Hopp til innhold

Bobby Charlton – fotballens gigant og gentleman

Han var ein av dei største i engelsk og europeisk fotball. Han var samstundes ein gentleman både på og utanfor bana, som aldri let stjernestatusen øydeleggje den jordnære haldninga han bar med seg frå gruvearbeidarsamfunnet han kom frå.

Bobby Charlton

LEGENDE: Med Bobby Charlton er ein av dei største i fotballhistoria gått bort

Foto: AP

Ordet legende blir ofte misbrukt. Men Sir Robert «Bobby» Charlton er ein av dei som fortener det.

I Manchester Uniteds historie står han med gullbokstavar. I engelsk landslagshistorie er han også ein legende.

«Det er med stor sorg vi deler nyheita om at Sir Bobby døde fredeleg i de tidlege timane laurdag morgon», heiter det i eit utsegn frå familien hans, gjeve att av Sky Sports. Charlton blei 86 år gamal.

Slapp å arbeide i gruvene

Bobby Charlton blei fødd 11. oktober 1937 i gruvebyen Ashington I Northumberland, heilt nord I England. Men han slapp unna gruvearbeid i sin tidlegaste ungdom, slik hans eldre bror Jack måtte.

At brørne skulle bli fotballspelarar, låg i genane, iallfall på morssida. Mamma Cissie heitte Milburn før ho gifta seg, og hadde profesjonelle spelarar som Jack, George, Jim, Stan og Jackie i nær slekt – alle med Milburn som etternamn.

Bobby Charlton med hund

VM: Bobby Charlton spela i tre VM. Her har han besøk av ein hund når han skal ta hjørnespark under VM i Chile i 1962

Foto: AP

Likevel ville ikkje Cissie at Bobby skulle bli profesjonell fotballspelar. Ho meinte det var ei for utrygg framtid. Derfor tok han til som elektroingeniør-lærling. Men det varte ikkje lenge før han gjekk til fotballen likevel.

Bobby Charlton blei oppdaga av ein United-talentspeidar då han var 15 og spela skulefotball. Han imponerte nok til å få kontrakt med United nokså raskt, og blei innrullert i det som blei kalla Busby Babes. Det var programmet manager Matt Busby hadde etablert for rekruttering på slutten av 40-talet, og som blei ryggrada i laget som hadde suksess utover 50-talet.

Charlton debuterte med to mål mot Charlton

Han markerte seg tidleg både med scoringar, speleoverblikk og gode pasningar, og scora jamt og trutt i klubbens aldersfastlagde lag. I oktober 1956 fekk han sin ligadebut, og scora to gonger. Motstandar var pussig nok Charlton, som han også scora tre gonger mot i returkampen seinare i sesongen.

Han scora dermed fem av sine 12 ligamål i debutsesongen mot laget han delte etternamn med.

United var gode, og Bobby Charlton allereie ein av nøkkelspelarane. Dei blei ligameister i 1956 og 1957, og kom også til cupfinalen i 1957.

I sesongen 1957/58 var United det første laget frå England som deltok i europacupen. Og det var i den samanheng ulukka skjedde, torsdag 6. februar 1958.

Bytte sete og overlevde flystyrt

United-flykrasj 1958

TRAGEDIE: Åtte United-spelarar omkom i snøvêret i München

Foto: - / AFP

United var i Beograd for å møte Raude Stjerne. Med 2–1 i ryggen frå heimekampen gjekk dei opp i leiing med 3–0. Charlton scora to av måla. Heimelaget greidde å utlikne til 3-3, men United vann samanlagt og tok glade og jublande fatt på heimreisa.

Flyet mellomlanda i München for å fylle drivstoff, i eit vintervêr som blei verre for kvart minutt. To gonger måtte flyet avbryte takeoffen, før spelarane blei sende inn att i terminalen medan ein ventar på lettare ver.

Berre ti minutt etterpå fann flygeleiarane forholda gode nok, og spelarane måtte ut att.

Tommy Taylor og David Pegg syntest det var tryggare å sitje bak i flyet, og bad Bobby Charlton og Dennis Violet om å få byte plass. Det fekk dei.

Flyet greidde ikkje å ta av raskt nok. Det toucha eit gjerde ved enden av rullebana, eine vengen kom borti eit hus som tok fyr. Vengen og ein del av halen blei sliten av. Flyet slo kollbøtte og blei delt i to før vrakdelane enda i snøfonnene.

Åtte spelarar omkom

Bobby Charlton, München 1958

SKADD: Bobby Charlton på sjukehuset i München etter ulykka, men berre med lettare skader

Foto: Intercontinentale / AFP

Keeper Harry Gregg blei slengd ut eit hol i skroget og kom uskadd frå det. Han fekk dratt ut Charlton og Violet, som framleis sat faste i setebeltet, men som ikkje hadde livstruande skader.

Men åtte av Charltons lagkameratar mista livet. Mellom dei var Pegg og Taylor, som hadde bytta plass før siste forsøket på å lette.

Charlton låg på sjukehus nokre dagar, men var på bana igjen tre-fire veker etterpå.

Manager Matt Busby var også blant dei overlevande, men livstruande skadd og låg lenge på sjukehus i München før han var ute av fare og fekk kome heim.

Då han tok til med gjenoppbygginga av laget, var det med Bobby Charlton som midtpunkt, sjølv om Charlton framleis berre var 20 år.

Oppbygginga tok tid, men gav resultat. Litt overraskande kom dei til cupfinalen allereie i 1958, berre tre månader etter München-tragedien. Seinare blei det cupsiger i 1963 og ligameisterskap i 1965 og 1967.

Emosjonell Wembley-kveld

Bobby Charlton

EMOSJONELT: Charlton med pokalen etter Uniteds siger i europacupen ti år etter München-ulukka

Foto: AP

Så kom mai 1968, ti år etter ulukka. Manchester United hadde greidd å kome til europacupfinalen, og det til og med heime på Wembley. Dagen var sterkt emosjonell, ikkje berre for Bobby Charlton, men for heile klubben, byen og nasjonen.

Bobby Charlton og Bill Foulkes – to av dei som hadde overlevd flystyrten – var framleis på laget. Manager Matt Busby sat framleis på benken som manager.

Motstandar var Benfica, med frykta Eusebio på laget. Eusebio hadde blitt toppscorar i VM to år tidlegare.

Men det var United og Charlton som scora først. United-keeper Alex Stepney hindra to Eusebio-skot så godt at Eusebio sjølv applauderte. Ti minutt før slutt blei det likevel 1–1.

Men i ekstraomgangane var det ingen tvil. Tre mål på sju minutt, derav eitt ved Bobby Charlton, gav United 4–1 til slutt. Kjenslene og tårene fekk sleppe laus.

Landslagsmål i massevis

Booby Charlton scorer mot Mexico

MÅL: Bobby Charlton scora 49 gonger for landslaget. Her mot Mexico på Wembley under VM i 1966

Foto: AP

I heile denne perioden var han også sentral på landslaget. Han debuterte mot Skottland i april 1958, og scora i 4-0-sigeren. Det gav han plass i troppen til VM i Sverige eit par månader seinare, men utan at han fekk spele.

Men i dei følgjande åra scora han landslagsmål i bøtter og spann, og i VM i 1962 fekk han speletid. Der blei det med eitt mål, mot Argentina, og England kom berre til kvartfinalen.

Så fekk landslaget ny sjef, Alf Ramsey. Han bygde også laget rundt si stjerne, men Charlton blei trekt meir tilbake på bana. Han skulle først og fremst vere tilretteleggar, og scora derfor færre mål. Sjølv om han framleis fekk nettkjenningar.

Stråla i VM

Og neste VM var på heimebane i 1966, med Charlton som det klokkeklare midtpunktet. Det er fortalt om ein samtale mellom Ramsey og den ferske landslagsspelaren Alan Ball, ein samtale som fortel om Charltons status i laget:

Ramsey: – Har du hund?

Ball: – Ja, sir.

Ramsey: – Kva gjer hunden når du kastar ein ball?

Ball: – Hunden hentar ballen og gir han til meg, sir.

Ramsey: – Di oppgåve er å gjere det hunden din gjer, og gi ballen til Bobby.

England kom greitt gjennom innleiingsgruppa og møtte Argentina i kvartfinalen. Det skulle bli den styggaste kampen i det meisterskapet, og Bobby Charlton hamna i dommarens svarte bok for første gong i karrieren.

Det svarar til dagens gule kort. Andre gong var i ein ligakamp mot Chelsea. Elles var fotballens gentleman aldri notert i boka.

Semifinalen mot Portugal var truleg Charltons beste landskamp nokosinne. Han dominerte midtbana fullstendig og scora to fine mål. Frykta Eusebio scora på straffe på slutten av kampen, men England vann 2–1.

England jubler for VM-gull

LEGENDARISK: England vann VM på heimebane i 1966. Kaptein Bobby Moore blir løfta opp, Charlton nede til høgre

Foto: AP

Finalen mot Vest-Tyskland blei rolegare for Charlton. Ifølgje avisrapportane nøytraliserte han og Franz Beckenbauer kvarandre totalt, og «let dei andre gjere jobben». England vann 4–2 etter ekstraomgangar.

Bobby Charlton fekk Gullballen det året, fordi han var kåra til Europas beste spelar.

Han kunne blitt helt i EM i 1968 også, med eit stolpetreff som kunne ha avgjort semifinalen. I staden scora Jugoslavia i sluttminutta, og England tapte 1–0.

Mexico-VM med kontroversar

Også i VM i Mexico i 1970 blei Bobby Charlton sentral, men kanskje ikkje heilt på den rette måten.

Først blei han saman med Bobby Moore skulda for tjuveri frå ein gullsmedbutikk i Colombia, der England låg på treningsleir før VM. Det skapte rabalder og overskrifter, men skuldingane viste seg grunnlause.

Så, i kvartfinalen mot Vest-Tyskland, blei Charlton teken av bana då England leia 2–1 med 20 minutt att av ordinær tid. Nok ein gong hadde han nøytralisert Beckenbauer ute på midtbana. Men Alf Ramsey meinte den lett aldrande Charlton måtte sparast til semifinalen i varmen og tynnlufta i Mexico, og tok han av.

Dermed fekk Beckenbauer fritt spelerom, og hans dominans var ein vesentleg grunn til at Vest-Tyskland vann 3–2 etter ekstraomgangar.

Franz Beckenbauer og Bobby Charlton

RIVALAR: Franz Beckenbauer og Bobby Charlton var stjerner på kvart sitt lag, men også gode kollegaer

Foto: Diether Endlicher / AP

Det skulle bli Bobby Charltons siste landskamp. På flyet heim gav han Ramsey beskjeden. Han stansa på 106 landskampar og 49 mål, begge deler engelske rekordar som seinare er blitt slått.

Bobby Charlton var forbi sine beste dagar som aktiv. Han spela rett nok for United i seks år til. Men laget var over toppen, Matt Busby gav seg som manager, og det gjekk nedover. I 1973 spela han sin siste kamp for klubben, mot Chelsea.

758 kampar og 249 mål hadde han bak seg etter 17 år i Manchester United.

Ingen manager-suksess

Han prøvde seg også som manager, men det gjekk ikkje bra. I 1973 blei han spelande manager for Preston i 2. divisjon. Men klubben rykka ned, og Charlton fekk sparken i 1975.

På andre plan har han markert seg innan idretten. I 1984 blei han styremedlem i Manchester United, eit verv han hadde heilt til 2018. Charlton var også ei sterk drivkraft for å få OL 2012 til London. Han blei adla i 1994, og har lov å setje «Sir» framfor namnet.

Han er sjølvsagt i «Hall of Fame» på det nasjonale fotballmuseet. Og i 2017 fekk ein tribuneseksjon på Old Trafford hans namn.

Bobby Charlton med namn på stand på Old Trafford

HEIDER: Bobby Charlton har fått ein stor seksjon av tribunane på Old Trafford kalla opp etter seg

Foto: Alex Livesey / Reuters

Brotet med broren

Privat sleit han lenge med familiære kontroversar sidan. Bobbys kone Norma og hans mor Cissie kom aldri på talefot.

– Eg kjem aldri til å akseptere henne som mi svigerdotter, skal Cissie ha sagt om Norma, som Bobby Charlton gifta seg med allereie i 1961.

Hans bror Jack tok parti for mora. I sin biografi i 2007 fortalde Bobby Charlton at han ikkje hadde sett henne sidan 1992. Cissie døydde i 1996, og hadde på dødsleiet bedt om besøk av Bobby. Det skjedde ikkje.

Jack Charlton

RIFT: Personlege konfliktar i familien gjorde Bobby Charltons tilhøve til broren Jack vanskeleg

Foto: Phil Noble / Reuters

Forholdet mellom brørne var derfor dårleg lenge. Men i 2008 fekk Bobby utmerkinga «BBC Sports Personality of the Year Lifetime Achievement Award». Den var det Jack som overleverte.

– Eg blei heilt sett ut av å få prisen, og at det var av Jack, sa Bobby Charlton. Den hendinga bygde bru over kløfta som hadde vore mellom brørne så lenge.

I 2020, som 83-åring, fekk han diagnosen demens. Det er ein diagnose han deler med fire no avdøde andre frå finalelaget i VM 1966 – Nobby Stiles (død 2020), Ray Wilson (2019), Martin Peters (2018) og sin bror Jackie Charlton (2020).

No har dei fått selskap av fotballens gentleman – Sir Robert Charlton. Langt betre kjend som Bobby.

Siste nytt

  • Håndballgutta herjet med Kroatia i OL-oppkjøringsturnering

    Landslaget i håndball for menn fikk en god start på OL-oppkjøringsturneringen i Oslo da Kroatia ble slått 32-26 torsdag.

    Foran 2717 tilskuere i Jordal Amfi fikk landslagssjef Jonas Wille mye å glede seg over da kroatene, som er i den andre gruppen i Paris-OL, ble satt på plass. Alexander Blonz herjet på kanten og scoret 11 ganger.

    Etter en relativt jevn førsteomgang, var det aldri tvil om utfallet i sluttfasen, bare om hvor stor den norske seieren skulle bli.

    Kristian Bjørnsen satte punktum sekunder før slutt med en underarmstunnel på keeper til 32-26.

    Norge møter Danmark lørdag og Argentina søndag.

    (NTB)

    OL-kvalifisering håndball menn, Norge - Ungarn
    Foto: Nikola Krstic / NTB
  • Baldauf og Marvik utslått i kvartfinale i OL-kvalifiseringen

    Felix Baldauf og Oskar Marvik vant sine åpningskamper i OL-kvalifiseringen i bryting, men tapte klart i kvartfinalene.

    Om deres overmenn hadde vunnet sine semifinaler, ville de fått rekvalifisering fredag om en mulig OL-billett, men slik gikk det ikke.

    I kvartfinalen måtte Baldauf se seg slått 7-0 av japanske Yuri Nakato.

    Marvik hadde også walkover i første runde. I åttedelsfinalen i 130-kilosklassen slo han ungarske Darius Attila Vitek 4-2. Marvik måtte se seg slått 5-1 av Heiki Nabi fra Estland i kvartfinalen.

    (NTB)

    VM i bryting 2021
    Foto: Javad Parsa / NTB
  • Østrøm ble cupmester med Silkeborg – fikk et kort innhopp i finalen

    Robin Østrøm kom inn helt på tampen da Silkeborg ble dansk cupmester for annen gang med 1-0-seier over AGF i finalen.

    Parken i København var fullsatt da de to jyllandsklubbene møttes til finale. Det var anslagsvis 22.000 AGF-tilhengere mot 12.000 Silkeborg-tilhengere, men de sistnevnte fikk mest å juble for.

    Østrøm har spilt aldersbestemte landskamper for både Danmark og Norge, men 21-åringen er nå U21-landslagsspiller for Norge.

    (NTB)

    Robin Østrøm
    Foto: BILDBYRÅN

Sendeplan

Kl. Program Kanal