Hopp til innhold

Avslører uvanlege grep frå Englands stjernetrenar: – Det kjendest litt rart

Sarina Wiegman gjer alt ho kan for å vere så nære spelarane som mogleg.

Sarina Wiegman

SIGERSBRØL: Sarina Wiegman sleppte jubelen laus etter sigeren mot Spania i kvartfinalen. No avdekkjer spelarane metodane bak suksessen.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

Ho er fantastisk. Ho er veldig roleg og får det beste ut av deg, både som kollektiv og som lag. Ho har alltid eit smil om munnen og pressar oss alltid mot å bli betre, samanfattar forsvarsspelar Millie Bright til NRK.

Sidan Sarina Wiegman tok over som landslagstrenar for England har «The Lionesses» skote fart. Ho vart tilsett for å vinne EM på heimebane, men ho hadde dårleg tid. Frå ho gjekk inn rolla som landslagssjef var det ni månader til meisterskapsstart.

Men det var ikkje taktikk, formasjonsterping og teknikktrening som stod øvst på prioriteringslista til Wiegman. Ho ville dykke ned i bakgrunnen, tankane og kjenslene til spelarane.

Millie Bright

OPNA SEG OPP: Millie Bright fortalde om både barndom og privatliv med Sarina Wiegman.

Foto: LUDVIG THUNMAN / BILDBYRÅN

Ho vil kjenne deg som person, ikkje berre som spelar. Vi blir skikkeleg kjende som lag. Det gjer at når det er tøft ute på bana, så kjem ein skikkeleg saman og spelar for kvarandre, seier Bright.

Alt handlar om å prestere på bana, men eg trur at når du kjenner spelaren betre, kjenner til bakgrunnen deira og korleis dei er, så er dei lettare å trene, seier Wiegman til NRK.

Skodespel og biffmiddag

Wiegman har alltid ønskt å vere så nære spelarane som mogleg. Som nederland-sjef gav ho alle spelarane ein artikkel med namnet «13 ting du burde gi opp for å bli suksessfull» i oppkøyringa til EM-triumfen i 2017.

I tillegg vart spelarane bedne om å uttrykkje kva suksess var for dei på ein kreativ måte. Nokon gjorde det med ein redigert film, andre med eit skodespel, skriv The Guardian.

Sarina Wiegman og Beth Mead

KLEM: Sarina Wiegman har tette band til spelarane. Her klemmer ho Beth Mead etter storsigeren mot Noreg.

Foto: DAMIEN MEYER / AFP

Sjølv gjer ho drastiske ting for å behalde det tette bandet til spelarane. Då Nederland tapte mot Noreg i VM-kvalifiseringa i 2018, bestemde Wiegman seg for å besøkje nokre av spelarane.

Ho flaug til både London og Barcelona, og leigde bil for å køyre til Montpellier. Der møtte ho Anouk Dekker. Ho viste Wiegman rundt i byen før dei åt middag saman.

Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Netherlands - Norway

BIFFMIDDAG: Anouk Dekker, her i duell med Isabell Herlovsen frå 2017, åt middag åleine med dåverande landslagssjef for Nederland, Sarina Wiegman.

Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN NORWAY

Det kjendest litt rart å ete åleine med landslagssjefen. Då ho bestilte biff, kjende eg at eg også måtte bestille biff. Då biffen kom tenkte eg: Den der var stor! Men Wiegman, endå så låg som ho er, overraska meg med å ete heile biffen, seier Dekker til den britiske avisa.

Hest og barndomshistorier

Dei utradisjonelle grepa til Wiegman har også fungert som engelsk landslagssjef. Ho er framleis utan tap med det engelske landslaget, og slo ut EMs favoritt Spania i kvartfinalen.

Banens beste i den kvartfinalen var Bright, som fortel om dei djupe samtalane med landslagssjefen.

– Eg fortalde barndomshistorier og om kjærleiken for hestesport. I tillegg litt om livet utanfor bana.

Football, UEFA Women's Champions League, Chelsea, Training

CHELSEA: Millie Bright valde bort hest og dressur når Chelsea ville signere ho.

Foto: MICHAEL ERICHSEN / BILDBYRÅN

For det var hestesport Bright satsa på i ung alder. Foreldra eigde fleire hestar i utkanten av Sheffield der ho vaks opp. Spesielt dressur var Bright interessert i, noko ho har skrive om for BBC. Men valet fall på fotball då Chelsea ville hente ho som 20-åring. Fram til då hadde ho berre spelt semiprofesjonelt.

Dette er ein av dei mange historiene Wiegman har fått høyre frå spelargruppa.

Å bli kjent med dei fort utanfor bana kan vere vanskeleg. Vi er på bana saman heile tida. Frå september til no, så ser du dei spele heile tida. Vi prøver berre å møtast og snakke om fotball, for fotball fører folk saman, seier Wiegman og legg til:

I tillegg er det lettare for spelarane å vere saman, og når du trivst i selskapet til kvarandre, trur eg det er lettare å prestere på bana og.

Siste nytt

  • Tittelforsvareren ute av NHL-sluttspillet

    Dallas Stars slo kraftfullt tilbake i sluttspillserien mot regjerende NHL-mester Vegas Golden Knights og avgjorde i sjuende kamp.

    Det skjedde i en dramatisk kamp der Radek Faksa scoret vinnermålet tidlig i tredje periode. Stars hadde startet best av sju-serien elendig med to strake hjemmetap, men vant fire av de fem siste kampene.

    For Vegas-spillerne er det nå bare å forberede seg til neste sesong. I kvartfinalen skal Dallas opp mot Colorado Avalanche, som slo ut Winnipeg Jets i løpet av fem kamper.

    I Eastern Conference ser New York Rangers fortsatt ut som en klar tittelkandidat. Den svenske stjernen Mika Zibanejad scoret to ganger og noterte én assist da laget åpnet kvartfinalen med 4-3-seier over Carolina Hurricanes søndag. (NTB)

    Golden Knights Stars Hockey
    Foto: Brandon Wade / AP
  • Sjokkseier for Norris – slo Verstappen i Miami

    Lando Norris tok sin første Grand Prix-seier i Formel 1 da han vant søndagens løp i Miami foran verdensmester Max Verstappen.

    – Jeg elsker dere alle, jeg elsker dere, utbrøt en ekstatisk Lando Norris på lagradioen, sendt på Viaplay.

    Den 24-årige britiske McLaren-føreren hadde en rask bil og leverte ypperlig kjøring. Han hadde også hellet på sin side da Logan Sargeant forsvant ut av løpet og han fikk et gratis depotbesøk mens sikkerhetsbilen var ute.

    For på 29. runde krasjet Kevin Magnussen med den amerikanske hjemmefavoritten Logan Sargeant, som forsvant ut av løpet, og sikkerhetsbilen måtte ut. Det gagnet Norris, som etter å ha hatt femte startspor var i ledelse og kjørte meget raske rundetider.

    Han avverget Verstappens forsøk på å passere rett etter omstarten, og så kjørte Norris fra VM-lederen.

    Norris vant klart foran Red Bull-fører Verstappen, med Ferrari-duoen Charles Leclerc og Carlos Sainz på de neste plassene.

    8XyRO3I6Vyo
    Foto: AFP
  • Fire Reiten-mål (!) da Chelsea knuste Bristol City 8-0

    Guro Reiten scoret fire ganger og la opp til to mål da Chelsea knuste Bristol City 8-0 i siste hjemmekamp under manager Emma Hayes.

    Med sitt målshow sendte hun Chelsea inn i gullkampen igjen for fullt. Laget er tre poeng bak serieleder Manchester City med en kamp mindre spilt, og nå med bedre målforskjell.

    (NTB)

    Britain Soccer Women's Super League
    Foto: Adam Davy / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal