Då dei siste vallokala stengde klokka 06 norsk tid i dag tidleg, var det klart at motstanden var større enn det dei fleste prognosane hadde gått ut på. Dei første resultata viser 56,4 prosent nei og berre 43,6 prosent ja til ein OL-søknad.
– Eg er veldig skuffa, sa borgarmeister Naheed Nenshi til Calgary Herald då resultatet var klart. Rundt han brast tilhengarane av eit nytt Calgary-OL i gråt.
Dermed tyder alt på at Calgary trekkjer søknaden sin, skriv Canadas største avis The Globe and Mail. For sjølv om røystinga berre er rådgivande, var ja-fleirtal eit klart vilkår for garanti frå delstaten Alberta. Og garantien var avgjerande for finansieringa av OL.
Formelt skal bystyret avgjere søknaden måndag, men det skal mykje til om dei går imot resultatet av folkerøystinga. I alle fall ettersom det var nei-fleirtal på 8–7 allereie før røystinga.
32 milliardar kroner
I Canmore, ein times køyretur opp i Rocky Mountains, er dei også skuffa. Der skulle dei nordiske skikonkurransane og skiskyting-øvingane ha gått. Bystyret der støtta OL-søknaden med stort fleirtal for nokre dagar sidan.
Calgary-OL var kostnadsrekna til 5,1 milliardar kanadiske dollar, eller 32 milliardar norske kroner, og skulle vere eit spleiselag mellom byen Calgary, delstaten Alberta og nasjonen Canada.
Calgary arrangerte vinter-OL i 1988. Også då var det folkerøysting, men den gongen med ja-fleirtal. Meininga var å oppgradere storparten av arenaene frå den gongen.
Interessa for røystinga var stor. 304.000 røysta i ein by der det totale innbyggjartalet er 1,1 million.
Det er den niande folkerøystinga på rad om OL som har gitt nei-fleirtal. Den siste som sa ja til søknad, var røystinga i Oslo i 2013.
- Les også: – Vi har ingen plan B
Berre to igjen
Om bystyret følgjer resultatet i folkerøystinga, står berre to søkjarar att av den opprinnelege lista på sju frå 31. mars, fristen for å melde seg som potensiell søkjar. Men verken svenske Stockholm eller den kombinerte søknaden frå Cortina og Milano i Italia har per i dag den offentlege garantien som IOC krev.
IOC skal ha søknadene på bordet 11. januar, og då må garantiane vere i orden. Den endelege avgjerda fell 23. juni.