Manchester United-fansen signerte fire nye spelarar på den siste dagen av overgangsvindauget. Ein av dei fire er Amad Diallo Traoré (18) frå Atalanta, som skal ha vore i Uniteds søkelys sidan 2015. Ivorianaren scora i debutkampen i Serie A i oktober i fjor, og skal ha kosta United heile 25 millionar pund, meir enn 300 millionar kroner.
Men trass alt dette: Uniteds nye kjøp har faktisk berre fått tre kampar og 23 speleminutt som innbytar på førstelaget til Atalanta - nokon gong.
Traoré har enno ikkje fått arbeidsløyve i Storbritannia, og skal derfor ikkje slutte seg til United før i januar.
– Det er ein stor risiko å hente ein så ung spelar med så liten erfaring. Framtida vil vise om han er så god som dei seier. Han er heilt sikkert ein spennande spelar, men eg hadde ikkje høyrt om han før i går, seier dagleg leiar i Manchester Uniteds norske supporterklubb, Bernt Hjørnevik.
– Gambling
TV 2-kommentator Mina Finstad Berg synest det er gambling av Manchester United å betale så mykje for eit ukjent blad som Traoré. Men ho legg vekt på at han er henta frå nettopp Atalanta.
– Atalanta har heilt sidan 90-talet hatt eit ekstremt godt ungdomsakademi, og Traoré er kronjuvelen der. Det betyr at han kan slå til og bli storstjerne i United. Det er oppsida av ein slik handel, og det er ein trend at store klubbar kjøper inn unge spelarar fordi etablerte stjerner har blitt veldig dyre.
Dagleg leiar i Uniteds norske supporterklubb, Bernt Hjørnevik, stiller spørsmål ved å bruke så mykje pengar på ein så urutinert spelar
Foto: PrivatBerg peikar på at denne typen overgang er noko nytt ein no ser i den internasjonale toppfotballen.
– Men det er neppe sunt eller berekraftig i lengda å bruke så mykje pengar på så unge spelarar med så lite erfaring, seier ho.
Manchester United tapte 1-6 mot Tottenham i helga og viste til tider svært slett forsvarsspill. NRKs ekspert Morten Morrisbak Skjønsberg meinar klubben heller burde kjøpt ein midstoppar.
– Det har nok ikkje gått heilt som dei ønska. Men det er vanskeleg å vere United fordi alle klubbane i verda veit at United har mykje pengar, derfor kan dei krevje god pris for spelarar som United ønskjer.
Jadon Sancho har vore Uniteds førsteval lenge, men dei fekk ikkje hans underskrift denne gongen
Foto: Pool / ReutersDet som svir mest, er at Borussia Dortmunds Jadon Sancho ikkje blei United-spelar. Han har vore det store målet i heile sommar. Men klubben greidde ikkje å lokke Dortmund til å selje.
18-åring også frå Uruguay
Traoré var ikkje den einaste 18-åringen United sikra seg på overgangsvindaugets siste dag.
Vingen Facundo Pellistri kjem frå Atletico Penarol i Uruguay, ein klubb som blir trena av tidlegare United-spelar Diego Forlán. Han har skrive femårskontrakt med United.
– Alle veit at Manchester United er ein klubb som gir unge spelarar ein sjanse, seier Pellistri ifølgje BBC.
Manchester United sikra seg også underskriftene til Alex Teller frå Porto og Edinson Cavani, som inntil i sommar spela for Paris Saint Germain på Deadline Day.
Sky Sports: United er blant taparane
Edinson Cavani (33) har mange må på CV-en, men er han eit desperat kjøp for United?
Foto: Francisco Seco / APLikevel får ikkje klubben toppkarakter i britiske media for overgangsvindauget. Snarare tvert imot.
Sky Sports plasserer United blant overgangsvindaugets taparar.
– Det er ikkje godt nok, slo kanalens ekspert og tidlegare United-spelar Gary Neville fast. Han grunngjev det først og fremst med at dei ikkje greidde å hale i land Sancho.
Men det var Edinson Cavani som stal dei største United-overskriftene. Han har signert eittårskontrakt. 33-åringen har ein karriere som ein scoringsmaskin, med mellom anna 200 mål for PSG. Men han har vore klubblaus i fire månader.
TV 2-ekspert Mina Finstad Berg er ikkje imponert.
– Den signeringa verkar desperat, seier Berg.