– Eg har ingen statistikk, men eg trur dette må vere norsk landslagsrekord, seier NRKs Ola Lunde.
– Dette er ein heilsvart dag, og det er elendig skyting. Stor meir er det ikkje å seie om det, seier Lunde.
– I dag var det mykje surr, seier Marte Olsbu til NRK. Ho gjekk den siste etappen og skaut på seg ein av dei åtte rundane.
– For min del blei det litt masete. Alt gjekk skeis heile vegen – dette var ein dritstafett.
Frå vondt til mykje verre
Ingrid Tandrevold gjekk første etappe. Ho skulle bli den einaste norske jente utan strafferundar.
Tandrevold var likevel langt frå nøgd med eiga skyting, der ho måtte bruke fire ekstraskot og veksla som nummer 10 etter første etappe.
– Det blei nokre ekstraskot for mykje. Dette er for dårleg. Eg skulle vore betre med, sa ho litt nedtrykt etter at ho hadde veksla 42 sekund bak. Men ho ville ikkje skulde på vinden.
– Forholda var ikkje så ille. Men eg blei litt stressa då eg bomma på ekstraskota, sa ho.
Men det skulle bli verre. Mykje verre.
Tre rundar på Fenne – fire på Solemdal
På andre etappe hadde Hilde Fenne endå større problem på standplass. To strafferundar på liggande og ein på ståande førte Norge langt ned på lista.
Ho var nesten på gråten då NRK snakka med henne etterpå.
– Eg fekk ingenting til. Eg hadde ikkje kontroll i det heile tatt. Eg var heilt ute av det. Det var berre drit alt saman.
Synnøve Solemdal strevde endå meir. Ho fekk to rundar på liggande, og følgde opp med to nye på ståande.
– Eg var stressa og hadde null kontroll på standplass. Eg er lei meg for at eg ikkje klarer å levere betre. Dette var ein kollektiv kollaps. Vi har vist at vi kan betre enn dette, men akkurat no er det ikkje kjekt, sa Solemdal.
– Når det først skal gå gale, kan det like gjerne gå skikkeleg gale, seier ho. – Men det var ingen god måte å ta julefeie på.
Marte Olsbu avslutta med Norges åttande strafferunde. 19 ekstraskot måtte dei norske jentene bruke også.
– Nokre av jentene er forbanna, og det skal dei få lov til åvere også, seier landslagstrenar Stian Eckhoff. – Forhold avar vanbskelege, men det skal ikkje skje at så mange av jentene våre har kollaps samstundes. Ingrid får godkjent, men dei tre andre har mykje å gå på.