– Etter nokon ekstremt bra og suksessrike veker i Tour De France med Dimension Data, er eg trist over å fortelle at eg har bestemt meg for å trekke meg frå rittet.
Mark Cavendish startar ikkje morgondagens etappe av Tour de France. Det bekreftar lagets hans, Dimension Data i ei pressemelding
«På bakgrunn av den innsatsen han har lagt ned, og kor sliten han er no, støttar laget Mark si avgjerdsle om å forlate Touren slik at han får restituere og forbrede seg til OL i Rio. Difor vil han ikkje starte den 17. etappen.»
Etter ein vellykka Tour, med fire etappesigrar, velger briten å stå av trevekers-rittet for å lade opp til OL i Rio. Der skal han delta i banesykling.
Favoritt på sluttetappen
Sjølv med sine fire etappesigrar, ligg Cavendish godt bak Peter Sagan i kampen om den grøne trøya. Cavendish var rekna som ein av dei store favorittane til å vinne den siste etappen, der det er duka for eit skikkeleg spurtoppgjer opp Champs Élysées i Paris.
Det blir det ikkje noko av, og Alexander Kristoff har ein mann mindre å kjempe om sigeren med.
No går sykkelrittet inn i Alpane, og det er ingen moglegheiter for sprintspesialistane før den siste etappen inn til Paris. Det vil koste mykje krefter, og det er krefter Cavendish heller vil spare til OL.
– Etter varmen og intensiteten på dei forrige etappane, er eg so sliten at eg har bestemt at eg er på eit slik punkt at det hadde påvirka mitt store mål i år, dei olympiske leikar.