Hopp til innhold

Sjå den elleville snøsyklinga til «Makken»

I tre år har ekstremsyklisten Mads «Makken» Haugen jobba med prosjektet «Makken The Tourist – Alta». No er resultatet klart.

Makken i Alta

SYKKEL + SNØ=«MAKKEN»: Ned frå Rivertinden i Alta kommune sykla Mads André Haugen ned.

Foto: Danil Roekke / Danil Roekke

– Eg ville vise at det er mogleg å gjere ting du blir fortalt at ikkje er mogleg.

Orda kjem frå Mads André Haugen (31). Best kjent som «Makken».

Mads Andre Haugen

TRE VEKER: Makken brukte tre veker i april/mai på å gjennomføre ein tre år lang draum.

Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK

Han har levd av å sykle i tolv år. Sjeldan i konkurransar, oftast i filmar.

For fire år sidan vart mange kjent med han da han raste over Besseggen på sykkelen sin. I 2017 laga han ein film med sykling ned til Geirangerfjorden.

Begge filmane har vorte sett om lag 30 millionar gonger, ifølge «Makken» sjølv.

Makken på snø

DRAUM: Mads André "Makken" Haugen har brukt tre år på realisere ein draum. Ein draum om å sykle ned fjellsider på snø. Han drog til Alta i april 2019.

No har han laga nok ein video. Denne gongen frå Tappeluft i Alta. Der syklar han ned snøkledde Rivertinden.

– Eg driv jo med eit sommarleiketøy på vinterstid. Det er klart det er vanskeleg, seier «Makken».

Tre år

I 2016 besøkte han Alta for fyrste gong, etter at han vart invitert nordover av nokre ukjente på Instagram. Da mest for å køyre snøskuter, men ein idé dukka opp i hovudet til «Makken».

Her skulle han sykle ned.

Kvar vår har han derfor reist nordover for å realisere prosjektet. Men i 2017 og 2018 fekk han det rett og slett ikkje til.

– Det er jo eit område som passar absolutt best til å stå ned på ski. Snø oppfører seg ikkje heilt likt som jord, skrattar «Makken».

– Det kom ned til forholda 100 prosent, og ikkje kva vilja og lysta mi sa.

Makken

FORHOLD: – Det eg lærde veldig fort, er at ein må sykle det som forholda gjev løyve å sykle, seier «Makken»

Foto: Danil Roekke / Danil Roekke

Men i april denne våren gjekk det endeleg. Forholda spelte på lag, og «Makken» var forberedt. Han hadde brukte mykje av vinteren på å trene i alpinbakken i Kvitfjell.

– Det er sjølvrealisering på eit nivå eg aldri har kjent på før.

Aldri att

Motivasjonen for å gjennomføre prosjektet er ganske enkel. «Makken» ville motbevise det folk alltid har sagt til han. At å sykle når snøen ligg kvit. Det går ikkje.

– Når du er unge da, så er det fyrste du blir fortalt at du må sette burt sykkelen din og finne fram akebrettet.

Makken på snø

MOTBEVISE: «Makken» ville vise at sykkel også kan brukast ned snøkledde fjellsider.

Foto: Tor Ole Larsen

– Og eg har aldri sett nokon gjort noko liknande, legg han til.

Men no har han gjort det. Han har brukt sykkelen der dei fleste nok ville valgt frikjøringsski.

Blir det fleire prosjekt med sykkel på snø?

– Eg trur ikkje det blir nye prosjekt på snø. Det trur eg ikkje. Eeehh, nei. Det seier vel nok, skrattar han.

Sjå heile videoen her:

Mads Andre "Makken" Haugen har brukt tre år på å realisere en drøm. En drøm om å sykle ned fjellsider. På snø. Han dro til Alta i april 2019.

MAKKEN THE TOURIST: Sjå «Makken» Haugens video av snøsykling i Finnmark. Video med tillatelse fra Mads André Haugen.

Mads André «Makken» Haugen regnes som en av verdens beste freeride-syklister. Dronebildene av Haugens ferd over Besseggen er filmet med tillatelse fra Jotunheimen nasjonalpark og brukes av NRK med tillatelse fra rettighetshaver Red Bull.

Mads André «Makken» Haugen reknast som ein av verdas beste freeride-syklistar. Dronebiletene av Haugens ferd over Besseggen er filma med løyve frå Jotunheimen nasjonalpark og brukast av NRK med løyve frå rettighetshaver Red Bull.

Flere saker fra Innlandet