– Klart vi er skuffa. Vi kunne fått med oss noko. Produserte nok til å score, men vi blir litt for lave og klarar ikkje å kome ut med det offensive spelet, sa trenar Eirik Horneland til TV 2 etter kampen.
Han er likevel nøgd med det laget hans presterte på bane og meiner det er den beste prestasjonen så langt i gruppespelet.
– Ja, utan tvil det beste vi har gjort.
Trønderklubben står no utan siger på dei 13 siste kampane ute i Europa, etter at dei tapte 1–0 i Lisboa torsdag kveld.
– Det er veldig irriterande å stå der att med null og niks. Vi fortente minst eit poeng. Det var mykje bra, men vi var for lite effektive føre mål, var konklusjonen til Anders Konradsen.
– Bittert at den går inn
Håpet om å ta seg vidare ser dermed ut til å vere knust for Rosenborg alt etter tre kampar i gruppespelet. Etter tapet i Lisboa er trønderane sist i gruppa med null poeng og det er heile seks poeng opp til Sporting på andre plass.
– Ja, det kan det fort vere. Eg har ikkje tenkt så mykje på det, seier Horneland til NRK på spørsmålet om håpet om å ta seg vidare er ute.
Heimelaget avgjorde 20 minutt før slutt. Yannick Bolasie headar ballen rett i beina på Even Hovland som kløna det til. Målvakt André Hansen blir sett ut av spel og ballen går rett i nettaket.
– Det er berre maks uflaks. Vanskeleg å gardere seg mot. Hadde eg stått nokon centimeter til venstre eller høgre, så hadde ikkje den gått i mål. Så det er bittert at den går inn, seier Hovland til NRK etter kampen.
Rosenborg ville heilt klart mest i den starten av andre omgangen. Heimelaget var passive og fekk svært lite til i første del av omgangen. Derfor smakte nok baklengsmålet ekstra surt.
Klarerte med skuldra
Heimelaget var den soleklare favoritten før dommaren bles i fløyta, men trønderane levert også ein god første omgang med fleire store sjansar.
Halvegs ut i omgangen begynte publikum å pipe på tribune og synte tydleg kva dei meinte om prestasjonane til sine eigne menn i den portugisiske hovudstaden.
Trønderane kan rett nok prise seg lykkeleg over at det ikkje blir nytta VAR i Europaligaen.
Litt over ti minutt i omgangen løftar Marcos Acuña ballen inn i feltet. Reprisen syner derimot at Hovland klarerer til hjørnespark med skuldra.
Trønderane har hatt ein tung start ute i Europa. Laget tapte 1–0 borte mot LASK og vart knust heile 4–1 på heimebane mot PSV Eindhoven.
Trass i at dette var ein av dei betre kampane ute i Europa for Eirik Horneland sine menn, så lyg ikkje statistikken. Trønderane står framleis med null poeng etter tre kampar.