Hopp til innhold

Super-byte bak Branns 4–1 over Molde

Jakob Orlovs innhopp frå start i andre omgang var nøkkelen bak storsigeren.

Jonas Grønner scorer

BRANN-SCORING: Jonas Grønner set inn 2–1 for Brann i andre omgang, og legg grunnlaget for ein solid Brann-siger

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

I pausen bytte nemleg Brann-trenar Lars Arne Nilsen ut Torgeir Børven ut med Jakob Orlov. Det skulle vise seg å bli avgjerande.

For det var Molde som køyrde kampen før pause, og Brann var heldig med 1–1 halvveges.

– Første omgang er Molde gode, men etter pause får vi kontroll. Og dei siste 20 minutta var vi gode. Vi er godt trent, sa Jonas Grønner til Eurosport etter kampen.

Han sette inn 2-1-målet litt ute i andre omgang, og det blei avgjerande.

– Vi får justert presset litt i andre omgang. Vi får kampen inn i vårt spor, seier Grønner.

– Men det var synd vi fekk dei to siste. Då blei ikkje eg matchvinnar, fleiper han.

– Råaste eg har sett av Jakob

Lars Arne Nilsen var ein glad mann.

– I kveld er det godt å vere Brann-trenar i Bergen. Det var eit fyrverkeri i andre omgang. Kampen i dag var ein nøkkelkamp for begge, etter litt stong ut i førre kamp.

Daniel Braaten

SUPERLØP: Daniel Braaten fekk æra av å setje inn det siste målet, og det etter eit kjempeløp over halve banelengda

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Bytet i pausen er han svært nøgd med.

– Jakob fekk stå litt høgare. Då er vi effektive, og vi scora på første sjansen. Vi hadde mykje vilje og tæl. Og dette er noko med det råaste eg har sett av Jakob, det er gull verdt.

Solskjær: – Ikkje godt nok

– Vi var bra i første omgang, men andre var dårleg. Tre baklengsmål etter dødball er ikkje godt nok, seier Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær.

Gjestene var best før pause, men det stod 1–1. Ruben Kristiansen avslutta ei kontring med eit praktfullt skot seks minutt før pause.

Fredrik Brustad sklei inn utlikninga tre minutt etterpå.

Kvarteret etter pausen styrte Jonas Grønner inn 2–1 på Branns første sjanse i omgangen, og Molde blei tvinga til å jage utlikning. Branns forsvar heldt likevel unna, og det gav kontringssjansar på slutten.

Superløp av veteranen

Jakob Orlov punkterte matchen med 3–1 fem minutt før ordinær tid var ute. Men det var kanskje Daniel Braatens 4-1-mål som fortente merksemd.

Brann-veteranen sprang over halve banelengda og slo Ruben Gabrielsen så vidt i duellen om Nouris innlegg, og kunne sende ballen i note.

– Det er ikkje mange som har betre spurtar enn han, seier Nilsen.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Berge-assist da Burnley tok sesongens første seier

    Sander Berge leverte en assist da Burnley tok sin første trepoenger i Premier League med 2-1 i hengekampen mot Luton.

    Berge sto for forarbeidet da Lyle Foster scoret et fortjent ledermål på overtid i første omgang. Luton presset hardt for utligning den siste halvtimen og fikk den ved Elijah Adebayo i det 83. minutt, men ett minutt senere ble innbytter Jacob Bruun Larsen matchvinner for gjestene med et kjempeskudd.

    – Tre poeng i Premier League, det føles fantastisk. Vi måtte kjempe for det, og jeg er stolt av laget for det de viste i dag, sa manager Vincent Kompany til BBC.

    – Vi viste de kvalitetene som ga oss opprykk forrige sesong. (NTB)

    HhLi7d6bTSc
    Foto: AP
  • Ny nedtur for United – audmjuka på eige gras

    Manchester United rota bort leiinga to gonger og tapte 2-3 mot Galatasaray i kveldens meisterligaoppgjer. To mål frå danske Rasmus Højlund (20) var ikkje det nok til å redde Erik ten Hag og United ut av ei stadig djupare krise.

    – Vi har fått ein dritstart i nesten alle turneringar. Vi må samle oss, sjå kvarandre djupt i auga og så skal vi komme ut av dette saman, sa Højlund til TV 2 etter kampen.

    For tyrkarane kunne reise heime med alle tre poenga etter ein til tider kaotisk kamp på Old Trafford, som inneheldt både raudt kort og straffebom.

    – No er Manchester United i «deep shit», kommentert Simen Stamsø-Møller på TV 2 si sending.

    Raudtrøyene fekk ein pangstart på kampen, då den danske målsniken sende heimelaget i leiinga med panna etter 17 minutt. Innlegget går frå Casemiro til Marcus Rashford som sender ballen presist til Højlund framfor mål.

    Gjestane frå Tyrkia slo raskt og effektiv tilbake. Den tidlegare United-spelaren Wilfried Zaha får eit hjarteleg gjensyn med Old Trafford og utliknar fem minutt seinare. Han feirar med å setje hendene til øyra framfor heimepublikumet.

    Men dette så lenge ut til å bli United sin danske dreng sin store kveld. Først får han eit mål annullert for offside etter sidebyte. Minutta seinare kjem han på ei kontring. Iskaldt lempar han ballen over Fernando Muslera i målet til Galatasaray og United jublar for 2–1.

    Som i første omgang får ikkje heimelaget behalde leiing veldig lenge. Kerem Aktürkoglu utliknar for Galatasaray berre minutta etterpå.

    Og verre skulle det bli. Gjestane får straffe etter at Casemiro klippa ned Dries Mertens i eigen boks. Med to gule kort blir Casemiro sendt i garderoben.

    United blir i første omgang redda av at Mauro Icardi bommar på mål.

    Men han får sin revansj like etterpå.

    Leverer ein lekker chip frå 15 meter i møtet med Onana, og sender Galatasaray-fansen til himmels.

    Erik ten Hag og United står dermed utan poeng etter to kampar. Galatasaray tar 2.-plassen i meisterligaens gruppe A bak Bayern München som slo FC København 2–1 i Parken i kveld.

  • Oilers opp i rygg på Storhamar

    Stavanger Oilers måtte slite for poengene i den framskutte kampen mot Lørenskog, men Nick Dineens scoring ga 1-0-seier.

    Seieren sender Oilers opp i rygg på serieleder Storhamar. Begge har 15 poeng av 18 mulige etter seks spilte kamper.

    Hjemmelaget dominerte kampen stort og vant skuddstatistikken 56-9, men greide bare en gang å overliste Lørenskog-keeper Anders Iversen Haugum. Det var da Dineen vel halvveis i første periode dro av en motspiller og scoret alene med keeper.

    Oilers måtte forsvare seg med nebb og klør da Anders Tangen Henriksen ble utvist vel tre minutter før slutt og gjestene etter hvert tok ut keeper og spilte seks mot fire.

    Kampen tilhører egentlig neste ukes midtukerunde, men da er Oilers opptatt med CHL-kamp mot tsjekkiske Ocelari Trinec. (NTB)

    Sluttspillet i ishockey: Stavanger Oilers - Storhamar
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste