Hopp til innhold

Debatten rasar rundt «ukollegial» dansk stjerne:– Alle har rett til si meining

Wout van Aert meinte sjølv ein konflikt mellom han og Jonas Vingegaard var konstruert i ein dokumentar om Touren i fjor. No rasar ekspertane i Belgia over manglande dansk hjelp.

Jonas Vingegaard

FÅR KRITIKK: Den danske Tour-stjerna Jonas Vingegaard.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Følg og høyr den tredje etappen i Tour de France her!

– Alle har rett til si meining, og dei har si meining, det kan ein ikkje gjere noko med, seier Vingegaard til dansk TV 2 før starten på den tredje etappen av årets Tour de France.

Svaret kjem på spørsmål om korleis han har opplevd oppstyret som oppstod etter den andre etappen søndag.

Der kom Wout van Aert til kort i kampen om ein etappesiger i årets Tour de France. Med eit lurt støt like før den siste kilometeren, heldt franske Victor Lafay akkurat unna I San Sebastián søndag.

Wout van Aert

FORBANNA: Medan Victor Lafay (venstre) jubla, var Wout van Aert (høgre) irritert etter å ha komm i mål i San Sebastián.

Foto: Daniel Cole / AP

Dette er den første sigeren til det franske Cofidis-laget i Tour de France sidan Sylvain Chavanel vann den 19. etappen i 2008. Ei «forbanning» vart broten for det franske laget. Om ikkje ei forbanning, så verka Van Aert mildt sagt forbanna etter målgang og slo hardt ned i lufta, like ved eige styre.

100 meter seinare kasta han drikkeflaska i bakken - ei handling Tadej Pogacar imiterte overfor samanlagtleiar Adam Yates noko seinare. I videoen, delt av mellom anna Sporza, høyrer ein Pogacar seie «like a child» - «som eit barn», tilsynelatande knytt til Van Aerts flaskekasting.

Belgiaren lét sykkelen falle i bakken då han svinga inn ved lagbussen. Like etter han gjekk inn på bussen, kunne ein høyre eit høgt rop.

– Akkurat i dag (søndag) trur eg Van Aert er veldig irritert over at ein stor sigerssjanse glapp, seier NRKs sykkelekspert, Sondre Sørtveit.

– Hadde vore fly forbanna

På begge dei to første etappane har laget til Van Aert, Jumbo-Visma, gjort mykje jobb mot slutten for å prøve å halde det samla. Men danske Jonas Vingegaard, det store samanlagthåpet til laget, har ikkje vore ein del av den innsatsen.

– Eg hadde vore fly forbanna, sa TV 2 sin ekspertkommentator, Thor Hushovd, i TV 2 si sending.

– Sett i ettertid, så kunne han ha gjort noko. Men du kunne ikkje rekne med eit angrep frå Lafay på den siste kilometeren. Og det er ikkje Playstation heller. Wout kunne også ha henta inn Lafay, men då ville han ha vorte slått av Pogacar i spurten, og det ønskjer du ikkje i det heile, sa Jumbo-Visma sin sportsdirektør, Frans Maassen til NOS, ifølgje Wielerflits.

– Vi må sjå på det. Du kan ikkje føresjå alt. Det kunne definitivt ha utgjort ein forskjell i dag. Då ville vi hatt sigeren i lomma, men dessverre vart det ikkje slik, sa Jumbo-ryttar Wilco Kelderman til NOS om Vingegaard si rolle.

Kelderman gjorde mesteparten av jobben på den siste kilometeren, før Tiesj Benoot kom hjelpande til inn mot oppløpet. Men for seint for Jumbo-Visma.

– Vi mangla berre litt krefter, omtrent ein ryttar, som kunne ha tetta luka, sa Kelderman.

Vingegaard Van Aert

TO STJERNER: Wout van Aert og Jonas Vingegaard, her frå pressesona etter lagpresentasjonen torsdag.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Får hard kritikk i Belgia

I sykkelgalne Belgia har Vingegaard si køyring vorte møtt med kritikk.

– Eg har all mogleg respekt for Tour-vinnaren (Vingegaard), men i dette tilfellet burde han ha vore ein lagkamerat i litt større grad, sa Sporza-kommentator José Cauwer, og følgde opp:

– Vingegaard burde ha gjort sin del av jobben. Eg finn ingen unnskyldningar for det. Ingen kan få meg til å endre meining.

Allereie etter laurdagsetappen fekk Vingegaard høyre det frå belgisk presse. Sykkelkommentatoren Michel Wuyts skreiv i spalta si for Het Laatste Nieuws at Vingegaard var passiv.

– Kvifor gjer ikkje Vingegaard noko for Van Aert. Eg forstår det ikkje. Han har skuffa meg litt, skreiv Wuyts etter opningsetappen.

Vingegaard vart spurt av Wielerflits om kritikken som har kome frå Belgia etter etappen.

– Eg synest ikkje det er rettferdig, svarte dansken.

Vingegaard Pogacar

HESTEHOVUD FØRE: Tadej Pogacar og Jonas Vingegaard har vist seg som dei beste klatrarane i årets Tour de France så langt. Her er dei to på søndagsetappen.

Foto: Bernard Papon / AP

Droppa intervju

Van Aert forlét målområdet i San Sebastián utan å gjere nokre intervju. Jonas Vingegaard kom etter ein dusj ut til pressa, der han forklarte at måten han hjelper van Aert på var å ikkje samarbeide med Tadej Pogacar.

– Eg kunne ha vore egoistisk og gått rundt med Pogacar. På den måten hjelpte eg. For min del, så må eg berre fokusere på samandraget, sa Vingegaard til internasjonal presse søndag.

Pogacar og Vingegaard fekk ei luke over den siste stigninga til etappen, slik dei også gjorde på opningsetappen laurdag -. då saman med Victor Lafay. I begge tilfella har Vingegaard nekta å samarbeide med rivalen Pogacar.

– Eg var berre skuffa over at eg ikkje vann. Vi køyrde for siger, og så skjedde det ikkje. Vi var nære, og det er alltid frustrerande. Eg trong litt tid for meg sjølv, forklarer van Aert til dansk TV 2 eit snautt døgn etter hendinga.

Les også Tour de France 2023: Alt du trenger å vite

flere syklister med hjelm og briller med teksten Tour de France NRK Sport

Reagerte på Netflix-serie: – Ganske forstyrrande

For Van Aert vart Tour de France i fjor ein stor suksess, med tre etappesigrar og siger i poengkonkurransen. I tillegg vann altså Vingegaard samanlagt, mellom anna etter fleire viktige bidrag frå Van Aert som hjelperyttar.

I Netflix-dokumentaren Tour de France: Unchained, som kom ut for nokre veker sidan, blir det hinta om at det var gnissingar mellom Van Aert sine ambisjonar og Vingegaard sine ambisjonar i Tour de France i fjor.

Det fekk Van Aert til å reagere sterkt i eit intervju med belgiske Sporza i forkant av årets Tour:

– Det er ganske forstyrrande at historier som ikkje vart tatt med i dokumentaren. For meg, så er serien fokusert på oppstyr, sa Van Aert, og følgde opp:

– Jonas og eg er bestevenner. Den fokuserer på augneblink der det er vanskeleg å ta rett avgjerd, men det er også så mange augneblinkar der vi støtta kvarandre og jobba saman. Det er ei skam at det ikkje vart teke med.

Også Vingegaard var kritisk til framstillinga i Netflix-serien, då han vart spurd på ein pressekonferanse i dagane før Tour dei France-starten.

Heilt generelt synest eg det er bra for sykkelsporten og laga. Men eg synest også at det nokre gonger ber preg av at ein skaper ei historie som ikkje er der, sa Vingegaard ifølgje Ekstra Bladet.

NRKs sykkelekspert trur ikkje Van Aert kjenner på direkte misnøye mot at Vingegaard ikkje har bidrege meir på dei første etappane.

–Antakinga mi er at Vingegaard som regjerande meister har fått «frikort» til å berre konsentrere seg om å følgje dei største samanlagtkonkurrentane hans, og elles kvile der han kan, uavhengig av om det går ut over Van Aerts sjansar til etappesigrar, seier Sørtveit.

– Men kanskje kan ein så sur andreplass som i dag føre til at Van Aert er litt mindre motivert til å gå i kjellaren for kapteinen sin seinare i rittet, seier Sørtveit vidare.

Sportsnyheter

Landslagspadlerne og brødrene Amund og Eivind Vold har begge blitt diagnostisert med kreft.

Lillebroren overlevde blodkreft: Fem år senere fikk han selv kreftbeskjeden

Eivind og Amund Vold er brødre og landslagsutøvere i padling. Først ble Amund (26) rammet av blodkreft, og få år senere merket Eivind (31) at noe var galt også med ham.

Mbappe

Knallhardt ut mot blodig Mbappé: – Mangler respekt for motstanderen

En blodig Kylian Mbappé fikk flere til å reagere. Han brakk nesa og skal få laget en maske.

hkxcE8oANkk

Håner søkkvåte EM-drakter: – Nitrist

Belgia gikk på et sjokktap mot Slovakia. Både klissvåte drakter og VAR-drama skaper reaksjoner.

Siste nytt

  • Tour de France-start i Barcelona i 2026

    Barcelona blir vertsby for åpningsetappen i sykkelrittet Tour de France om to år.

    Det ble kunngjort av Barcelonas ordfører, Jaume Collboni, på en pressekonferanse tirsdag formiddag.

    – Grand Départ Tour de France 2026. Sees i Barcelona, skriver Tour de France på X.

    Touren opplyser videre at de tre første etappene skal gå i Barcelonas nærområde. Tour-start i 2026 er 4. juli.

    I årets utgave skal Tour de France starte i Firenze og Italia. Neste år er det start i Lille. (NTB)

  • Ingebrigtsen, Warholm og Nordås er ikke påmeldt NM

    Hverken brødrene Jakob, Filip og Henrik Ingebrigtsen eller Narve Gilje Nordås er meldt på NM i friidrett. Mesterskapet skal holdes på deres hjemmebane i Sandnes 27. - 29. juni.

    Natt til tirsdag gikk påmeldingsfristen til friidretts-NM ut.

    – Det medfører riktighet at de ikke er meldt på. Vi forventer likevel at alle fire stiller, sier leder for arrangøren Jan Norheim.

    Norheim forteller at en kan etterpåmelde seg ganske nærme konkurransen.

    Karsten Warholm er heller ikke meldt på NM i friidrett foreløpig.

    Brødrene Ingebrigsten
    Foto: Heiko Junge / NTB
  • Klæbo har reist hjem fra landslagssamling

    En liten overbelastning i albuen gjør at Johannes Høsflot Klæbo har reist hjem fra landslagssamlingen i Fredrikstad denne uken.

    – Jeg er på bedringens vei, og er snart klar igjen for normale belastninger i treningen, sier Klæbo.

    – Johannes er under oppfølging av det medisinske støtteapparatet, og vi forventer å få kontroll på dette ganske raskt, sier landslagslege Ove Feragen.

    Trønderen reiser imidlertid tilbake til Fredrikstad på lørdag. Da skal han delta i et løp mot barn i forbindelse med Idyllfestivalen.

    – Mange barn og masse idrettsglede. Det gleder jeg meg til. Det blir helt topp, sier Klæbo.

    Skilandslaget på Sognefjellet
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal