– Den mest dramatiske VM-finalen i lagidrett nokon gong

Cricket-verda er imponert over finalekampen, men mange reagerer også på måten den dramatiske VM-finalen søndag blei avgjort på.

Cricket - VM-finale

JUBEL: England sikrar seg sin første VM-tittel nokon gong, og det til og med på heimebane

Foto: Peter Cziborra / Reuters

Den heilt jamne kampen måtte nemleg avgjerast på ein måte som ingen annan finale har blitt – nemleg talet på «boundaries».

– Vi kjem aldri til å sjå ein liknande cricketkamp igjen, seier generalsekretær Gry Bruaas i Noregs Cricketforbund. Ho hadde gleda av å vere til stades.

VM finalen i cricket er eitt av dei aller største idrettsarrangementa i verda, med eit globalt tv-publikum på høgde med VM-finalen i fotball.

– Mest dramatiske finalen nokon gong

Finalen mellom England og New Zealand på Lord's i London søndag blei akkurat så god, jamn, spennande og dramatisk som alle hadde håpa.

New Zealand såg lenge ut til å dra i land ein klar siger, men ein ufatteleg sterk innspurt av England gav uavgjort 241–241.

Derfor måtte det ekstraomgang til – ein såkalla «super over». Og som om kampen ikkje hadde vore dramatisk nok, enda ekstraomgangen også uavgjort, 15–15.

– Den mest dramatiske VM-finalen i lagidrett nokosinne, skriv The London Economics.

«Super over» har berre blitt brukt 11 gongar tidlegare i internasjonal cricket, og aldri i ODI (One Day International), som er konkurranseforma i VM.

Trent Boult med boundary

BOUNDARY: New Zealands Trent Bould greier ikkje å stanse i tide, og trakkar på banekanten. Dermed gir han England ein såkalla boundary, som til slutt blei avgjerande for VM-finalen

Foto: Glyn Kirk / AFP

Dermed måtte verdsmeisteren kårast på kven som hadde boundaries i løpet av kampen – minst mogeleg margin å avgjere ein kamp på. Det vil seie kor mange slag der ballen blei slått ut av bana. Der vann England 26–17.

Men å avgjere sjølvaste VM-finalen på den måten, fell ikkje i god jord hos alle i cricket-miljøet.

– Det er ei heilt idiotisk regel, skriv Indias tidlegare stjernespelar Gautam Gambhir på Twitter.

– Eg kan ikkje forstå korleis ein så viktig kamp skal bli avgjort slik. Det skulle ha blitt eit uavgjort resultat.

Laster Twitter-innhold

– Som å tape på myntkast

New Zealands tidlegare landslagsspelar Dion Nash seier han kjenner seg snytt etter at hans lag tapte på boundaries.

– Det er absurd. Det er omtrent like tilfeldig som å tape på myntkast, seier han til stuff.co.nz.

Shaz Khan

RETTFERDIG: – Det var ein fair måte å avgjere vinnaren på, meiner Noregs landslagssjef Shaz Khan

– Eg meiner det er ein fair regel, seier Noregs landslagssjef Shaz Khan til NRK. – Det er ein kamp som er så jamn at det er små marginar som avgjer uansett, så då er det greitt med ein slik regel. Men det kan nok hende at ICC (det internasjonale cricketforbundet) set seg ned og vurderer regelen.

– Å avgjere på boundaries blir samanlikna med å avgjere på myntkast. Er det ei samanlikning du kan vere med på?

– Nei. Myntkast er rein slump. Med boundaries blir det avgjort ute på bana, seier Khan.

Men om sjølve finalen er det berre ei einaste meining i cricket-miljøet: Dette var den beste VM-finalen nokosinne.

– Derfor betydde det ikkje så mykje kven som vann. Dette var ein siger for cricketsporten, seier Gry Bruaas.

Siste nytt

  • Mestere for første gang på 19 år

    Den portugisiske klubben Sporting Lisboa slo Boavista 1-0 tirsdag kveld og med det ble det klart at de er portugisiske seriemester. Det er klubbens 19. seriegull, og det første på 19 år.

    Porto var tittelforsvarer. De siste 18 sesongene har tittelen gått til enten Porto (11 ganger) eller Benfica (7 ganger). Sporting Lisboa triumferte forrige gang i 2002.

    Sporting Lisboa har blant annet hatt navn som Cristiano Ronaldo på laget, og portugiseren er en av de som har gratulert klubben i sosiale medier.

    Portugal Soccer
    Foto: Pedro Rocha / AP
  • Snudde til etterlengtet seier

    Southampton har vært Premier Leagues svakeste lag i 2021, men fikk en liten opptur ved å vende til 3-1-seier over Crystal Palace i tirsdagens hengekamp.

    Christian Benteke sendte gjestene i ledelsen etter bare to minutter, men to mål fra Danny Ings og ett fra Che Adams sendte Southampton opp på 14.-plass på tabellen. Laget hadde bare tatt 11 poeng i 2021.

    Ings og Minamino
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters
  • Foss mistet den hvite trøya

    Tobias Foss falt i sammendraget på den fjerde etappen av Giro d`Italia. Nordmannen lå som nummer to i sammendraget, kun 16 sekunder bak italienske Filippo Ganna før etappen, men fikk det tungt inn i den siste bakken for dagen.

    23-åringen seilet akterut etter å ha beskyttet lagets kaptein George Bennett hele dagen. I mål var nordmannen rett over tre minutter bak etappevinner Joe Dombrowski.

    Dermed ligger Foss på en 31. plass i sammendraget etter fire etapper. Samtidig seilet italienske Alessandro De Marchi inn i den rosa ledertrøyen etter at han ble nummer to på etappen.

    Italy Giro Cycling
    Foto: Fabio Ferrari / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal