Hopp til innhold

I dag kan City bli utestengt: Dommen kan påverke all internasjonal fotball

Måndag får Manchester City svar på om dei får lov til å delta i meisterligaen dei neste to åra. Uansett utfall av dommen, vil han ha store konsekvensar for internasjonal fotball.

Pep

MEISTERLIGA: Manchester City har sikra andreplassen i årets Premier League, og er dermed kvalifisert for meisterligaspel neste år. Der er det likevel ikkje sikkert dei får delta.

Foto: Paul Childs / AFP

– Eit nederlag for Uefa er alvorleg. Det viser at dei mektigaste klubbane i England har vorte mektigare enn Uefa. Det er ei dramatisk sak, seier Hallgeir Gammelsæter.

Han er professor i samfunnsendring, organisasjon og leiing ved høgskulen i Molde og har følgt med på saka mellom Manchester City og det europeiske fotballforbundet (Uefa).

Den engelske klubben skal ha brote Uefas økonomiske regelverk, kalla Financial Fair Play (FFP), og har anka ei to år lang utestenging frå spel i Europa. Men saka handlar ikkje berre om Manchester City og europaspel eller ikkje.

Saka kan få konsekvensar for all internasjonal fotball.

Må tene meir enn dei brukar

I februar konstaterte det europeiske fotballforbundet (Uefa) at City hadde brote FFP. Målet med regelverket er, i veldig korte trekk, mellom anna å sørgje for at fotballklubbane ikkje bruker meir pengar enn dei faktisk tener.

På den måten skal ein hindre at rike investorar spyttar inn pengar i klubbane, og at laga kan kjøpe seg til suksess med dyre overgangar og høge lønningar. Dei må først skaffe seg pengar på «naturleg» vis, som til dømes gjennom TV-avtalar, sponsorar, billettinntekter og premiepengar.

Harry Arne Solberg, professor ved Handelshøyskolen i Trondheim

SPENT: Professor Harry Arne Solberg er spent på om ein tør å stenge ute Manchester City frå europeisk fotball.

Foto: Amund Aune Nilsen / NRK

Regelverket vart mildare for nokre år sidan. Uefa viser til at gjelda til klubbane, samanlikna med inntektene, har gått ned frå 65 til 35 prosent. Likevel meiner ikkje den norske professoren på sportsøkonomi, Harry Arne Solberg, at regelverket er godt nok.

– Vi treng FFP. Antakeleg treng vi noko endå strengare enn dagens regelverk for å få bukt med problema. Klubbane klarer ikkje regulere dette sjølv, seier professor i sportsøkonomi ved NTNU, Harry Arne Solberg.

– Leitar etter smotthol

Tilbake til City. I 2008 tok den styrtrike sjeiken frå Dei sameinte arabiske emirata, Mansour bin Zayed Al Nahyan, over som eigar av den engelske klubben. Sjeiken spytta inn enorme summar dei første sesongane.

Mansour

EIGAR: Sjeik Mansour bin Zayed Al Nahyan (t.v.) overtok som City-eigar i 2008. Her saman med tidlegare konsernsjef i City, Garry Cook.

Foto: Phil Noble / Reuters

Før 2010/2011-sesongen vart dei nye økonomiske reglane innførte. Plutseleg auka òg sponsorinntektene frå det nasjonale flyselskapet i Dei sameinte arabiske emirata, Etihad, frå 8 millionar euro til 67,5 millionar euro, altså ei åttedobling. Ifølgje interne e-postar som Der Spiegel har fått tak i, var dei snautt 60 millionane pengar som sjeik Mansour betalte via flyselskapet. City har heile tida hevda at dei ikkje har gjort noko gale.

– Klubbar som Manchester City, PSG og Chelsea kallar gåver for sponsorbidrag. Ein kallar det gjerne økonomisk doping. Det fører til at andre klubbar blir meir aggressive og leitar etter smotthol. Det blir stort sett gjort i heile Europa i større eller mindre grad, seier Solberg.

I 2014 vart City straffa av Uefa for brot på dei same reglane. Den gongen fekk dei eit mellombels lønnstak og fekk berre registrere 21 spelarar til europeiske turneringar. Normalt kan eit lag registrere 25.

Pep Guardiola

BLIR? Om City blir utestengt frå europeisk fotball trur fleire ekspertar at klubben vil miste både trenarar og spelarar. Pep Guardiola har lova at han blir i klubben uansett.

Foto: Michael Regan / Reuters

Oppfatninga er at City igjen har brote reglane. Likevel er det svært få som faktisk har sett bevisa, men då e-postane vart lekne til Spiegel, starta Uefa opp ei ny etterforsking. Dersom e-postane er reelle, kan det tyde på at City aktivt har prøvd å lure Uefa når klubben har rapportert inn dei økonomiske tala sine. Uefa skriv i den opphavlege dommen sin:

– I strid med forskriftene har ikkje klubben klart å samarbeide i etterforskinga av denne saka.

– Kjøper seg positivt omdømme

Brot på dei finansielle reglane har skjedd ved fleire høve. I 2018 vann PSG ei sak mot Uefa i CAS. Den gongen anka dei ei avgjerd om at Uefa skulle ta opp ei bortlagd sak om brot på FFP. Men det enda med at Uefa ikkje fekk ta opp att saka, fordi tidsfristen var ute.

Eit nytt Uefa-tap kan føre til at fleire stiller spørsmål om regelverket. Er det godt nok? Treng ein eit slikt regelverk når ein uansett ikkje sanksjonerer brot på dei?

Dommen blir ikkje berre avgjerande for Citys meisterligaframtid, men vil sannsynlegvis òg setje ein standard for korleis dei økonomiske reglane blir etterlevde i framtida. I så fall kan det påverke langt fleire lag enn berre den engelske ligatoaren, rett og slett fordi saka skaper presedens og fordi Uefa viser at dei meiner alvor med regelverket.

Hallgeir Gammelsæter

PROFESSOR: Hallgeir Gammelsæter underviser mellom anna i managementet til sport ved høgskulen i Molde.

Foto: Høgskolen i Molde

– Det vil føre til to ting: Klubbane vil bli meir forsiktig og Uefa kan vere tøffare òg neste gong nokon bryt reglane. Fotballstyresmakta vil ha fått retta opp igjen styresmakta si til faktisk å regulere fotball, seier Gammelsæter.

I motsett fall vil det vere eit tydeleg teikn på at den viktigaste autoriteten i fotball ikkje lenger er Uefa eller FIFA, men klubbane.

– Viss dei taper på det, er det etter skjønnet mitt eit kraftig nederlag for Uefa og for så vidt andre styresmakter innan fotball, seier Gammelsæter.

Om det faktisk blir ei reell endring om dommen frå Uefa blir halde oppe, er professor Solberg skeptisk til.

– Trur du klubbane vil skjerpe seg, eller vil dei leite etter andre smotthol i regelverket?

– Historia seier at det gjerne er det siste som er mest aktuelt. Det er årsaker til at dei arabiske eigarane kjøper opp klubbar og skal arrangere VM, OL òg så vidare. Det er å kjøpe seg positivt omdømme, og det er ikkje noka avgrensing på pengar, seier Solberg.

Kjelder: ESPN, The Guardian, Der Spiegel, UEFA.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal