– Eg har enno ikkje signert noko, men kjem til å signere ei toårskontrakt veldig snart, stadfestar Bystrøm i ein sms til NRK.
– Dreier det seg om UAE?
– Det kan eg dessverre ikkje seie noko om før eg har skrive under.
Men etter det NRK erfarer, er altså UAE det aktuelle laget.
Bystrøm, som har sykla for Katjusja sidan 2015, seier det kan kome ei avklaring i løpet av veka.
– Men det veit eg ikkje heilt sikkert, seier han.
Overgangsvindauget i internasjonal sykkelsport opna i dag.
«Det nordiske laget»
Tidlegare har VG erfart at også Alexander Kristoff skal forlate Katjusja til fordel for UAE. Kristoff stadfestar overfor NRK at han har bestemt seg, men vil ikkje fortelje kva klubb det gjeld. – Det er laget som avgjer når det skjer, seier han til NRK.
Ifølgje danske Ekstrabladet kjem også danske Michael Mørkøv til å gå same vegen.
Vegard Stake Laengen er i UAE frå før. Dermed blir UAE neste år det nordiske laget med tre nordmenn og ein danske.
Nært vennskap
Mørkøv og Kristoff har utvikla eit nært vennskap i Katjusja, og Kristoff legg stor vekt på å få med seg danske over i det nye laget.
Seinast søndag førte samarbeidet deira til at Kristoff vann World Tour-løpet London Surrey Classic.
Men til Tour de France blei ikkje Mørkøv tatt ut. Der vann heller ikkje Kristoff nokon etappe.
UAE er laget som tidlegare heitte Lampre og var registrert i Italia. Det har vore medlem av UCI ProTour sidan 2005, og «flytta» til Dei sameinte arabiske emirata tidlegare i år.