Russland er utestengd frå all internasjonal friidrett, og får heller ikkje delta i friidrettsøvingane i OL. Årsaka er avsløringane av systematisk og omfattande statleg styrt doping i Russland i fleire år.
Mannen som leiar granskinga, Richard McLaren, seier at hans arbeid held fram, og at fleire opplysningar og fleire namn kan bli trekte inn fortløpande.
Russland hadde meldt på 68 friidrettsutøvarar til OL i Rio. 67 av dei vart avviste.
Har budd i USA i fem år
Unntaket var lengdehopparen Darja Klisjina. Ho har budd i Florida sidan 2011, har trena i USA, og har hatt jamlege dopingtestar der.
Men no har det internasjonale friidrettsforbundet ombestemt seg.
På grunn av nye opplysningar må ho likevel reise heim. IAAF fekk opplysningane for nokre dagar sidan, fortel talsmann Yannois Nikolaou til telegrambyrået Ap.
Han vil ikkje gå nærmare inn på kva dei nye opplysningane dreia seg om. Men russiske media melder at ho trass sin USA-baserte status likevel har vore innom det statsdrivne russiske dopingsystemet.
– Offer for dei som øydelegg idretten
Klisjina skulle etter planen ha deltatt under OL-flagget, ikkje under det russiske. På grunn av det, har ho fått mykje tyn på sosiale media frå russarar som kallar henne ein forrædar.
Klisjina ha anka avgjerda til den internasjonale idrettsdomstolen, CAS.
– Eg har bevist mange gonger at eg er rein, seier ho.
– Eg er eit offer for dei som skapte eit juksesystem, og som øydelegg den vakre idretten vår. Eg ankar avgjerda om å stenge ute meg frå OL til CAS, skriv ho.
Klisjina håpar på ei avgjerd innan tysdag, då kvinnenes lengdekvalifisering skal gå.
Ho tok gull i innandørs-EM både i 2011 og 2013, og har ein personleg rekord på 7,05 meter.
Den russiske OL-presidenten Alexander Zjukov kallar avgjerda «å latterleggjere ein utøvar».
– Dersom Darja er nemnd i McLaren-rapporten, må IAAF ha kjent til det lenge, seier han.
IAAF seier dei ikkje vil kommentere saka ytterlegare før etter høyringa i eit CAS-panel i morgon.