I går sette han årsbeste i verda og ny noregsrekord på 400 meter. I kveld jakta Henrik Christiansen nye rekordar på spesialdistansen 1500 meter.
Og 19-åringen frå Skjetten fornekta seg ikkje. I kveld svømte han inn til verdas tredje beste tid i år og ny norsk rekord med nesten ni sekund!
– Det er så utruleg deilig. Det er liksom det her me jobbar for og da få det til er så ufatteleg deilig, seier ein svært fornøgd Christiansen etter målgang.
Christiansen fortel at han starta hardt i jakta på ny rekord.
– Det var så mykje smerte. Eg tok det nok ut litt for hardt i starten, eg ville det så mykje og da er det så mykje adrenalin i skallen at det er vanskeleg å halde igjen.
14.53.77 lyder den nye rekorden og for fyrste gong er ein norsk svømmar under 15 minutt på 1500 meter. Christiansen var suveren i finalen og tok til slutt fleire konkurrentar igjen med 100 meter.
Da han satt den førre norske rekorden under VM i Kazan meinte 19-åringen det ikkje var fullklaff, da var det noko heilt anna i den svenske hovudstaden i kveld.
– Nå føler eg at eg verkeleg fekk ut det eg er god for. Det eg gjorde i VM var ikkje godt nok, nå viser eg at Henrik Christiansen er ein svømmar som er god for 14,53. Det er noko av det beste som finst.
Tida hadde også vore meir enn god nok for VM-finale i førre verdsmeisterskap på langbane i 2013, noko som lovar svært godt med tanke på Rio-OL som er 127 dagar unna.
– Det lovar utruleg godt. Tidene er gode nok for finale, men medaljetider er det ikkje. Eg må presse ned tidene ytterlagere om det skal bli medalje, seier Christiansen.
Den gamle noregsrekorden sette Christiansen under VM i Kazan i fjor på 15.02,37.