– Det er jo noko me har lagt merke til, og som er svært uvanleg for meg. Ein byrjar å lure på om det kan vere noko, seier Henrik Christiansen til NRK.
Straumar i vatnet kan ha ført til ujamne symjetider og banefordelar. Henrik Christiansen sumde konstant raskare den eine vegen enn den andre.
Forskjell på banene
No er mistankane bygd ut med forsking. Hovudteorien går ut på at bana ein sym i, gjer utslag på resultatet. Tre forskarar har sett nærmare på resultata i 50 meter fri, og funne at bane fem til åtte jamt over gir raskare tider enn bane ein til fire
Dette blir påvist av både kva bane dei som kvalifiserer seg til finale sym i, og at dei enkelte utøvarane kategorisk sym raskare når dei er i visse baner.
Det er amerikanske Joel Stager, direktør ved symjevitskapssenteret ved universitetet i Indiana, som står for dei viktigaste undersøkingane.
Han lanserte også liknande undersøkingar etter VM i 2013, der han meinte at det same var tilfellet.
Ujamne lengdetider
Stager får også støtte av Barry Revzin, som er skribent ved symjemenettstaden Swimswam.com. Han har registrert tidene til eit utval symjarar i OL, blant anna Henrik Christiansen.
Der meiner han å vise at tidene er utruleg ujamne, altså at dei konstant er raskare den eine vegen enn den andre. Grafane som går spist opp og ned viser den konstante endringa i tid brukt på ei lengde, etter kva veg utøvarane sym.
Christiansen sumde i bane åtte i finalen på 1500 meter, og hadde ujamne tider frå lengde til lengde.
– Eg veit ikkje kva det har å seie, men det er ikkje slik det pleier å vere for meg i løp. Eg merka derimot ikkje noko til det under løpet.
– Ingen rørsler i vatnet
Forskjellane skal vere nede på tidelsnivå, noko som kan vere utslagsgivande i fleire av disiplinane, til dømes 50 meter fri, der ein fattig hundredel skilte gull- og sølvmedaljør.
Men leverandøren av bassenga som blir brukte i OL, meiner på si side at det ikkje finst nokon straumar i OL-vatnet.
–Me har gjort testar som ikkje viser nokon rørsler i vatnet. Viss me hadde sett at det var straumar, hadde me gjort noko, men det er ingen som helst indikasjonar på det, seier Trevor Tiffany i Myrtha til Swimwortex.com.
Myrtha er dessutan også produsenten som står bak bassenga som blei kritisert under VM i 2013.
Christiansen håpar at produsenten har rett.
– Viss det er noko gale med bassenget er det ganske uheldig.