Hopp til innhold

Dansar for VM-gull – så fell takplata ned

Det blei meir dramatisk enn venta i VM i jazzdans i Polen. Men for det norske paret blei det ein lykkeleg slutt.

Tak faller ned på dansegolvet

Her ser vi plata frå taket falle på dansegolvet frå sju meter (Video: Arne Jappee)

– Medan nokon var i ferd med å danse, fall det ned ei plate frå taket og small rett i golvet. Heldigvis var det ingen som stod rett under plata, men konkurransen og musikken stansa med ein gong, fortel Selina Jappée om det som skjedde.

Men det enda godt. Jappée og partnar Herman Keim utnytta pausen best og dansa seg til gull og VM-tittel.

Selina og Herman

VM-GULL: Selina Jappee og Herman Keim brukte den ufrivillige pausen godt og sikra gullmedaljen

Foto: Tony Mayher

Det var under VM i Rawa Mazowiecka utanfor Warszawa i Polen sist laurdag det skjedde.

To norske dansarar hadde akkurat avslutta sin dans, og det neste paret, frå Tyskland, hadde halde på i rundt eitt minutt då ei gipsplate i taket fall sju meter ned på golvet.

NRK har onsdag prøvd å få kontakt med både arrangørane i Polen og det polske danseforbundet utan å lykkast.

Flytta til mindre sal

Jappée og Keim hadde dansa sine innleiande rundar då takplata losna.

– Vi fekk beskjed om at det ville bli ein pause medan arrangørane granska taket. Vi fekk nye meldingar heile tida, og til slutt blei dansen flytta til ein annan sal på hotellet. Den salen var ikkje like stor, og det blei litt vanskeleg. Men golvet i den nye salen var betre for vår dans. Så det gjekk jo greitt, men det blei stress, seier ho.

«Gjekk greitt» er nok ei underdriving. For Selina og Herman brukte den uventa pausen svært godt.

Sprang til matsalen i pausen

– Vi hadde begge dansa solo også, og ikkje fått tid til mat. Vi tok til å bli slitne, og mangla energi. Straks pausen oppstod, sprang vi til matsalen for å få i oss litt mat, fortel Jappée.

Herman Keim og Selina Jappee dansar seg til VM-gull

VERDSMEISTER: Herman Keim og Selina Jappee er verdsmeister i jazzdans

Foto: jan bandura take a pic / jan bandura take a pic

Då finalen kom i gang i den nye salen, ein og ein halv time seinare, gjekk alt perfekt.

– Vi var kjempenøgde med dansinga då vi gjekk av golvet, det var ei skikkeleg god kjensle, seier ho.

Det skulle vise seg at det heldt til VM-gull framfor eit polsk og eit amerikansk par.

– Har du opplevd noko liknande før?

– At taket dett ned? Nei. Men eg opplevde at ein gong at scene datt ned litt, nokre plater i golvet knakk saman, fortel ho.

Vil til Idrettsgallaen

Jappée kom heim frå Polen med to bronsemedaljar og ein fjerdeplass i tillegg til gullet.

Det kan kome godt med for å få oppfylt hennar store ønskje: Å kome til Idrettsgallaen på nyåret.

– Eg har alltid følgt med på Idrettsgallaen. Dans er ikkje ein idrett som er veldig mykje i media, og det hadde vore moro berre å vere der, seier Jappée.

Ho har tre VM-titlar og fire EM-titlar å slå i bordet med dette året. Det kan ha betydning for nominasjon.

I 2015 og 2016 var ho Noregs mestvinnande utøvar uansett idrett. Då blei ho foreslått av Tom A. Schanke. Men ho blei ikkje nominert av sitt eige forbund, derfor kom ho ikkje på den offisielle lista.

Det håpar ho endrar seg i år. Jappée fyller 20 år 22. desember.

Kanskje blir nominasjonen årets bursdagsgåve.

Sportsnyheter

Bayern München raste 12 minutter på overtid – hevder dommeren innrømte feil

Nesten tretten minutter på overtid satte Bayern München ballen i mål, men dommeren blåste av for offside like før. Det skaper reaksjoner.

Siste nytt

  • Atlético Madrid fikk opphevet rasismestraff

    Den spanske fotballklubben Atletico Madrid slipper å delvis stenge egen arena samt betale en bot for rasistisk oppførsel av egne supportere.

    Torsdag valgte Det spanske fotballforbundet å godta anken Atletico hadde inngitt mot straffen klubben ble ilagt for en tid tilbake. Til grunn for sanksjonene lå rasisme rettet mot Athletic Bilbao-vingen Nico Williams.

    Atletico ble opprinnelig beordret til å delvis stenge egen hjemmearena i to La Liga-kamper, samt betale en større bot, for Williams-episodene. Vingen skal ha blitt møtt med apelyder under en kamp i forrige måned.

    Forbundet peker på Atleticos «aktive samarbeid» som grunn til at straffen nå legges bort. (NTB)

    84_5MnFD41w
    Foto: Reuters
  • Lahti får «låne» den klassiske Kollen-femmila – første gang på 40 år

    Det blir ingen prestisjefylt Kollen-femmil for langrennsstjernene i 2025. I stedet får Lahti arrangere en 50 kilometer i verdenscupen to uker etter VM i Granåsen.

    Det ble endelig vedtatt på denne ukens møte i langrennskomiteen i Det internasjonale ski- og snowboardforbundet (FIS) i slovenske Portoroz.

    Verdenscuprennene i langrenn i Holmenkollen neste sesong legges til 15. og 16. mars. Det er helgen etter at VM i Trondheim er avsluttet. I stedet for femmil blir det distanserenn over 10 og 20 kilometer.

    Årsaken er at mesterskapet i Granåsen avsluttes med femmil for begge kjønn. Med det som bakteppe har langrennstoppene i FIS besluttet at det ikke vil være fornuftig med en ny femmil kun én uke etter i Holmenkollen.

    I stedet er det funnet plass til distansen når sirkuset forflytter seg videre til Lahti to uker etter VM. Femmila i Lahti går dermed søndag 23. mars.

    (NTB)

    jm3C-4cNNLY
    Foto: NTB
  • VIF-talent (19) må trolig legge opp

    En alvorlig kneskade tvinger trolig Vålerenga-spiller Jacob Dicko Eng (19) til å avslutte fotbalkarrieren langt tidligere enn han hadde tenkt.

    Oslo-klubben opplyser om den kjedelige situasjonen i sine kanaler torsdag.

    I oktober i fjor pådro Eng seg en alvorlig kneskade mot Fram Larvik i 2. divisjon. Legene ga beskjed om at det var 50 prosent sjanse for at han ville komme tilbake som fotballspiller.

    Til tross for operasjon og iherdig opptrening ble det etter undersøkelser denne uka klart at Jacob fortsatt har en veldig lang vei å gå. Sjansene for comeback er små, melder Vålerenga.

    (NTB)

    Jacob Dicko Eng
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal