Hopp til innhold

Sportsdirektøren: – Eit av dei største talenta i europeisk fotball

Red Bull Salzburg har signert den 18 år gamle Molde-spissen Erling Braut Haaland.

Eliteserien fotball 2018, Molde - Brann.

STORTALENT MED SUKSESS I MOLDE: Erling Braut Haaland har tatt eliteserien med storm. Ikkje minst imponerte han med fire mål på 20 minutt mot Brann.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Han er eit av dei største talenta i europeisk fotball. At han går til oss trass i tilbod frå ei rekkje andre store klubbar er vi stolte av, seier sportsdirektør Christoph Freund til klubbens heimeside.

Både Red Bull Salzburg og Molde FK bekrefta laurdag ettermiddag at 18 år gamle Erling Braut Haaland er selt til den austerrikske toppklubben. Men han skal først fullføre sesongen i Molde før han offisielt er Salzburg-spelar 1. januar.

– Det betyr mykje for klubben, guten sjølv og laget at han spelar hos oss ut sesongen. Han gjer ein god jobb for oss og vi får sjå han mykje utover hausten, seier Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær i ei pressemelding.

Erling Braut Haaland står med ni mål på 16 eliteseriekampar i år og har vore sterkt linka til Red Bull Salzburg gjennom sommaren.

UEFA Europa League 2018/2019 tredje kvalifiseringsrunde, Molde - Hibernian.

BLIR UT SESONGEN: Ole Gunnar Solskjær får nytte seg av Erling Braut Haaland når Molde skal kjempe om edelt metall i eliteserien og ein plass i gruppespelet i Europaligaen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Taus om økonomien

Ifølgje administrerande direktør i Molde FK, Øystein Neerland, har klubben kome fram til ein avtale med Red Bull Salzburg som dei er godt nøgde med.

Men Neerland vil ikkje røpe kor mykje pengar romsdalingane tener på overgangen.

– Eg kan seie at Erling spelar hos oss ut sesongen. Men eg kan ikkje seie noko om økonomi eller innhaldet i kontrakten, seier direktøren til NRK.

Øystein Neerland

NØGD MED AVTALEN: Molde-direktør Øystein Neerland.

Foto: Gunnar Sandvik

– Kva betyr det for Molde at Haaland spelar hos dykk ut sesongen?

– Han har jo etter kvart blitt ein viktig spelar. Erling har jo nokre ekstreme ferdigheiter og har vist seg å vere ein målscorar. No har han hatt ei viktig rolle i laget og vi synest det er ein god avtale at han skal spele her ut året. Vi har viktige kampar som kjem, varslar Neerland.

Vil få tid på seg

Molde skal spele playoff i Europaligaen mot russiske Zenit seinare i august.

I serien ligg Molde fem poeng bak Brann på topp.

Alf Inge Håland

FOTBALLFAMILIE: Pappa Alf Inge Håland var landslagsspelar og proff i klubbar som Leeds og Manchester City.

Foto: NRK

Erling Braut Haaland er son til tidlegare landslagsspelar Alf Inge. 2000-modellen kom til Molde før sist sesong og fekk allereie då mange sjansar.

I år har han fått det store gjennombrotet. I tillegg til ni seriemål har Haaland scora tre mål på tre kampar i Europaligaen.

– Haaland har allereie eit godt namn i Europa. Men han er berre 18 år og vil få tid på seg til å utvikle seg vidare, seier Salzburg-direktør Christoph Freund.

I ein video på Molde si heimeside legg også Haaland sjølv vekt på at han har kome til ein klubb med ein god plan for korleis han skal kome seg opp og fram.

– Dei hadde jo veldig lyst på meg. Magekjensla mi har vore god heilt sidan eg fekk vite om interessa frå Salzburg, seier 18-åringen.

Siste nytt

  • Curling-VM: Norsk storseier over Tyrkia

    De norske curlingkvinnene slo knallhardt tilbake etter to strake tap og knuste Tyrkia 11-5 i curling-VM i Canada.

    Skip Marianne Rørvik fronter det norske VM-laget sammen med Kristin Skaslien, Mille Haslev Nordbye og Martine Rønning.

    Etter fem VM-kamper står de med to seiere og tre tap. Det gjør at Norge ligger på en delt 6.-plass. Sveits topper tabellen med fem av fem seire.

    Senere tirsdag venter det nok en kamp mot storfavoritt Sveits.

    Curling VM Norge
    Foto: Darren Calabrese / AP
  • Fire argentinske fotballspillere arrestert for voldtekt

    Fire profesjonelle fotballspillere i Argentina ble mandag pågrepet for å ha voldtatt en kvinnelig sportsjournalist på et hotellrom tidligere denne måneden. Den 24-år gamle kvinnen sier hun ble med på et hotellrom med en av dem, sovnet, og ble voldtatt, melder AFP.

    Toppklubben Velez Sarsfield har suspendert de fire og satt i gang en intern etterforskning.

  • Tidligere Brann-profil dropper skjebnekamper – nå beklager han til lagkameratene

    Tidligere Brann-spiller Robert Taylor skapte irritasjon da han takket nei til å spille for Finland i torsdagens EM-skjebnekamp mot Wales. Nå forklarer han seg.

    Taylor, som også har en fortid i Tromsø, spiller til daglig sammen med superstjernen Lionel Messi i Inter Miami.

    Kampen mot Wales er semifinale i omspillet i nasjonsligaen.

    – Jeg har stor tro på at Finland i disse svært viktige kampene trenger spillere som er hundre prosent i form, slik at vi forhåpentligvis kan sikre oss en plass i EM. Det hadde vært egoistisk av meg å ta denne muligheten fra en annen spiller, skriver Taylor på Instagram.

    – Fordi dette var en svært vanskelig avgjørelse å ta, tok det lengre tid enn forventet å komme fram til denne løsningen. Jeg vet at det har satt laget i en utfordrende situasjon, så jeg vil be om unnskyldning til lagkameratene og trenerne mine, legger han til. (NTB)

    Taylor
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal