Ragnhild Mowinckel enda på 7.-plass, Kristin Lysdahl på plassen bak.
Dessutan blei Nina Haver-Løseth nummer 22 og Kristine Gjelsten Haugen 23.
– Det er utruleg flott å sjå Kristin Lysdahl slå gjennom i verdseliten. Sjølv med den store feilen ho hadde i andre omgang, er ho nummer åtte, seier NRKs ekspert Marius Arnesen.
Ikkje sidan 1993 har fire norske jenter vore i finaleomgangen. Det kunne vore fem, men Mina Fürst Holtmann blei nummer 31 i første omgang, 13 små hundredeler frå ein plass i finalen.
– Dette var moro. Eg er fornøgd, og det ver første rennet denne sesongen. Det har gått bra på trening, men ein veit ikkje korleis det går før ein har køyrt. Eg hadde ikkje venta dette, sa Lysdahl til NRK.
– Det var litt for forsiktig første omgang. I andre omgang let eg ting gå, med ei "det får bli som det blir"-haldning. Då gjekk det mykje betre. Eg er veldig fornøgd, sa Mowinckel. – Vi er eit sterkt lag som pushar kvarandre, og der alle vil at alle skal gjere det betre, la ho til.
25-åringen er veteranen på det norske laget.
– Eg merkar at det hjelper å ha litt rutine. Det er lettare å få ting litt på avstand då, sa ho til NRK etter rennet. – Og det er så kult når det kjem nye jenter inn som gjer det slik som Kristin, legg Mowinckel til.
Sigeren gjekk til tyske Viktoria Rebensburg, som slo Tessa Worley med 14 hundredeler.
Manuela Mölgg leia etter første omgang. Men med berre 17. beste tid i finaleomgangen fall ho til tredjeplass.