«Ingen» vil ha OL i 2026: – Vi har ingen plan B

Når IOC til sommaren skal velje arrangør av vinter-OL 2026, står dei kanskje med ei søkjarliste med null kandidatar.

Thomas Bach

TRØBBEL: IOC-president Thomas Bach (t.v.) kan få slite med å få søkjarar til vinter-OL i 2026. Her i samtale med IOC-medlem Zaiqing Yu.

Foto: Juan Mabromata / AFP

Det er eit heilt anna bilete enn det IOC-president Thomas Bach kunne gle seg over for mindre enn sju månader sidan.

3. april: – IOC har snudd tendensen med stadig færre søkjarar til OL, seier IOC-president Thomas Bach, og gir æra til dei nye reglane og føresetnadene for søknader som ligg i konseptet «Agenda 2020». Framfor seg har han ei liste på sju søkjarbyar.

1. november: Fire av dei sju er av ulike grunnar ute av lista. Calgary kan fort bli den femte. Stockholm og Milano/Cortina står igjen, og ingen av dei har den statsgarantien som IOC set som eit ufråvikeleg krav.

– Ja, det må ligge føre ein garanti frå ein såkalla «competent body». Det kan også bety delstat og lokale styresmakter, slik det blir i Canada no, seier IOCs representant i Noreg Kristin Kloster Aasen.

Fråfall

Kristin Kloster Aasen

NORGES REPRESENTANT: IOC-medlem Kristin Kloster Aasen

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

11. januar må alle formalitetane vere klare, også statsgarantien. 23. juni skal arrangøren av vinter-OL i 2026 utpeikast.

Det kan bli ein tynn søkarbunke.

– Søkjarane til 2026-OL er dei første som fullt ut får dra nytte av «Agenda 2020», sa Bach i april. «Agenda 2020» er eit konsept som skal gjere søknadsprosessane både billigare og lettare.

Så tok det til å gå gale:

  • Sion, Sveits: 10. juni sa 53,9 prosent av folket i den sveitsiske kantonen Valais nei til søknaden, og byen trekte seg frå lista.
  • Graz, Austerrike: Nei-rørsla med det kommnunistiske partiet i spissen, samla nok underskriftet til at det måtte ei folkerøysting til. Det tok ikkje søkjarkomiteen sjansen på, og trekte søknaden 6. juli.
  • Sapporo, Japan: Etter OL i Asia både i 2018 og 2022 forstod Japans OL-by frå 1972 at det ville bli veldig vanskeleg å få asiatisk vinter-OL for tredje gong på rad. Dei kunngjorde dermed at dei heller ville søkje OL 2030, og trekte søknaden 13. september.
  • Erzurum, Tyrkia: Byen ligg så nær Syrias grense at IOC ikkje ville ha han med. Erzurum blei dermed kutta ut då IOC sette opp si «finaleliste» 8. oktober.

Dermed står att tre på lista, men alle har store utfordringar framfor seg:

  • Fleirtalet Calgarys bystyre gjekk 31. oktober inn for å trekkje søknaden, etter at dei i siste minutt kom fram til ei garantiordning. Men vedtaket fekk ikkje dei nødvendige to tredeler av røystene. Dermed blir søknaden avgjort i folkerøysting 13. november. Meiningsmålingar viser opptil 60 prosent nei til OL.
  • Den italienske regjeringa gav statsgaranti på vilkår av at Milano, Torino og Cortina sende felles søknad. Men Milano og Torino var svært motvillige til samarbeid. Torino trekte seg 19. september, og dermed fall statsgarantien bort. – Då er søknaden død, sa ein representant for regjeringa.
  • Stockholms søkjarkomité har tidlegare fått nei frå både bystyre og regjering, og søknaden er erklært død fleire gonger det siste året. Dei håpa at valet i september skulle gi eit meir positivt politisk syn på søknaden, men slit med at Sverige enno ikkje har fått ny regjering.

– Det er tre veldig gode søknader som har sine utfordringar med å skaffe politisk og folkelege oppslutningar. Eg ser at det kan bli krevjande, seier Aasen.

– Men det er dei vi har. Vi har ingen plan B, legg Aasen til.

Calgary

FOLKERØYSTING: Calgary var vert for vinter-OL i 1988. No blir det folkerøysting om Calgarys søknad om OL i 2026.

Foto: Jonathan Utz / AFP

– Naive

– Det vi ser, er at land vi skulle tru vil ha vinter-OL, ikkje vil ha det. Hovudargumentet er kostnader, seier kommentator og redaktør av nettstaden idrettspolitikk.no, Andreas Selliaas, til NRK.

For det er ikkje billeg å arrangere eit OL.

Ifølgje CNN Money kosta vinterleikane i Pyeongchang i Sør-Korea i februar om lag 13 milliardar dollar, tilsvarande rundt 102 milliardar norske kroner.

Prislappen på Vinter-OL i Sotsji i Russland i 2014 kom på heile 50 milliardar dollar, rundt 390 milliardar norske kroner.

Andreas Selliaas

NAIVE: Kommentator og redaktør Andreas Selliaas meiner «Agenda 2020» har slått feil når det gjeld vinter-OL.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Eg trur IOC har vore ganske naive. Dette handlar ikkje om kommunikasjon, men om pengar, seier Selliaas.

Han meiner «Agenda 2020» har slått feil, først og fremst når det gjeld vinter-OL.

– Vinter-OL er populært i berre nokre få land, og dei landa der det er mest populært, ser at det er for dyrt. Derfor har folkerøystingar og meiningsmålingar velta mange søknader, seier han.

– Gode søkjarar

Kristin Kloster Aasen har ei langt meir positiv oppfatning av «Agenda 2020».

– Der skal IOC gå inn i søknadsprosessen tidlegare, og bere ein større del av kostnadene som før har kvilt på søkjarane. Dei skal også hjelpe til med å skreddarsy eit konsept som passar byen og landet. Dermed skal ikkje kostnadane blåsast opp.

– Tyder fråfallet på søkjarlista no at dette konseptet ikkje har vore godt nok?

– Vi har enno ikkje sett effekten av det for vinter-OL, seier Aasen. – Men alle tre kandidatane som no står att, seier at kostnadene i søkeprosessen er betydeleg redusert.

Selliaas ser ikkje bort frå at IOC kan kome til å stå utan søknader 11. januar når den endelege fristen går ut.

– Det som kan skje då, er at IOC spør utvalde byar som dei meiner kan arrangere det. Men då vil den byen få veldig gode forhandlingskort, som for eksempel å krevje meir pengar frå IOC.

Siste nytt

  • Kasper forsvarer valget av Pattaya

    FIS-president Gian-Franco Kasper (75) forsvarer beslutningen om at Det internasjonale skiforbundets kongress legges til Thailand. Norges Skiforbund ønsket at FIS-kongressen i 2020 ikke skulle arrangeres i Pattaya.

    – Pattaya er ikke bare sexindustri. Etter det jeg vet, er det en by med fasiliteter for å avholde store kongresser. Byen har også den luksusen vi trenger for våre delegater, sa FIS-president Kasper på en pressekonferanse i Seefeld.

    Kasper
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Sølv og bronse i skiskytter-EM

    Tarjei Bø og Endre Strømsheim tok henholdsvis sølv og bronse på herrenes normaldistanse i EM i skiskyting. Bø ledet etter siste skyting, men måtte nøye seg med sølv kun 3,7 sekunder bak bulgarske Krasimir Anev.

    Verdenscup skisyting Antholz
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
  • Bjørnstad til Seefeld etter sykdom

    Kombinertutøver Espen Bjørnstad har slitt med sykdom, men onsdag reiste han nedover til Seefeld. Resten av laget reiste mandag. Bjørnstad har kun trent to ganger tidligere i VM-bakken, og nå rekker han bare to treningshopp før mesterskapet er i gang.

    Espen Bjørnstad
    Foto: Andreas Hagen

Sendeplan

Kl. Program Kanal