– Ole Einar har enormt med erfaring og kan trene slik, men akkurat no kan eg ikkje trene like spesifikt med resten av gutta, seier landslagstrenar Siegfrid Mazet til NRK.
– Ole er ein detaljfrik utan like, og er ekstremt god til å analysere den jobben han skal gjere. Så legg han planen deretter, seier Tarjei Bø.
Lagkamerat Bjørndalen har fått dispensasjon av forbundet til å følge sitt eige opplegg og var nyleg to veker i Minsk. Der trente han han blant anna på å skyte i vind.
– Alltid vind her
Årsaka er dei krevande vindforholda som ventar på skiskyttarstadion i Pyeongchang i februar.
– Det er alltid vind her, seier Bjørndalen når NRK møter han i Kviterussland.
– Det blir ikkje akkurat vindstille i Sør-Korea heller?
– Det er difor vi er her i 14 dagar. Dette er arenaen som er mest lik den i Pyeongchang når det gjeld storleik, løyper og vind. Det er klin likt, seier Bjørndalen vidare, medan han set frå seg børsa inntil stativet på stadion i Minsk.
– Ikkje for innvikla
Samstundes som Bjørndalen nyleg var i Kviterussland, har resten av skiskyttarlandslaget vore i Frankrike på samling.
Landslagstrenar Siegfrid Mazet meiner resten av laget må trene annleis enn veteranen for å takle det som ventar i Pyeongchang.
– Ein dag trenar vi på å skyte i vind, og må tilpasse oss det. Og dagen etter er det vindstille, som vi også må takle, seier Mazet.
Sjølv om det var vindstille under oppholdet i franske Correncon-en-Vercors trenar også resten av landslaget på å skyte vind.
– Mi erfaring med førebuingar til meisterskap er å ikkje gjere det for innvikla. Vi veit korleis løypa ser ut, og vi veit at det kan bli vind på standplass. Men er du godt førebudd, og i god form, så går det bra, så enkelt er det, seier Tarjei Bø som er trygg på sitt eige opplegg.
– Detaljfrik
– Å analysere seg i hjel for å treffe spikeren på hovudet kan også slå feil ut. Det kan bli vind, det kan bli vindstille, det kan bli nysnø. Vi veit aldri korleis det blir, så å ha eit ope sinn, fungerer best for meg, seier Tarjei Bø vidare.
Men han trur Bjørndalens plan også vil fungere.
– Eg er sikker på at opplegget hans er ganske vanntett. Det går ikkje an å kritisere han for noko med den merittlista han har, seier Tarjei Bø.