pekt ut som favoritt, og torsdag bekreftet Feyenoord-treneren at han er i samtaler med Liverpool.

    På fredagens pressekonferanse fikk Klopp spørsmål om nederlenderen, og sa at han liker mye ved det.

    – Jeg er ikke involvert i prosessen, men jeg liker måten laget hans spiller på. En god trener og en fin fyr. Hvis han er mannen, så blir jeg mer enn fornøyd, sier Klopp.

    – Det er ikke opp til meg å bestemme, men det høres veldig bra ut, forsetter den avtroppende Liverpool-manageren. (NTB)

    Jürgen Klopp
    Foto: Andrew Boyers / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal