– Eg treng eit miljøskifte, seier Gilmore Junio.
NRK møter han på Frogner stadion i Oslo. Saman med Espen Aarnes Hvammen og trenar Jeremy Wotherspoon skal trioen trene dagens første økt.
26-åringen har to sigrar på 500 meter i verdscupen som sitt beste resultat i karriera. Det var i 2016, hans beste sesong nokonsinne.
HURTIG: Gilmore Junio kom på 3.-plass på 500 meter under verdenscupen på skøyter i Stavanger i 2016.
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix– Vinn-vinn-situasjon
Men fjorårssesongen blei tråaere, og canadiaren følte at han stagnerte.
No har skøytestjerna flytta til Oslo for å skyte fart på karriera igjen.
– Eg har alltid hatt eit godt forhold til Jeremy (Wotherspoon). I tillegg er eg god venn med Espen Aarnes Hvammen og løparane på det norske laget.
– Difor var dette ein god mulegheit for meg til å kome til Norge. Og å lære frå gode skøyteløparar, seier Junio til NRK.
Espen Aarnes Hvammen er overlukkeleg over sin nye treningskamerat.
– Det er ein vinn-vinn-situasjon for oss. Dette gagnar heile lage vårt. Han er ein veldig bra løpar. Og i tillegg ein fin fyr. Både vi og han tener på dette, seier Espen Aarnes Hvammen.
– Hevar nivået
Det var Gilmore Junio som tok kontakt og spurte om han kunne få trene med det norske sprintlandslaget.
– Eg hadde aldri akseptert det, om eg ikkje trudde dette ville bli positivt. Vi får endå ein toppløpar på laget, seier Jeremy Wotherspoon.
– Det kjem til å heve nivået på trening gjennom heile sesongen. Og gir ein ekstra spiss i laget, seier Wotherspoon.
Etter at canadiaren tok over ansvaret for sprintlandslaget i april 2016 har pila peika oppover for Norge.
I GANG: Gilmore Junio og Espen Aarnes Hvammen i gang med sesongen på Frogner stadion.
– Høgt nivå
– Eg har sett opp til Jeremy heile livet. Når eg fekk sjansen til å trene med Norge måtte eg gripe mulegheita, seier Junio.
I fjor vann Håvard Holmefjord Lorentzen sølv i sprint-VM. Det var norges første medalje i sprint på 20 år.
– Vi begynner å få ei veldig solid treningsgruppe. Og det vil alltid vere høgt nivå på det vi gjer. I tillegg har vi ein dyktig trenar. Den kombinasjonen er grunnen til at Gilmore har søkt seg hit, seier Espen Aarnes Hvammen.