Hopp til innhold

Bjørn Sverre (32) mot topplassering i ekstremritt: – Måtte sjekke om han levde

Trønderen Bjørn Sverre Gjevik har fått seg ein hobby utanom det vanlege. Om kort tid har han nådd Nordkapp på sykkel, frå Milano. Heime sit kjærasten og følgjer med over nett.

Bjørn Sverre Gjevik

BEINHARDT: Bjørn Sverre Gjevik frå Trondheim syklar frå Milano til Nordkapp. Det har bode på tunge stunder og tøffe tak.

Foto: Privat

– Han er noko for seg sjølv, seier kjærasten Kristin Jensen til NRK, stum av beundring.

Bjørn Sverre Gjevik frå Trondheim har alltid vore glad i å sykle, men dei siste åra har lidenskapen tatt seg opp betrakteleg.

Det same har kilometerane per tur.

I fjor fann Gjevik ut at han ville teste sykkelrittet Around Norway, ei rute på omtrent 3250 kilometer og 38000 høgdemeter. Då han kom heim etter den turen, mimrar kjærasten at han hadde mørke ringar rundt auga, og såg tydeleg medteken ut.

Men så sa han: «fy søren, dette var så rått».

Det la grunnlaget for sommarens store eventyr. Nemleg sykkelrittet North Cape 4000, som startar i Milano og sluttar i Nordkapp.

Den 23. juli gjekk startskotet.

Bjørn Sverre Gjevik

KLAR: Bjørn Sverre Gjevik på startstreken, med hundrevis av andre syklistar.

Foto: PRIVAT

I skrivande stund har han lagt bak seg over 375 mil på ti dagar, og vekslar mellom å vere nummer 10 og 15 av 200 deltakarar.

Ved førre oppdatering på sosiale media, var han komme til Oulu i Finland, og han forventar at han vil nå Nordkapp i løpet av onsdag føremiddag.

Det har ikkje gått knirkefritt, men kjærasten røper at han har nokre ess i ermet som motiverer han vidare.

NRK har vore i kontakt med Gjevik på veg mot Nordkapp. Han hadde ikkje tid til å stoppe for ein prat over telefon, men vi fekk løyve til å bruke hans private bilete frå turen.

Torevêr og busskur

Ikkje nok med at Gjevik snart har lagt ned 400 mil på sykkel, sykla han også ned til Italia frå Trondheim.

– Vi hadde allereie planlagd ferie i Italia, så då sykla han til Gardasjøen, tok ferie ei veke med oss, før vi slapp han av ved startstreken i Milano, seier Jensen.

Bjørn Sverre Gjevik og Kristin Jensen

FERIE: Bjørn Sverre Gjevik og Kristin Jensen på ferie i Venezia i sommar.

Foto: PRIVAT

Då Gjevik hadde komme seg til 14 mil sør for Berlin, måtte han søke ly i eit busskur, på grunn av eit vêrfenomen han aldri har opplevd før.

– Det går sirener, lyn, tore og styrtregn. Veit ikkje om sirenene er tornado-varsel eller kva det er, skreiv han på sin facebook-profil den 25. juli.

Den 27. juli starta han på ruta mot Stockholm i Sverige, med mål om å rekke nattferja for søvn. Det var ei rute på 740 kilometer, som han måtte sluke på 36 timar.

– Det skal gå akkurat om eg ikkje søv, skreiv han då, og låg til eit dikt:

«Sår på føtter som blør.

Sår på rumpe som blør.

Aldri hatt så vondt i knærne før.

Jeg digger det eg gjør.»

Kjærasten fortel at dette var nøye planlagd, og noko han brukar som drivkraft.

– Han var veldig oppteken av å kome langt fram i feltet frå start, og hadde planlagd ferjetidene i forkant. Det måtte han berre pent rekke, og det har han gjort, og det er skikkeleg imponerande, seier ho.

Bjørn Sverre Gjevik

MÅTE SØKJE LY: Bjørn Sverre Gjevik i busskuret i Tyskland.

Foto: PRIVAT

Øydelagd girvaier og skrubbsår

Den lange strekka til ferja gjekk ikkje knirkefritt. Gjevik er stolt over at han klarte å sykle 740 kilometer på 36 timar, og enda meir imponert over at han klarte det, til trass for eit ublidt møte med asfalten.

– Eg klarte det til trass for eit fall som eg har tatt litt, men ikkje så alvorleg skade av, skreiv han.

Gjevik rauk girvaieren på bakhjulet, og måtte sykle dei siste 310 kilometerane med to gir.

– Det blei mykje ut av setet for å stå og tråkke, skreiv han.

Bjørn Sverre Gjevik

BLODIG: Venstrebeinet til Gjevik etter fallet.

Foto: PRIVAT

Kjærasten fortel at ho ikkje blir like nervøs av å høyre om desse falla lenger.

– Det var litt skummelt i starten, men no har eg skjønt at det ikkje er uvanleg med skrubbsår på leggar, armar og bein, seier ho, som sjølv ikkje har noko spesielt kontakt med kjærasten før han kjem seg i mål.

– Eg har ikkje hatt noko kontakt anna enn å få nokre bilete på snap. Eg følgjer med på Strava og Facebook, og prøver å ikkje forstyrre. Han er i sykkelrittmodus.

Kjenner på nervar

Gjevik har alltid vore oppteken av sykkel, så lenge Jensen har kjend han. I starten kjende ho litt ekstra på nervar då han låg ut på dei lange turane sine.

– Dei første gongene følgde eg veldig godt med og var nervøs. Eg spurde mykje om det gjekk bra, og måtte sjekke om han levde, seier ho og held fram:

– No ser eg kor flink han er, og kor erfaren han er i trafikken. Han planlegg godt og forsvarleg, til ein viss grad. Så eg er ikkje så bekymra no, seier ho.

Måndag kveld var Gjevik i Oulu i Finland, og han erkjente at han hadde det beintøft.

– Det er veldig rart. Eg elskar denne kjensla. Eg har pressa kroppen så langt det er mogleg. No handlar det berre om den mentale kampen, skriv han.

Norske Viggo Vea syklar òg sykkelrittet North Cape 4000, som kryssar landa Italia, Sveits, Austerrike, Tyskland, Sverige, Finland og Noreg. Om få døgn er begge to i mål.

Les også Ultradronningens bitre oppgjør med eget forbund: – Nesten så jeg har lyst til å grine

Therese Falk

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal