– No har eg fått to kampar frå start for Norge. Det er eg godt nøgd med og eg gler meg til fortsetjinga, seier yngstebror-Berisha til NRK etter kampen mot Belgia.
– Og den blir i Norge?
– Eg trur det, svarar Berisha med eit smil.
Sidan Kosovo vart tatt opp som fullverdig medlem av både UEFA og FIFA i starten av mai, har spelarar med kosovoalbansk bakgrunn fått sjansen til å bytte landslag, sjølv om dei har spelt for andre landslag tidlegare.
- Les også:
Banka ballen i krysset
Kampen mot Belgia var yngstebror Vetons andre frå start med det norske flagget på brystet. Han svarte på tilliten med å banka ballen i krysset frå 16-meter i andre omgang. Scoringa sende Norge i leiinga 2–1.
– Det var eit fint mål og eg fekk fantastisk treff. Forsvarsspelarane berre rygga, og då var det berre å prøve, seier Veton om scoringa.
Det var ein stolt storebror som møtte NRK i pressesona etter kampen.
– Det gjer meg stolt. Han har jobba hardt og fortent dette, seier storebror Valon.
Han er litt meir tilbakehalden enn veslebroren på spørsmålet om dei vel Norge eller Kosovo.
– Vi har begge jobba hardt for å spela oss til fast plass på landslaget, men avgjerda om kva land vi speler for tar vi saman. Det har eg ingen kommentar til, seier Valon.
– Men Veton seier det blir Norge?
– Ja, då gjer vi det då, seier Valon og ler.
Begge eller ingen
Berisha-brørne har tidlegare sagt at dei ikkje har bestemt seg for om dei vil bytta landslag, men at dei vil ta avgjerda saman.
Landslagssjef Per-Mathias Høgmo vil ikkje love speletid til brørne for å få det til å velja Norge.
Ein som alt har bestemt seg for å ikkje spele for Norge, er Manchester City-spelar Bersant Celina. Han spelte sin første offisielle landskamp for Kosovo fredag, men vart utvist for ei dytting.