– Eg har mine demonar i denne bakken. Dei må eg prøve å kome meg over i andre omgang, dersom eg får vere med der, seier Nina Haver-Løseth til NRK.
Løseth fekk ikkje opp farten i første omgang, og ligg heile 1,75 sekund bak leiande Manuela Mölgg. Det er eit godt stykke nede på resultatlista.
– Det kjendest ikkje bra ut. I bakken tenkte eg at dette slett ikkje går fort. Så prøvde eg å sleppe på utover flata. Men det gjekk ikkje, og eg må vel berre sjå på historikken min i denne bakken, seier ho.
Historikken omfattar altså demonane. Hennar demon er å stå på start og vere nervøs «på ein annan måte».
– Eg har litt problem med å kjenne beina mine. Når eg kjem ned i bratta, ser ein veldig tydeleg at eg stivnar. Eg torer ikkje å røre meg. Så eg har veldg mykje å gå på i den bakken her, seier Løseth.
Ho har ingenting å tape i andre omgang.
– Kjem eg dit, må eg berre gi alt, tore å berre gi litt meir blaffen.
Knallomgang av Lysdahl
Kristin Lysdahl er overraskande best av dei norske på åttandeplass. Med ein god omgang kom ho inn berre 85 hundredeler bak Mölgg i sin aller første start i Sölden.
– Dette var moro. Eg likar meg best i dei flate partia, og der fekk eg det tilk i dag, strålte Sölden-debutanten.
Ragnhild Mowinckel er nest best av dei norske på niandeplass, 1,04 bak leiaren. Det var ho ikkje heilt nøgd med.
– Det blir litt for runde svingar og ubestemt på toppen, men løpet er i grunnen heilt greit, spesielt på flata lengst nede. I andre omgang må eg lite meir på meg sjølv, seier Mowinckel til NRK.
Video: Sjå Kristin Lysdahls omgang
Video: Mowinckels førsteomgang